Vossabia julepopup på Oasen 14.-22.12 🐝🎄

Vossabia julepopup på Oasen 14.-22.12 🐝🎄

No pakker me kassebilen 🚙 og køyrer til Bergen for å rigge klar ein superkoseleg Vossabia popup-butikk på Oasen kjøpesenter i Fyllingsdalen 🌼

Vil du teste våre deilige naturprodukt på huden, så er du velkomen til å kome og smøre deg inn med testere, sjekke ut alle våre supersunne og smidige produkt, og kanskje finn du den perfekte julegåve og? 🎁

Bergen pop up store

Du finn oss rett ved Vinmonopolet på Oasen frå torsdag 14.12 og heilt til lille lille julaften! 🎅🏻 Linda og Emil kjem til å vere der og dei gleder seg enormt til å prate med kjekke bergensarar og håpar på livlege dagar på Oasen 🤩

Om du vil planlegge julehandelen før du kjem, så sjekk her:

SJEKK VÅR GÅVEGUIDE

Me sjåast i Fyllingsdalen! 💚
Vossabiaklem frå Renate og arbeiderbiene 🐝🐝🐝