Bursdag i lufta for Ylva 17 år! 🎂🥳 Feiring med 17% på jubileumsprodukt til 11.9!

Bursdag i lufta for Ylva 17 år! 🎂🥳 Feiring med 17% på jubileumsprodukt til 11.9!

Hurra for Ylva 17 år! Eit eventyr av ei jente og antageleg den einaste i verda som hoppa fallskjerm og landa heime på garden, på bursdagen sin! 🪂 Er ikkje det heilt rått? Ylva feira faktisk 17 årsdagen sin i både luft, vatn og på bakken i helga, for søndagen deltok ho i triatlon og fekk dermed testa seg i alle element på to dagar! 😱🤩

👆 Ylva kjempeglad etter å ha prestert 3. plass i Norgescup triatlon på Os på søndag 👏

 

Då Ylva var nyfødd 👶 skapte mammaen hennar tre av Vossabias mest populære produkt – Sensuell, Augebalsam og Babysalve. Desse har fulgt Ylva gjennom heile oppveksten, og ho har vokst opp med Vossabia ved si side, både heime og på reise 🗺️ No, 17 år seinare, er Ylva ikkje berre ein dyktig medarbeidar, men også ein dedikert brukar av produkta våre – uansett kva ho gjer, har ho alltid Vossabia med seg 🐝💕
 
🎉 Feir 17-årsdagen til både Ylva og jubileumsprodukta våre med 17% rabatt på SensuellAugebalsam og Babysalve frå 4.9-11.9! 🎂🎊
 
 
 
Lørdag vart Ylva 17 år, og to dagar før ringte Voss Fallskjermklubb 🪂 og spurte om dei kunne få ha Innhopp her bakkane til Vossabia, eit spennande opplegg der hopp- og landingsstad er ukjent for hopparane og dei må navigere seg etter eit handteikna kart dei får sjå ein time før flyet lettar. Sikkerheit er sjølvsagt 150% ivaretatt 👌 Og dette fekk Ylva delta på på sjølvaste bursdagen! 🥰 Og så kult at fallskjermklubben ville vise Vossabia sine enger og konsept for desse flygande tøffingane. Her snakkar me om den perfekte kombinasjonen ekstremsport og fart i luft som møter det jordnære og sakte hjå Vossabia, og så ei jente med bein i nasen og fart i vatnet då 😆
🥹 Denne fantastiske jenta mi er eit eventyr som elskar at det skjer mykje, ho er nesten skummelt fryktlaus, ho er sterk og god i idrett 💪🏊‍♀️ ho er ein herleg skodespelar og drama-queen, ho utfalder sin enorme kreativitet på alt frå maling, smykkelaging og sying 🎨 til å utvikle nye hudprodukt og sunn sminke av råvarer ho finn i mammas produksjonsrom 🐝🌿🌸
Ei jente med mange talent, som også er knallbevisst på alt ho putter i seg og på seg (oppdradd av meg, hehe). 😉 Ho brukar sjølvsagt berre Vossabia, og det er spennande og lærerikt når ho ofte bruker produkta våre på litt nye, originale og sjølvsagt kreative måtar, med knallgode resultat. Det var ho som fekk meg til å opne augo for kor god Huldrelepper er som ein flott blush i kinnene for eksempel 🤩
 
Ylva skal dele sine tips og kvardagsfavorittar med deg og, så følg med under her 👇 der ho overtek teksten faktisk. Men først: sjekk desse darling babyane mine som også er 17 år denne hausten! Fødd rett etter Ylva, medan Ylva sov og kosa seg så utvikla eg desse som kjapt vart populære, til nytte og nytelse for mange! 😘 Helledussen, dei har me hatt mykje glede av!
 
❤️ Sensuell: Til å pleie kjærleik og nytelse og for intime behov har me Sensuell, det diggaste glidemiddelet som også er ein fantastisk intimmassasjesalve. Prøv!!!
 
 
Sensuell er alltid på nattbordet 🌙
 
👁️‍🗨️ Augebalsam som fresher opp og strammer opp huden rundt augene, helar og lindrar eksem, raudheit og svie, og tilfører supermat til huden. Hovne auge vart historie over natta for meg, og forrige dagen var det ein kar som var heilt i hundre når han forklarte at han blei kvitt posane under augene, men i tillegg hadde fått ei stor oppdaging når også augelokka og huden over der vart stramma opp 🤩 Han trudde han måtte hatt laserbehandling, men no droppa han den, hehehe. Naturen fiksar igjen! 😉💚
 
 
Sjå kor fin Augebalsam er rett etter den er helt i krukker!
  
🩵 Babysalve har altså smurt så mange stumper og fjerna og førebygga svie og sår i fleng. Det er så godt å vite at smånurkene har fått effektiv pleie gjennom heile bleietida, og jammen fekk eg teste det igjen når Jonatan kom til verda for akkurat 5 år sidan. Neste gong eg brukar den blir det vel på barnebarn… 🥹
 
 
Desse 3 skal me og feire, for det er ikkje berre Ylva som er 17 år 🥳 Og eg vil de skal få ta del i feringa, så det blir no 17% på desse nydelege naturprodukta med sine allsidige bruksområde i ei veke frå 4.9-11.9. Eg berre seier: NYT! 🥰🐝
Og no skal Ylva få ordet 👩‍💻👇
Hei alle sammen! Det er så kjekt at eg får æra av å skrive til våre fine kundar! 💕 Eg skal dele litt om dei produkta eg brukar mest og korleis eg brukar dei. Så vil eg og dele nokre av mine naturlege skjønnheits- og velveretips som eg har fått utforske og eksperimentere meg fram til på Vossabias produksjonskjøkken 🐝
 
🍀 Ja for så heldig er eg! Eg har fått vokse opp med ein utruleg stor fridom til å skape og utfalde min kreativitet ✨ Denne fridomen har eg brukt i alt frå klesstilen min, matlaging, handverk, og produktutvikling! Det er nemleg slik Ylvas lepper vart til!

Vesle Ylva prøvde seg fram med forskjellige fargar som me hadde i mammas produksjonskjøkken. Etter masse prøving, og sjølvsagt grising, hehe, kom eg fram til denne nydelege rosafargen 🩷💋 Denne fargen falt i smak for mamma og, som den gjer for dei fleste! Mamma blanda fargen inn i hennar fantastiske leppepomadeoppskrift 🪄 og vipps kom Ylvas lepper til verda for andre gong! 
ylvas lepper
Ylvas lepper er sjølvsagt eit av dei produkta eg brukar i kvardagen. Eg brukar den og Huldrelepper som leppomade, men og som ein fresh og fin blush i kinnene. Desse to er og fine å blande saman for å få ein perfekt blanding av rosa shimmer og litt mørkare glød 💄✨
huldrelepper
🏊‍♀️ Som symjar bruker eg Sjampo med ville urter og Skogen på kroppen kvar dag etter trening. Desse er kjempegode for å vaske ut kloren frå håret samtidig som dei tek vare på håret og huden. Eg likar å veksle på om eg brukar sjampoen eller skogsåpa i håret. Begge desse har nemleg fantastiske urter i seg som styrkar håret og gir det ein glansfull og nydeleg duftande finish 🌿💚
 
Etter dusjen smører eg den tørre symjehuden inn med deilig kroppsbalsam. Den hjelper utruleg bra på å halde meg mjuk og god i huden samtidig som den gir meg masse god næring 😍 Og så er den fantastisk til kroppsmassasje, som eg stadig maser på mamma om å få av ho 💆‍♀️ Men, eg må ta ein prat med ho no, for eg får alt for lite massasje synes eg, hehe 🤭 Innimellom bruker mamma Panterbalsam når ho masserer mine ømme musklar, og nokon gonger Kroppsbalsam, eller ein kombinasjon av dei! Prøv, det er skikkeleg bra.
panterbalsam
Paula og eg elskar panterbalsam! Perfekt før og etter trening og konkurranse 😍
 
Panterbalsam har eg alltid på nattbordet og smører meg under og ofte litt inn i nasen når eg skal sove, for det gjer så godt og opnar opp 🤧 Denne kraftsaken av ein salve er sjølvsagt eit must på symjestevner, og mamma har alltid med eit nett til alle oss symjarane fullt med treningsstrikkar, massasjeballar og Panterbalsam! Den gjer oss klar til å prestere! 💪
 
Til ansiktet mitt er det fast med rose- og rødkløverskrubb, etterfulgt av tindved og nesle eller ringblomstsalve 🌸🧡 Det har fungert veldig bra på kvisene eg som tenåring har fått, og innimellom lagar eg også eigne spesial-ansiktsmasker, og eg trur mamma er ganske inspirert av dette, for no skal me lage ny ansiktsskrubb og maske ut frå nokon av dei eg har eksperimentert og utforska meg fram til 😄 Ja, ein ting til: faktisk bruker eg og rylliktinkturen til mamma rett på kvisene med ein bomullsdott. Knallbra! 🙌
 
Så kjekt å få dele nokon av mine måtar å bruke produkta på! Det var ikkje lett å velge ut noko, for eg elskar jo alle produkta og bruker dei heile tida 🤗 nokon meir og oftare enn andre sjølvsagt. Dei er i alle fall perfekt for ungdomshud og, det merker eg kvar dag! 🥰
vossabia
Ylva og mamma har vore på ekstremt mange marknadar saman, frå babyYlva til ungdomsYlva 🥰​
 
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia