Gjer graviditet og babytid endå betre med urter og med Vossabia! 👩‍🍼💚

Gjer graviditet og babytid endå betre med urter og med Vossabia! 👩‍🍼💚

Mange er heldigvis oppteken av å bruke naturlege produkt og få meir urter inn i livet når ein blir gravid og får barn. Det er fantastisk bra, og gjer meg så glad! 😁 Men, det er mange som er usikre, og me får enormt mange spørsmål knytt til produkta våre og urter, bivoks og honning generelt, i forhold til både graviditet og barseltid, for mor og barn 👶🏼 I dag vil eg fokusere mest på ein del spørsmål som stadig dukker opp, og så kome med nokre små velvere- og urtetips for den gravide til slutt 🌿

Det er så mykje spennande å fortelle om urter og graviditet, så det kjem ein liten serie med innlegg om dette. Så berre gled deg til fleire tips ang gode urter i svangerskap, planter ved utfordringer i graviditet og kva eteriske oljer som er gode og kvifor for mor og barn. Men i dag altså: spørsmål og svar på det me ser mange lurar på. 🐝🌻🌿

Graviditet er ei heilag tid (sjølv om det kan vere pyton og). Det er ei unik tid, ein transformasjon, og ein moglegheit for glede og feiring av det nye livet som mor ber fram ❤️ Urter og urtemedisin har i alle kulturar, i tusenvis av år, heilt opp til i vår tid, vore eit naturleg val for å støtte både kvinne og barn. Slik var det og for meg, og for mange av dykk.

🙋‍♀️ Eg brenn for kvinne- og barnehelse, og vil gjerne dele kunnskap og erfaringar med gode urter og sjølvsagt produkt eg utvikla i desse periodane som har hjelpt meg masse på alt frå svangerskapsutfordringar, til fødselførebuing, under fødsel, førebygga å rivne, til kløe, kramper før og etter fødsel, hårtap etter fødsel, til pleie av sart og sensitiv babyhud og baby med kolikk, tett nase, tørr hud og så mykje meir. Her på garden har jo både ungane og eg hatt urter med i livet dagleg 🌱, til støtte og glede, pleie og velvere. Ungane er jo praktisk talt vokst opp med dette i livet kvar dag.

 

🐝

 

🤔 Er Vossabias produkt trygge å bruke under graviditet?
Ja 🙌 Me brukar urter som er trygge og gode, og dei eteriske oljane er uttynna i vanlegvis 1%-forhold i salvane, og urtene er trygge under graviditet, med eitt unntak som ein kan vere forsiktig med: Eg ville unngått Panterbalsam på mageområdet og store områder under graviditet då det er eukalyptus i den som man skal vere forsiktig med. Det er kun 0,5 % eukalyptus, så den er godt uttynna, men det er best å vere føre var. Det er ikkje problem å smøre små områder der det er vondt, verk, kløe, tett nase, mot mygg osv 👌

 

🤔 Kva produkt anbefalast til å smøre mageområdet og brystene for å holde huden mjuk og førebygge strekkmerker?
Ringblomstsalve og Kamillebalsam har me lang erfaring med som gode til å mjuke opp huden og førebygge strekkmerker på både pupper og mage, men me garanterer ikkje at du ikkje får i heile tatt altså 😉 Eg ville også spist god kost, drukke mykje vatn, tatt omega-3 olje blant anna. Kroppsbalsam med ville urter har også gode og trygge urter for gravide, og er meget mjukgjerande. Desse vil både gje velvere og ikkje minst bidra til smidigare hud.

 

🤔 Kva produkt kan brukast i underlivet mot kløe, soppinfeksjon og for å klargjere huden der til fødsel?
Kamillebalsam! Som soppdrepande, kløedempande, bakteriedrepande og beroligande plante er kamille genial, og i denne nydelege Kamillebalsamen er det masse kamille, trygg og mild, og super til å smøre underlivet med gjennom heile svangerskapet for å klargjere huden til fødsel 🤰 Bruk gjerne Ringblomstsalve i underlivet også. Sensuell går også fint, og den er også nydeleg til å oppretthalde sensualitet gjennom svangerskapet og tida etter når ein er klar for det igjen 🥰

 

🤔 Kva produkt kan brukast på såre brystvorter, og er det farleg for babyen å amme etter mor har smurt brystene?
Ringblomstsalve med 1% lavendel, trygg og god under graviditet (og også for nyfødde), er meget sårhelande, vevsbyggande og betennelseshemmande, og heilt uunnværleg på såre brystvorter! Den er verkeleg familiens husapotek 🏥 med alle sine gode eigenskapar, og det er ikkje farleg for babyen å amme og sutte på puppen som er blitt smurt med ringblomstsalve.
 

 

🤔 Kva produkt er gode og trygge ved hemorroider som kan kome under graviditet og etter?
Ringblomstsalve er god mot hemorroider! Den ville eg brukt i svangerskapet, og dersom det oppstår etter fødsel ville eg brukt både Ringblomstsalve og Panterbalsam. Sistnevnte har me fått mange tilbakemeldingar på knytt til rask effekt ved hemorroider også 🙌

 

🤔 Kva er best for å førebygge sår og vondt i stumpen i bleietida?
I 2007 utvikla eg babysalve til Ylva, for ho vart så fort raud og sår av ammoniakken i urinen. Men med denne trygge og effektive Babysalven med bivoks, lanolin, økologiske planteoljer og lavendel så forsvinn sår stump kjapt! 💚 Og me anbefaler å bruke den etter kvart bleieskift for å unngå problemet i heile tatt, så lille skjønningen skal sleppe sårt og vondt under bleia.

