Vossabia – også dyrenes ven! 🐕🐄🐴🐑

Vossabia – også dyrenes ven! 🐕🐄🐴🐑

Visste du at Vossabias pleiande naturprodukt også er heilt supre for både kjæledyr og husdyr? 🐾

paula og hund


Mange omtenksame og skjønne dyreeigarar har testa ut ei rekke Vossabiaprodukt på hund, hest, kyr og sau dei siste 20 åra 🐕🐄🐴🐑

🐕 Hunden har sensitiv hud og ofte hudfolder, auger og øyre kan vere utsatte, og ikkje minst potane på hundar.
🐑 🐄 Sauer og kyr kan få jurbetennelse og sår, 🐴 hestar kan slite med plagsomme insekt som stikk og irriterer på sommaren, og mugg og soppp, samt sårplager.

I tillegg til dei mange tilbakemeldingar frå kundar dei siste to tiåra som handlar om høgt elska kjæledyr, så har me ein god gjeng dyreelskarar her hjå Vossabia som gjerne vil fortelle om sine erfaringar og tips og triks til hund, hest, kyr og sau.

🐝

Olav, min sambuar, driv økologisk mjelkeproduksjon og har rundt 70 kalvar, kviger og melkekyr.
🌼 Ringblomstsalve og Kamillebalsam har fast plass på ei hylle i fjøsen, og har fleire gonger vore ein god hjelpar på opne sår der 🐄 kalvar har slått seg på føtter og anklar, og sjølvsagt ved begynnande jurbetennelse.

🌱💚 Det er godt for både bonde og storfe at kun sunne saker, 100 % naturleg med nøye utvalde bakteriedrepande ingrediensar, møter dyrehuden.

olav

olav

 


I Myrkdalen held vår gode tilsette Thale på med hestar og hundar når ho ikkje er her og står på hjå Vossabia. Det har vore utfordring med mugg og soppinfeksjon på beina til dølahestane, men heldigvis får Thale og hestane hjelp med Ringblomstsalve og Kamillebalsam.

🐴 Hestar kan vere utsett for sår og sprekker i kodene sine, og då er også Kamillebalsam, men og Babysalve fin, pga innhald av lanolin som beskyttar godt, i tillegg til kamille- og hampolje som pleier, nærer og heler sår 🤩

Panterbalsam er også suveren for hestar om sommaren for å halde insekt unna!

thale

thale

 

Thale har også 🐕 trekkhund, som spring og dreg mykje ute på snø og skare i den årstida me straks er inne i ❄️ (det har faktisk snødd allerede i Myrkdalen!). KuldekremBabysalve og Kamillebalsam på hundepoter 🐾 er då verkeleg å anbefale både som førebyggande før tur, men og som helande og lindrande om hunden alt har vorte sår. Så gjerne smøre både før og etter tur, er hennar og mange andre kundars råd.

thale's dog

thale's dog

 


Paula, vår fine ekstrahjelp (og Renate sin gode konkurransesymjar), har også hund.
🐕 Morsomme Zero får stadig på seg litt Panterbalsam i pelsen vår, sommar og haust, for å unngå flått i pelsen. Paula digger den gode effekten, for før fekk ho flått over på seg, frå hunden, som ho har med seg i senga. 💪🏼 Heldigvis har det no blitt slutt på flått både på Zero og Paula! 👏🏼

zero og paula

 


Vår kjære Jorunn, som mange møter på i kundeservicen vår, har ein fjøs full av ull!
🐑 Ho og mannen Per driv med sauer, og dei dullar og kosar sånn med ulldottane, at dei kjem og legg seg opp i fanget på dei i fjøsen. Det er jo meget praktisk når dei i blant lyt smøre dei med Kamillebalsam for å få bort bakterier, sopp og sår på sauene.
💬 Som Jorunn seier: me vasker dei, smører dei, og hevelse og betennelse forsvinn. Herleg!

kamillebalsam

kamillebalsam

 

🐶 Hundar må me forresten snakke meir om. For det har kome så mange spennande tilbakemeldingar opp gjennom åra!

Hundar med mykje hudfolder og rynker er meget utsett for sopp og bakterier, og det er varmt og fuktig i desse foldene. Då er Kamillebalsam verdt å prøve, med sine bakterie- og soppdrepande eigenskapar, samt kløedempande og lindrande effekt. Det er mange hundeeigarar som har prisa denne på hundens rynker og folder, blant anna på bulldog.

Sår under augene etter rennande auge, er også eit bruksområde, eller i esåre og sensitive øyre. Så både folk og fe brukar Ringblomstsalve og Kamillebalsam til sår, eksem, kløe og mykje meir.

👉🏻 Det er faktisk eit par dyrebutikker som selger Vossabia blant anna for å tilby supre narturprodukt for hundens sensitive hud. Sjekk blant anna ut Acela Hund og Katt i Grefsenveien i Oslo.

🙌🏼 Og så var det den spennande tilbakemeldingen om Rosmarin Hårserum! 🙋🏼‍♀️ Der lærte jammen eg noko nytt også!


Vossabias milde urtesjampo kunne me ha kalla Farvel StinkePels 😆 Kjempegøy med alle som har meldt meg om god effekt på hundane sine. Den er så skånsam mot både hud og pels. Og eg likar at produkta har fleire kindereggeigenskapar, så sjampoen er sjølvsagt både pleiande, næringsrik, får bort lukt og lindrar kløe og irritasjon.

🤎 Det er så nydeleg med kjærleiken mellom menneske og dyr, og ingenting kjennes betre enn når me kan hjelpe dyr som har vondt eller ulike plager med 100% naturlege og sunne saker ❤️‍🩹
Så kanskje me skulle døpe om Vossabia til Voffabia? 😄

Nyt hausten vidare då, både folk og fe!
Hausthelsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia