Solkrem f. 10 + Augebalsam = perfekt i sol og vind ☀️
Solkrem f. 10 + Augebalsam = perfekt i sol og vind ☀️

Solkrem f. 10 + Augebalsam = perfekt i sol og vind ☀️

Sale price296,00 kr Regular price348,00 kr
Save 52,00 kr

Solkrem og Augebalsam (som motvirker/fjerner hovne auge) passar perfekt saman! Augebalsam, som funker fabelaktig bra (for meg og mange) på blant anna hovne, posete auge, med kinderegget av ein herleg, naturleg solkrem (beskytter mot UVA + UVB sjølvsagt, naturleg, nærande og pleiande) Voila! Gyllen og fin hud. Null poser! Happy face i vårsola 🌞

SOLKREM FAKTOR 10 - med kun nøye utvalde naturlege ingrediensar, beskytter mot UVA og UVB-stråler, gir fuktighet og næring til huden.

AUGEBALSAM - Ein herleg pleiande augekrem. Den er super ved hovne auge og blant anna ved sår hud.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Fri for konserveringmiddel, syntetiske stoff, sulfater, parabener, mineraloljer, formaldehyd og ftalater.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Perfekt i sol og vind


Solkrem f. 10 + Augebalsam

Eg utvikla både Solkrem og Augebalsam under morspermisjonen med Ylva i 2007-2008, og fyrst no gjekk det opp for meg at SOLKREM + AUGEBALSAM er perfekt i sol OG vind, der vinden skikkeleg rusker og augene hovner litt opp.
Korleis kunne eg ikkje sjå denne perfekte kombo!

Bruksanvisning

SOLKREM med naturleg fysisk filter (ikkje-nano titandioksid, sunt og heilt ufarleg for folk og miljø), veldig pleiande planteolje, bivoks og beskyttande lanolin. Her får du eit skikkeleg kinderegg av ein solkrem som ikkje berre beskytter godt mot UVA og UVB (faktor 10 beskytter også lenge og godt når det er naturleg fysisk filtet! 👍☀️), men som også pleier og gir næring til huden, og mange melder om god hjelp på soleksem også.

AUGEBALSAM som me elsker rundt augene (eller øynene for dei bokmålsfolk som ikkje skjønar det fine ordet auge 😉) om kvelden, då den er stappfull av supermat med planteoljer rik på antioksidanter (granateple), essensielle fettsyrer (hamp bl a), mineral og vitamin frå blant anna solblom (arnika) som også er DEN superplanten på å forhindre/redusere/minske HOVNE AUGE! Og difor: dette gjer den til superkombo med solkrem i d-vitaminrik solskinn og rivande vind! 💚

Kva seier folk som har brukt ho?

Relaterte innlegg

Mot ømme muskler og plagsomme mygg🙏

Mot ømme muskler og plagsomme mygg🙏

I helga var Panterbalsam eit av dei mest brukte orda! 😅 «kor er Panterbalsamen, eg må ha Panterbalsam, har du tatt Panterbalsamen min?» 😂 Eg var på symjestevne i Sandnes med tre sterke ungdommer ...
Vår 🤩 og MÅ-HA til ansiktet

Vår 🤩 og MÅ-HA til ansiktet

Det er VÅR og det spirer og gror og eg kjenner på ny den sprudlande gleda over det naturen no står klar til å gje oss. 🥰🙏 Takksemd og kjærleik og mykje litt sånn skjønne klisjékjensler som berre e...
Perfekt pleiepakke til ansiktet - i gåveboks💗🌸

Perfekt pleiepakke til ansiktet - i gåveboks💗🌸

Emil, Ylva og eg har samla det du treng for perfekt pleie til ansiktet! Med berre nøye utvalde ingrediensar frå den fantastiske naturen, som gir oss råstoff som faktisk og på ordentleg gir resulta...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring