Kroppssåpe skog
Kroppssåpe skog
Kroppssåpe skog
Kroppssåpe skog

Kroppssåpe skog

Sale price239,20 kr
Volum:250ml

SKOGSÅPE til kropp! Herlegaste og freshaste kroppssåpa, og den er heilt naturleg og veldig mild, sjølvsagt! Her har me kokt einer frå skogen vår, lenge! Slik dei gjorde i gamle dagar, og dermed fått einerlåg som grunnlag for denne deilige, veldig dryge og sanselege kroppssåpa. Saman med den antiseptiske og rensande einerlågen er det tilsatt milde såpestoff og sunne gode og nøye utvalde ingrediener som pleier og tek vare på huden din. 🌲🌼

Ingredients INCI: Aqua, Mipa-Laureth Sulfate, Decyl Glucoside, Cocamidopropyl Betaine, Simmondsia Chinensis Seed Oil, Guar Hydroxypropyltrimonium Chloride, Hydroxypropyl Guar Hydroxypropyltrimonium Chloride, Juniperus Communis Branch/Fruit/Leaf Extract, Benzyl Alcohol, Hydroxypropyltrimonium Honey, Eucalyptus Globulus Leaf Oil, Cymbopogon Flexuosus Oil, Pinus Sylvestris Leaf Oil, Citrus Limon Peel Oil, Hydrolyzed Corn Protein, Hydrolyzed Wheat Protein, Hydrolyzed Soy Protein, Phenoxyethanol, Sorbic Acid, Limonene, Citral, Geraniol, Linalool.

INNHALD PÅ NORSK:
grunnvatn frå garden, kokt einer*, sulfat vegetabilsk råsåpe (Mipa-Laureth Sulphate), sukkertensid (mild sulfat: Cocamidopropyl Betaine), jojobaolje**, guarmel frå guarbønner, guargummi frå guartreet, honning**, phytokeratin (vegetarisk protein av soya, mais og kveite), benzyl alcohol, eterisk olje av furu**, eukalyptus**, sitron** og sitrongras**.
*= frå ville vekstar på garden
**= frå økologisk landbruk

MÅLGRUPPE: frå 3 år og oppover.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

På turen din i skog og li, knekk med deg nokre greiner, eller pitle av nokre blå einebær og bruk! Det kvikkar opp, løfter sinnet og humøret (faktisk🤩) og du kan berre glede deg over alle måtar å bruke på og korleis det fyller deg opp med positive saker.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Ein oppløftande og herleg kroppsvask!

Her får du ei skogsåpe med einer og furu som renser, pleier, stimulerar og gir deg ein naturleg toner til huden, og saman med dei andre gode ingrediensane frå planteriket etterlet skogsåpa huden mjuk og frisk.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

I skogen på kroppen


🌲 Einer har vore brukt i tusenvis av år rundt om i verda, og spesielt i nord-områda som Nord-Europa, Nord-Asia og Nord-Amerika. Det er ikkje måte på kor mange bruksområde menneske har funne for den helsesame eineren frå oldtid til moderne tid, men ein gjengangar er dei rensande, antiseptiske og stimulerande eigenskapane for både innvortes og utvortes.
Einer er avgiftande og full av antioksidantar, så einer har blitt rekna som ein naturleg healer for huden vår då den stikkande busken har eigenskapar som gjer at den kan reparere og styrke huden og beskytte mot ureinheiter.

🌲 Furuolje er nydeleg aromatisk, men furu har og eit bra innhald av antioksidanter og er kjent for å styrke huden og kan bidra mot for tidleg aldring av huden. Furu er også fin då den er god til å gje fuktighet og elastisitet.

Om såpestoffa 🧽
Såpestoffa me brukar er (beklagar at det ikkje finst "normale folkelege" navn på desse) Mipa-Laureth Sulphate (så mild anionisk såpemiddel som man får med høgare oljeinnhald enn vanleg) og Cocamidopropyl Betaine (supermildt overflateaktivt såpestoff, laga av kokosolje, godkjent i øko. produksjon). Begge har ein høg grad av biologisk nedbrytbarhet. Desse må ikkje forvekslast med sulfata Sodium Laureth Sulfate (framstilt på svært forureinande måte blant anna) eller Sodium Lauryl Sulfate. Desse fins overhodet ikkje i vår sjampo. Det er heller ikkje nokon parabener i vår sjampo!

Ingredienser

På toppen er det ein frisk melodi av skogsduft med økologiske eteriske oljer av furu og den meir eksotiske eukalyptus i botnen, og så litt frisk sitrus på toppen. Det er blitt både friskt og forførande!

  • Jojobaolje
  • Honning
  • Eterisk olje av furu
  • Eukalyptus
  • Sitron

Ei skikkeleg skogsåpe!

Her er det einer rett frå skogen vår, hausta etterkvart som Renate skal koke einerlåg for å lage meir ekte skogsåpe. Kombinert med nydelege økologiske eteriske oljer av furu og eukalyptus, og med ein herleg frisk sitrus på toppen, ja det blir rett og slett verdens beste kroppssåpe, spør du oss 🐝🐝🐝

Bruksanvisning

Mange kjenner til einer til bruk i hårvask, og til og med til vask av koppar og kar, men den har også fabelaktige eigenskapar for huden også.

Det er bærekraft på mange måtar, og ei grøn satsing som gjer godt på hud og hår og helsa til naturen, med tanke på at me og skal tenke på det som går ut i skyllevatnet og dermed i naturen 💚

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Vinterferiespa! 🧖‍♀️❄️💚

Vinterferiespa! 🧖‍♀️❄️💚

Bittelitt lei vinter no? Det er eg! Altså, eg likar snø, men i 4 månadar? 😅 Eg vil ha fargar, og bier og blomar no!🍀🐝🌼 Men ok, med vinter som framleis ikkje slepp taket på ei stund er det på tide å...
💚 Naturlege deodoranter for alle anledninger, aktiviteter og humør

💚 Naturlege deodoranter for alle anledninger, aktiviteter og humør

Versågod! Eksklusivt pakketilbod på 4 minideoer til kvardag og fest! Kun denne veka: fram til onsdag 21.2 kl 23:59.
Vossabia kjem endeleg til Bergen sentrum, og vil stå hjå Reindyrka i Strandgaten 21 fredag og lørdag frå 12-18 🐝🌻

Vossabia kjem endeleg til Bergen sentrum, og vil stå hjå Reindyrka i Strandgaten 21 fredag og lørdag frå 12-18 🐝🌻

Me er så glad for å få oss ein bytur at me feirar me å gje gåve til gode kundar 🤩 🎉  Handlar du for minst 500kr blir det deilig gåve på deg: mini-Ringblomstsalve, perfekt til lomma eller reise og t...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring