Vakker og vilt nyttig! 🌼 Ringblomst er sola i husapoteket og velveresenteret vårt!

Vakker og vilt nyttig! 🌼 Ringblomst er sola i husapoteket og velveresenteret vårt!

Ringblomst blir faktisk kalla Flower of the Sun ☀️ og det skjønar eg! Den har jo så sprøtt mange eigenskapar (som me kjem masse tilbake til 🌼), så me treng den nesten like mykje som me treng sola, hehe. Den skin jo og så vakkert som sola med sine knalloransje og gule kronblader tett i tett, og løfter humøret mitt berre eg ser på den 🧡💛 Og så er den i takt med sola også. Når sola står opp og stig på himmelen, ja då opnar ringblomsten seg. Ved solnedgang lukker den seg. Så dette er på ekte ein Flower of the Sun!

I dag hyllar me ringblomst og RINGBLOMSTSALVE og alle kundar som har ønska seg den i endå ein størrelse: Me lanserer herved mini-ringblomstsalve! 🥳 Frå og med no får du den i 15ml også, i tillegg til 50 og 100 ml! Superpraktisk, så slepp familien å krangle om den eine 50ml’eren 😉 Elles perfekt til reise, til barn og ungdom til barnehage, skule og trening, til å ha i lomma og hytta og overalt faktisk. Me køyrer på med 20% introtilbod på denne veka 🙌

Me lanserer mini-ringblomstsalve!

Eg kjem til å så ringblomst i løpet av dei neste dagane i plantekjellaren min! Eg tjuvstartar sommaren no om vinteren, og det er ikkje berre dei seintveksande tomat, paprika, purre og chili som blir sådd no. Nei, tidleg avling av ringblomst gjer jo livet sååå mykje deiligare, så skaff deg nokre frø frå solhatt.no du og, og bli med! 🌱🌼 Og kjøp rikeleg, så er me klare straks vinteren slepp taket og snøen smeltar vekk: kast dei kunstneriske frøa ut på ferdig preppa bed eller åker, den tåler røff behandling og vil gje deg masse tilbake for innsatsen!

Ringblomst er så absolutt ein av mine favorittar. Lett på TOPP 3-lista mi! 🌟 Ufatteleg mange ting me kan bruke blomen til, både innvends og utvends, og me kan lage så mykje gode helsebringande saker av den, og så gjer den godt for både hjarte og sjel, i tillegg til kropp, hud og hår ❤️ Eg elskar ringblomst og det gjorde folk i oldtidens Egypt og i antikkens Roma også. I heile verda veks den, og i heile verda i tusenvis av år, har den stråla og gleda og vore til nytte for enormt mange menneske ✨

Ringblomst kan du nyte synet av, du kan spise den fersk, tørke den, lage te, tinktur, olje, ekstrakt og alt dette kan du igjen bruke på enormt mange måtar! I husapoteket (og Vossabia sitt) har me blant anna ringblomsttinktur, som no Ylva har i vatnet sitt då blomsten er super for dei som blir litt ofte sjuk 🤧, og der det sit litt lenge i. Så då styrkar me no godjenta med ringblomst på den måten også 😉

Og eg dampa meg i dag tidleg med blant anna ringblomst. Så hadde eg ringblomst i teen min, smurte meg inn både i ansikt, hals, bryst, mage og underliv med den fantastiske ringblomstsalven vår. Så det er ikkje rart eg seier dette er sola i husapoteket vårt altså! ⛑

ringblomstsalve

Eg laga eit lite tankekart for å vise alle dei fabelaktige eigenskapane for helse og velvere som ringblomst byr på. 🌼 Ringblomst har jo, som alle plantar, hundrevis og tusenvis av kjemiske komponentar, eit enormt mangfald av samansettingar. 👉 Den har resiner, flavonoider, polysakkarider, saponiner, og viktige vitamin og mineral og så utruleg mykje anna. Så, sjølv om eg har brukt den som ein absloutt fantastisk DAGKREM i 20 år no, fordi ringblomst aukar elastisitet, smidighet og fukt i huden, så er det mange titals andre gode grunnar til å bruke ringblomst også! Berre sjekk tankekartet mitt 👀 

tankekartet

😍 Skjønar du no min ville entusiasme for ringblomst?
Hjå Vossabia brukar me ringblomst både som olje, tinktur og den supre Co2- ekstrakten i ei rekke produkt for å gje folk det aller beste frå plantane 💚 Det er ikkje berre den enormt populære ringblomstsalven vår, som forresten har stooore mengder ringblomst i seg, men også desse supre produkta som også nyt godt av å vere ein del av ringblomstklubben hjå Vossabia:

🌼 Rosmarin Hårserum
🌼 Sitrongras Hårserum
🌼 Solkrem
🌼 Alle typar leppepomade

I 20 år har det kome masse tilbakemeldingar på ringblomstsalven, som no altså fins i tre størrelsar 😉, om meir smidig hud, hjelp ved tørr hud, eksem, god handkrem, dagkrem, barnesalve, og til leppene. Det har og kome mange informative meldingar om lindra utslett og rosacea, hemorroider som blir borte og kviser og hudormer som forsvinn. Og så har det kome enormt mange sterke og rørande historiar om alt frå voldsom eksem som blir betre, hjelp ved sterke forbrenningar, rask heling av sår som ikkje har grodd på lenge, arrminsking, såre brystvorter og ved solbrenthet. Og så mykje meir. Difor vil eg ikkje berre kalle Ringblomstsalve for Dagkrem. Det er den topp til, men når den er så mykje meir, EIN EKTE UNIVERSAL, så er det viktig å la alle oppleve og erfare det, og slik også lære meir om planten og plantar generelt med alle sine eigenskapar 🌱🌼💚

 

🐝

 

Så min oppfordring i dag er å kjøpe frø, så frø og gjer deg klar på vinteren til ein strålande sommar med Ringblomst! 👩‍🌾 Når den om nokre månader står der i hagen din og berre skin og fargelegg i gule og oransje tonar, då skal me plukke og foredle og bruke! Nokre supertips til deg kjem her:

👉 Korleis plukke ringblomst:
Plukk når det er fint vær, helst solskinn og tørt. Knip av rett under det grønne begeret under kronbladene. La dei så tørke med begeret på, og la det få bruke den tida det treng (begeret treng tid, det er seigt og vannholdig).

👉 Korleis lage ringblomstolje, som ikkje harskner fort 😉:
Plukk som skildra, legg tørka blomar med kronblad og beger i iet norgesglas, ha oppi 2 ts/2ss (alt etter størrelse på glaset), rist og la det stå til neste dag så alkoholen fordamper. Ha så favorittoljen din på, og la stå ein månads tid. Så får du ein fantastisk ringblomsturteolje! 🧡

👉 Korleis lage tinktur av ringblomst på verdens beste måte:
Ha ringblomst i to norgesglas. I det eine har du på sterk sprit, gjerne opp i 95%, medan i det andre har du oppi svakare sprit ca 35%. I den svake lar du ringblomsten sine polysakkarider som er meir vassløyseleg sleppe ut, medan i den sterke kjem dei alkoholløyselege komponentane lettare ut. Etter ein månad blandar du dei, og sit der med ein fabelaktig kraftfull ringblomsttinktur! 🌼

Så då er det berre å smøre seg med tålmod og ringblomstsalve (hehe) og vente på frø i posten og ein blømande sommar! 👩‍🌾☀️

Varm helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia