Eg skriv om eksen min! Ja, eg hyller han faktisk!

Eg skriv om eksen min! Ja, eg hyller han faktisk!

Erik, faren til Ylva og Emil, fortener nemleg å bli hylla. Hadde det ikkje vore for han hadde eg kanskje ikkje blitt frisk når eg var kjempesjuk i starten av tjueåra. Hadde det ikkje vore for han hadde eg ikkje lært så mykje om heilskapleg helse og medisin. Hadde det ikkje vore for han hadde det nok ikkje vore noko Vossabia og bier og blomar på denne dama! 🐝💚 Og hadde det ikkje vore for Vossabia hadde det vore meir sår og floker i livet til Erik! Meir om det litt nedi her.

Erik Barman er for mange i landet kjent som tannlege Barman, for han får pasienter frå det ganske land sidan han kan så mykje og er så knallgod tannlege som ser heile pasienten 👨‍⚕️ Det er utruleg alt han har hjelpt folk med! Men for oss er han pappa Erik. Til og med for Jonatan er han det. Jonatan har sin supergode pappa Olav, og så sidan Emil og Ylva kallar Erik pappa, så har det blitt pappa Erik for oss alle. Det er faktisk veldig koseleg. Og så er pappa Erik nemleg ein skikkeleg tullekopp, som elskar å tøyse og finne på sprell som ein 4,5-åring diggar. Det er alltid noko rart og løye og morsomt Erik har å fortelle eller som han finn på.

Tannlege Barman har aldri klart å vere berre ein vanleg tannlege. Han er ein pioner, med stor P faktisk 👨‍🏫 Han har sånn ca 1001 videre- og etterutdanninger innan heilskapleg helse og komplementær medisin, sånn at han kan hjelpe pasienter betre. Og det har han gjort i 45 år no. Snorkeproblem, søvnmedisin, smerter, kjeveproblematikk, funksjonell og nærast usynleg regulering, fargeterapi, kost og tannhelse, tankefeltsterapi, kinesiologi, øreakupunktur, ja laaaang liste 📃 Har du forresten tannlegeskrekk fikser tannlege Barman det kjapt. Er det ikkje fantastisk? 🤩 Ein tannlege som kan så ekstremt mykje meir om heile kroppen, samanhengar og som verkeleg ser deg som pasient?

Ja, det er mange som hyller denne tannlegen her, og endeleg vart han no nettopp intervjua i ein spennande 🎧 podkast der han fekk formidle det han brenn for. Kanskje nokon høyrde den interessante episoden til Leger om Livet der han forklarer mange viktige samanhenger mellom det som skjer i tenner, kjeve og livet som skjer, med resten av kroppen: Barn og kjeveutvikling, nasepusting vs munnpusting, stress og tannhelse og mykje meir! Anbefaler på det sterkaste å høyre, sjekk her.
   
   
🤔 Men, korleis har det seg at Erik er så essensiell for eksistensen av Vossabia? Jo, for det fyrste blei eg så fascinert av all hans kunnskap, bredde og heilskapstenking innan helse når eg arbeida på klinikken hans ved sida av studiene. Så, på legeromanaktig vis vart me eit par, og vår då felles interesse for holistisk helse fekk brenne vidare. Dette vart heilt grunnleggande for starten på mitt engasjement og min svolt på kunnskap på holistisk helsetenking 🌱 Han tok kurs på kurs, rundt om i verda, eg var med som ung dame i starten av 20-åra, og fekk lange og fyldige referat frå alt og sugde til meg kunnskapen. Så flytta me til denne familiegarden med den rike blømande floraen, og så kom han ein dag med biene til gards! Ja, for sånn starta det: med engasjement, entusiasme og kunnskap og heilheit og helse, om bier, blomar, økologisk samspel og naturens mangfaldige verdi 🐝🌸💚 Og to litt ville typar som ikkje er redd for å hive seg uti ting eller å jobbe masse.
 
Erik elska å flytte til Voss frå Bergen, frå byen til landet, og det vart raskt rasehøns, vaktlar, rasekaniner, handymann som bygga romslege heimar for fuglar og dyr. Kjekt det, tenkte eg. Men, så kom han altså med biene 🐝💛 Då vart me begge gira. Det vart kurs på kurs på kurs, og me stelte bier, hausta honning, slynga, laga flotte etikettar og hadde mange spennande honningtypar med på marknadar når me begynte for ca 23- 24 år sidan 🍯 Bringebærhonning, lynghonning, sommarhonning, honning med rosenrot, honning med whisky. Erik vart meir og meir birøktaren, medan eg tok mest tak i slynging, produktutvikling og salg 🧑‍🌾👩‍💻
👆 Her har Erik ein enorm bisverm foran seg, det ser nesten ut som ei trestamme. Ingen problem for ein god birøktar!
 
Ein grunn til at Erik tok seg mest av birøkten var fordi det viste seg at eg var hyperallergisk for bistikk... 😣 Det var visst livsfarleg for meg. Ikkje heilt beste kombinasjonen når eg starta bedrift med birøkt som grunnlag... 😰 Så Erik tok seg av mesteparten i bikubane i mange år, men etter me vart skilt og han flytta eit par kilometer unna, så måtte eg sjølvsagt ta meg av det aleine. Og det har vore spennande og lærerikt, men det har også blitt nokre turar til legevakten med ambulanse 🚑 Så etter nokre år med nesten klippekort på ambulansen så spurte eg Erik om han ville gjere birøktjobben for meg. Og det ville han, og det gjer han framleis! Tenk det! Han hadde faktisk sakna det. Men, steike meg, det tek mykje tid, så eg er ekstremt takksam og ser veldig godt kor stor verdi det er i det han gjer! 🙌 På grunn av han kan me framleis ha bier!
dandelion flower with bee
🤓📚 Erik er alltid oppdatert på siste kunnskap om birøkt, om funksjonell og komplementær medisin, om odontologi og alt med tenner og helse, og han er i tillegg ein morsom og sporty type som går toppturar, plukker masse sopp, svømmer og tar badstu, padler kajakk, går på treningssenter og sykler til jobb. Og sjølvsagt alltid med Vossabia på hud og i hår! 😉
 
Erik sine favorittprodukt er Kamillebalsam som han bruker på både seg og pasienter. Han elsker å smøre eit lite lag herleg grøn Kamillebalsam i ansiktet FØR han barberer seg! Det har gjort underverk med huden, og det blei slutt på sårhet i huden etter barbering. 🌼 Kamillebalsam får og pasienter med sopp og bakterieproblem i munnen, for der er kamilleplanten supergod.
👱 Flokene i det litt viltre håret til tannlege Barman har også blitt temma og lettgredde. Sjølvsagt med Vossabias ville urtesjampo. Han er også fast brukar av sunn Vossabia-deo, og eg synes eg såg det var Skog han henta seg her for nokre dagar sidan .Det passar godt til han, for han er ein skogens mann! 🌲🥾⛷️ Men, fjellet lokkar og stadig vekk, både til fots og på ski. Erik finn sine eigne stiar til toppane, alltid noko nytt å utforske, men eit fast innslag er Panterbalsam og Kuldekrem. Då har han det han treng til musklar og kinn som får køyrt seg i farten! 💪
Ja, dette er ein mann som fortener ein hyllest. Han har redda meg når eg var sjuk, han har auka og stimulert kunnskapshungeren min, han har fått bier til gards, latt meg leike med utvikling av mange bi-produkt som vart til naturen på huden med Vossabia, han har gitt meg to ufatteleg bra barn, som har farta rundt med mamsen sin sidan dei var bittesmå, og han er framleis min gode birøktar, samtalepartnar og ven 🥰
Mykje godt kom ut av vårt samliv, men ingenting slår desse to!
Mykje godt kom ut av vårt samliv, men ingenting slår desse to! 💕 For nokre barn me fekk! 
 
🌱🌸 Med ynskje om fleire eventyr inn helse, glede og heilskapleg livsstil. Takk, Erik, for at du har vore og er ein del av denne reisa og du er ein høgt verdsatt medlem av Vossabiafamilien! 🐝💛
Ylva, Erik, Emil, Olav, Jonatan og meg - under ein vakker 17. mai-feiring ved havet for eit par år sidan 🇳🇴
 
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia