Vossabias jubileumsfeiring 🐝🎉

Vossabias jubileumsfeiring 🐝🎉

Neste år er Vossabia 20 år!! Det er heilt utruleg rart å tenke på, og det er så mykje fantastisk som har skjedd på desse åra 🤩 Det vil eg gjerne feire med gode folk og herlege kundar i eit event som verkeleg set bærekraft, økologi, lokal mat, natur og nærleik på planen! Så kva skjer?
Jo, altså! Eg har lenge vore sååå gira på opplevingar som gåve i staden for ting me strengt tatt ikkje treng, og som kort tid etter hopar seg opp på søppelfyllingar. MEN, gode, sterke opplevingar og aktivitetar som bind oss saman, som fremjer kunnskap, forståing, nye spennande perspektiv til liva våre, og som gjer godt for både folk og planet, det elskar eg 💚
 
🎄 Til jul har for eksempel Olav og eg alltid gitt opplevingar til kvarandre i staden for ting og tang (det betyr at det ikkje har blitt mykje øyredobbar, smykke og ringar på meg, hehe 😆 men minner har eg fått!). 
 
👨‍👩‍👦 Ungane får også stadig opplevingar eller aktivitetar, for eks var kurs i Aerial Silk ei julegåve frå mamsen til Ylva, noko som har gitt ho enormt med glede, mestring, styrke og samhald med nye menneske, og fantastiske show som rører i HJARTEROTA!
feiring av 20-arsjubileum

SÅ: då skal eg jammen santen meg lage ei oppleving folk aldri vil gløyme! For me MÅ feire 20 år med Vossabia 🎉 Frå ei tid der folk rygga med sinnarynka mellom augebryna når eg sa det var 100% naturleg, til no då folk er svoltne på kunnskap og nærande naturprodukt! 🌱❤️‍🩹 

Min gode ven og utrulege øko-pionèr Craig Sams har alt sagt ja til å kome og halde foredrag! Han starta verdas første økologiske og fair trade sjokolademerke: Green & Blacks, med den rågode kona si Josephine Sams. Ho er også er ein superøkopioner, blant anna innan parfyme (stiftar av The Perfume Society i UK og ho er forfattar av naturleg kosmetikkbok). Craig starta forresten Nord-Europas første økodaglegvare saman med mor og bror i England på 1960-talet, så de skjønar me snakkar om ein føregangsmann av dei sjeldne. Eg ser enormt fram til deira foredrag og aktiviteter.

feiring av 20-arsjubileum

Det blir mykje anna også, blant anna knallgod lokal mat, det blir omvisning og gøy på gården vår, og mykje som ikkje er spikra i heile tatt, men som svever rundt som lysande stjerneidear som etterkvart blir konkretisert og landa 💫

🌳 Kanskje vil du bli med på kveldsskogstur og klemme trær og høyre på uglene, etter ein dag med fagleg påfyll frå dei beste innan økologi og regenerativ tenking og drift?

⛰ Eller har du lyst å ligge i gamle slåtteenger og kjenne på energien medan marihøner kryp over nasen din og sommarfuglar, vier og humler suser rundt?

🏊🏻 Eller kva med å bade i den reine stølselva vår, eller gå ein tur i fjellet her?

💆‍♀️ Kunne du tenkt deg eit vilt spa-kurs der du haustar inn urter, blandar det til den beste ansiktsmaske og samstundes nyt nydeleg lokal drikke medan urter og honning pleier og nærer huden din?

Altså, det er endelaust kva fantastisk me kan få på planen for denne jubileumsfeiringa med leik, læring, liv og lyst! 🙌

feiring av 20-arsjubileum


No vil eg altså skape eit naturnært arrangement, ei oppleving, som skal røre i HJARTEROTA til dei fantastiske menneska som følger og støtter vår naturnære bedrift Vossabia 💛

Det skal bli det eg elskar mest, nemleg ei blanding av leik og læring, om og i naturen, med det naturen lokalt har å by på! Fokus blir på økologi, permakultur, jord og planter og korleis med menneske er så tett knytt til OG avhengig av naturen vår.

feiring av 20-arsjubileum

Vossabia er jo ikkje «berre» eit kosmetikkmerke. Hud- og hårproduktserien er mest av alt min plattform og eit rom til å formidle det eg brenn for av verdiar, filosofi og kunnskap om urter, planter og alt det vidunderlege naturen har å by på 🌱✨

Skaparkraft og kreativitet ⭐️ Tilknyting til stad og stadeigne planter. Kontakt med kultur og historie. Dette er også essensielle ingrediensar i Vossabia for meg, og bedriften har gitt meg mulighet til, no gjennom straks 20 år, å knyte kontakt med naturen og menneske som i neste runde brukar produkta våre, på ein måte eg ikkje hadde hatt mulighet til utan Vossabia (som eg meiner IKKJE er kosmetikk, sjølv om forskriftene seier det, men det er MAT og NÆRING!)

feiring av 20-arsjubileum

Denne vakre vegen Vossabia har gått, takka vere det me har rundt oss av natur, på grunn av menneske som har vore her før (mine foreldre, beste- og oldeforeldre), og dei nydelege menneske de, kundane våre er, har gjort at Vossabia for meg er eit rom for SJØLVPLEIE på sååå mange nivå! 😍🥰

feiring av 20-arsjubileum

Bli med oss på feiringa

Me er superglade for å invitere deg til denne fantastiske feiringa av Vossabias 20-års jubileum! Feiringa vil vere ein fin blanding av leik og læring, omkransa av den vakraste vestlandsnaturen på Voss.

No slepp me 200 billetter ut i verda, med 1000kr early-bird-rabatt, ein billett som gir deg:
🛍 Vossabia goodiebag
🧑‍🌾 Foredrag frå dyktige fagfolk
📚 Kurs (Vilt Spa Kurs, Lukt, lær og lag: naturleg parfymekurs)
🍴 Lokal mat
🎶 Lokal musikk (kanskje kjem knallgode kvedarar til tunet?)
🥾 Naturnære aktiviteter

🗓 Når: første helga i juni 2024, midt i brenneslesankinga
📍 Stad: Voss

Skaff deg ein billett no, og start nedtellinga til denne uforgløymelege opplevinga!

Send oss gjerne spørsmål eller forslag! Me blir så glad for å høyre frå deg!
Gleder oss til å sjå deg her 🤩

Varm helsing, 
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia