Mot ømme muskler og plagsomme mygg🙏

Mot ømme muskler og plagsomme mygg🙏

I helga var Panterbalsam eit av dei mest brukte orda! 😅 «kor er Panterbalsamen, eg må ha Panterbalsam, har du tatt Panterbalsamen min?» 😂

Eg var på symjestevne i Sandnes med tre sterke ungdommer som ikkje får nok Panterbalsam på sine slitne muskler etter knallharde konkurranser. Som symjetrener er det ikkje nok å lage gode opplegg, eg må og sørge for å ha den høgt elska Panterbalsam klar i lommer og sekkar og overalt i bilen 😂

Symjing er ein utruleg hard idrett med mykje trening og konkurranser. Det blir det ømme musklar, stive skuldre og rygger av, og ingenting er då betre enn Panterbalsam 🐝🌼

Ylva og Paula har no begynt å «mase» om at Panterbalsambør kome i 100 ml krukker 😅 Eller aller helst 100 liters tønner sånn at dei berre kan senke seg ned i eit «badekar» av Panterbalsam 😂😂 Men, kanskje ikkje så dumt med den ideen om 100 ml…hmm…🤔 Det skal eg jammen vurdere..

Ømme og stive muskler er berre eit par av mange bruksområder for Panterbalsam! Eukalyptus, kamfer, rosmarin og peppermynte gir ein utruleg frisk og god duft, men desse oljene har ein drøss med gode eigenskaper også. Dei kan auke blodsirkulasjonen og dermed lindre og redusere smerter av ulike slag, blant anna i ledd, ved hodepine, ved voksesmerter hjå barn, og mykje meir som me i 19 år har fått meldinger om. Ved forkjøling, tett nase, bihuleplager, slim i brystet og halsvondt kan Panterbalsam også hjelpe for mange. Den er konstant fast på nattbordet mitt, og eg er rask med å smøre under og inni nasen ved tett nase, og dermed slepp me som oftast nasespray.

Eukalyptus og rosmarin har forresten vist seg å redusere stresshormon i kroppen også! Her går det ofte i litt vel høgt tempo og eg summer rundt og prøver å vere Dronningbia på garden 🐝😅 og då kjenner eg at det kan bli «litt» stress i blant 😂 Redningen: Panterbalsam i panne og nakke, puster djupt og lar dei fantastiske plantene få påvirke meg. Deilig!

På tur er ALLTID Panterbalsam med! Lange nedoverbakker gjer ikkje så vondt i knærne om dei er innsmurt med supersalven!

Lista er lang!

Panterbalsam kan og virke effektivt kløelindrende, på smerter ved senebetennelser, lindring på nervesmerter, revmatiske smerter, betennelsar, krampar, mens-smerter og åreknuter. Og så er jo desse gode oljene saman med bivoks supre ved tørr hud. Ganske spennande med mangfaldet av tilbakemeldingar i nesten 20 år altså! 😁

🦟Mot knott, mygg og flått!

Ja, eg kan takke gode kundar for denne oppdaginga! Multibrukssalven Panterbalsam, har vist seg skremmande for småkrypene! 🦟 🐜 Dei likar ikkje dei sterke duftene rett og slett! Og heilt konkret: eukalyptus oljen for eksempel, inneheld ein komponent som heiter eucalyptol som har vist seg i studier å vere fråstøtande for mygg og andre bitande insekt 👍

Kvar sommar kjem det veldig mange tilbakemeldinger på dette, frå folk som endeleg nyter kveldsstunda på verandaen, eller koser seg med solnedgang på svaberget. 👍 Eg håpar den vil funke for deg og!!

Helsing Vossabia 🐝💛