 

 

🤔 Kan Panterbalsam brukast av gravide og nyfødde?
Som nevnt vil eg her be om forsiktighet på grunn av eukalyptusoljen. Med kun 0,5 % i salve uttynna med bivoks og økologisk solsikke- og tistelolje så skal man likevel ha respekt for sterke eteriske oljer. Eg har brukt Panterbalsam under tett nase frå 3-4 mnd alder, forsiktig. Dersom du ammer ville eg så lenge som mulig bruke morsmelk til å løsne tett nase: sprut morsmelk opp i nasen til babyen så skal du sjå! ⚠️ Så bruk med stor forsiktighet på dei minste barna, og ikkje i større skala før 2 år.

 

🤔 Kva er trygt å bruke mot eksem og tørr hud på baby?
Igjen Ringblomstsalve og Kamillebalsam! Desse har lindra og hjelpt så enormt mange dei siste 20 åra! Det er lavendel i Ringblomstsalven, og desse tre urtene: ringblomst, kamille og lavendel er heilt trygge for babyer (men sjølvsagt sjekke på lite område først, for alle kan reagere på naturlege, milde og trygge urter også). Bruk gjerne også Babysalven på tørr hud, og Kuldekrem i kaldt vær. Desse to beskytter og pleier også meget godt, tek vare på hudens naturlege fukt og beskytter mot ytre påverknader.

 

🤔 Er såpene til Vossabia trygge for babyer?
🙅‍♀️ Eg ville ikkje brukt nokon såper i heile tatt på babyer. Vår sjampo er mild med supre urter som er trygge og gode for babyer og små barn, men det er ikkje vits å bruke såpe på så små barn. Eg trur Jonatan vart i alle fall 3 år før han fekk prøve mammas gode Sjampo med ville urter. 👉 Eg hiver heller oppi litt jojobaolje eller annan god økologisk kaldpressa  planteolje i badevatnet, og i alle fall anbefaler å ikkje bruke babyprodukt med parafin og andre petroleumråstoff! ❌ Sjå blogginnlegg her om dette her.
 

 

🤔 Er det heilt trygt å bruke Vossabiaprodukta i ansikt og rundt munnen på baby før fylte 1 år i forhold til bivoks og spedbarnsbotulisme?
Ja, det er heilt trygt 💚 Spedbarnsbotulismebakterien kan forekome i jord og dermed skal ein ikkje gje honning til spebarn under 12 mnd (ingen fare etter 1 år), og dette er ein føre var-regel i tilfelle ein birøktar har satt honningtavlene rett på bakken og fått kontakt med jord. Men, 🐝 bivoksen me brukar, både eigenprodusert og innkjøpt, er oppvarma fleire gonger (bivoks tåler mykje varme og blir ikkje skada av det), og dermed er det ingen fare. Mange barn får tørr hud og eksem rundt munnen på grunn av mykje sikling og renning, og då er RingblomstsalveKamillebalsam og Babysalve supre for å lindre og fjerne plagene.

 

🤔 Huden kan endra seg i svangerskapet, og kviser og urein hud dukker opp. Nokon får og meir eksem, kløe og pigmenteringer. Har Vossabia noko for dette?
Ja, dei supertrygge plantane ringblomst, kamille, nesle og rose er fine å bruke i svangerskapet OG dei har god effekt på ulike nevnte hudproblem. Ringblomstsalve og Tindved og Nesle mot kviser og ureinheter, og Rose- og rødkløverskrubb i tillegg eit par tre gonger i veka. Kamillebalsam mot kløe, og Augebalsam mot pigmenteringer og slitne trøtte auge. Og så er også løvetann, nesle og bjørkeblad ein fin kombinasjon som styrker og renser og er mild mot leveren, så når våren kjem så ut og plukke og lag deg urtete som også kan vere god for huden ☕️

 

 

🤔 Mange mister ein del hår etter fødsel. Har Vossabia noko som er trygt og effektivt for gravide og etter fødsel?
Ja, både nesle og rosmarin er planter som er kjent for sine gode eigenskapar knytt til hårvekst og minsking av hårtap, same med kjerringrokk og rosenrot. Vossabias sjampo og hårserum inneheld desse superurtene, og dei er kjempefine også for gravide og ingen problem for babyer å kome i kontakt med desse 😉

 

urtetips


👉 Massasje for den gravide med urtesalve og eteriske oljeblandinger:
Massasje i graviditeten kan vere nydeleg for å lette på ryggsmerter, søvnproblem og så er det ein fin måte for mammaen å kople seg til eigen kropp og barnet i magen 🤰 I mange tradisjonelle kulturer ville ei gravid kvinne få massasje som ein sentral del av svangerskapsomsorgen, ofte utført av jordmora. Men massasje kan ein partner eller ven, eller terapeut også gjere, og då er det fint å bruke trygge og gode eteriske oljer som passar gravide 🌱💚

⚠️ Det som er viktig når ein masserer gravide er å unngå magen og nedre rygg i fyrste trimester og unngå kraftig stimulering av hælene, nedre bein og trapesmuskelen i tredje trimester då det kan utløse samantrekninger.
(ref. Carole Guyett : The Herbalist's Guide to Pregnancy, Childbirth and Beyond: Herbal Therapeutics for the Childbearing Year, 2022, Aeon Books.)

👉 Eteriske oljer til massasje for gravide:
Bland maks 1% eterisk olje i ein god baseolje som for eksempel økologisk jojobaolje, bland gjerne fleire, men ikkje overstig 1%. Forslag til trygge oljer: rose de mai, rose de otto, ylang ylang, kamille, lavendel, geranium og bergamot.
Kroppsbalsam med ville urter som rødkløver og ryllik er også fin å bruke til massasje.

 

🐝

 

Nyt tida, og så kjem det fleire urtetips for velvere og helse for gravide om ikkje lenge 💚

 
Varm helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia