Å herlege AUGEBALSAM!💙🤩

Å herlege AUGEBALSAM!💙🤩

Gjennom desse åra har folk rundt i landet raust delt erfaringar om at Augebalsam ikkje berre funka på poser og hovne auge, men SÅ mykje anna og.

Ein av mine favorittar!

Eg utvikla Augebalsam i 2007, så det er faktisk 15-årsjubileum på denne nydelege lille saken! Eg sleit på den tida med hovne auge (hadde nettopp fødd Ylva og lite søvn osv livet skjer 😉). Målet og motivet med Augebalsamen var då ein augesalve som førebygga og fjerna hovne auge, og jammen skal eg seie at den funka! Mykje forsking på ulike plantar var det som skulle til for å finne nøkkelen til mindre poser og finare auge om morgonen og gjennom dagen og livet. I alle fall, gjennom desse åra har folk rundt i landet raust delt erfaringar om at Augebalsam (i mitt 💚) ikkje berre funka på poser og hovne auge, men SÅ mykje anna og.

Kundar fortel om gode resultat  på tørr, sår og intolerant hud rundt augene. Eksem, rennande auge, linjer, rynker, pigmentflekkar, raudheit i huda, og så varmer det SÅNN at mange som ikkje tåler så mykje seier at «Endeleg, noko eg tåler!»  💫 Eg bruker Augebalsamen både som auge-krem og 🌜nattkrem (veksler mellom den og Tindved og Nesle) og synest huden virkar både yngre og meir spenstig. Er det rart eg digger den?

Lite søvn og litt hoven under augene? Augebalsam med solblom gjer at Vossabia sjølv vart kvitt problem med hovne auge🤩


💙Innhald: øko. tistelolje, øko. hampolje, bivoks, øko. granatepleolje, squalane, arnikatinktur, naturleg e-vitamin.

VossaBias naturlege og økologiske AUGEBALSAM skapte eg altså på garden min i 2007 og sidan har eg vore hekta på den! Til og med når eg har sove i telt i fuktig vær (beste oppskrift på å få gedigne poser under augene 😂) så har eg sett smashing ut rundt og under augene, og det er etter mitt syn den ultimate testen 🤩

Augebalsam
Sale priceFrom 223,20 kr

🐝Vossabia handlar jo om heilskapleg helsetenking, bevisstheit og nærleik til naturen og mine hudprodukt er difor totalt utan vatn og konserveringsmiddel - her er det råstoff frå biene og og nøye utvalde urter som gir god pleie og raske resultat. Eg berre elskar å kjenne den reine naturen på huden og aller mest gir det meg ro og trygghet å vite at eg berre tilfører hud og kropp nærande saker frå planter og bienes magiske verden. Sånn også med Augebalsamen. Og det var som sagt ikkje berre hovne auge eg fann gode planter mot (solblom eller arnika som mange kjenner den som), men etter å ha lest forsking om fantastisk granateple rundt 2007, så var det ingen tvil om at den skulle vere med i augebalsamresepten! Dokumentert effekt mot linjer og rynker pga det høge antioksidantnivået, las eg, og dermed rett inn i oppskriften med granateple! Og eg er ganske stolt over at eg såg at Weleda (som eg ser opp til som biodynamisk hudpleie gjennom mange år), tok i bruk granateple av same grunn, etter Vossabia 😉 Litt skryt, for eg synest det er morsomt 😂

Så hovne auge og linjer, jadå! Men slit du med PIGMENTFLEKKER? Dei siste åra har det og kome tilbakemeldinger frå kundar som har fått bort pigmentflekker med Vossabia AUGEBALSAM  👍😊

Eg lærer stadig om nye bruksområde for våre naturprodukt for hud og hår frå kundane, og stor takk for det!

☝️☝️☝️

Eg dyrkar eigen solblom for å kunne foredle og lage av eigenprodusert plante, men også for å vere med å halde liv i planten i Norge! For Solblom/arnika var å sjå rundt i landet før, som vill plante, men no er den nesten utdødd og kun litt å finne i den fantastiske floraen ved Bømlo og Karmøy, og kanskje nokre andre få stader. Så kjøp øko arnikafrø frå solhatt.no og få den i hagen du og! Ikkje spis den (kan vere giftig å spise), men nyt den og lag ev olje av den!

I Augebalsam er arnikablomen ein ingrediens, og no er innhausting av eigenprodusert arnika i gang, 🌼 sjå kor fine dei er! Og så herdige og tåler så mykje sjølv i våre harde Vossavintre. Solblom er den eg brukar mot hovenhet, og arnikaolje kan med fordel brukast på plager knytt til det, i tillegg til blåmerker og mykje anna.

☝️GRANATEPLE☝️

Masse antioksidantar i krukkene med Augebalsam takka vere granateple! Med fantastisk hampolje (masse omega 3, GLA mm), arnika (bra mot hevelser) og bivoks i tillegg er det mange som har fått stor nytte av denne dei siste 15 åra.


💙 liten boks 15 ml eller stor boks på 30 ml?

Helsing frå Renate

🐝 Vossabia