Tavlehonning – rå, sunn og ekstremt digg!

Tavlehonning – rå, sunn og ekstremt digg!

Det er ei ganske ekstremt lang linje mellom dei 9000 år gamle hulemaleriene i Valencia i Spania som viser honninginnhausting, via 4000 år gamle Papyrus-skrifter som skildrar medisinsk bruk av honning og opp til Vossabias lille honningproduksjon og mangfaldige bruk på Vestlandet. Og, steike så mykje spennande som er å finne langs denne historiske honninglinja. 🍯🐝🌼
 
Eg elsker vilt kor raus naturen er med sine gåver 💚 Det er berre det at menneske (i vår del av verda), i våre hektiske liv (og kosthald og medisinskap), ikkje lenger kan så mykje om det som er oss nærast.
SÅ, då tek eg konsekvensen av det og tilbyr i dag to ting 🤩 litt om honningens utrulege eigenskapar som medisin OG GRATIS, EKSTREMT HEFTIG DEILIG, TAVLEHONNING!! Her er det formidling på høgaste nivå nemleg 😂: eg vil lære deg meir om honning ved at du får lese og lære, OG ved at du får SMAKE og UNDRE og NYTE! 😋
 

Tavlehonning = Rå og urørt honning! Rett frå biene til deg!

Her får du ikkje berre eineståande honning, men og rester av pollen, propolis og bivoks. Spis det i biter, nyt den nydelege smaken og smil. Kan nytes for seg sjølv, inntil kaffen, til ost eller skive.

I tusenvis av år har menneske stolt på bienes pollinering av avlinger, og på honning som mat og medisin 🐝 I ei tid der bier er trua av menneske sin bruk av sprøytemiddel og anna, og bier døyr i hopetal, så treng me å lære mest mogleg og bli meir kjend med bier, honning, og alt det fantastiske biene skapar i samspel med plantar, slik at fleire blir med og tek vare på bier og det plantemangfald dei treng. 🐝 🌼 Eit perfekt kretsløp og økosystem me MÅ ta vare på.

Oldtidas egyptarar sverga til honning🍯, og det same gjorde assyrarar, kinesarar, grekarar og romarar som brukte honning til mange ulike formål, og då spesielt til behandling av ulike skader, plager og sjukdomar🤕. Aristoteles skreiv til dømes om den gode effekten av honning til behandling av sår, rundt år 350 før vår tidsrekning. Som sårbehandlar har honning til og med har fått innpass på nokre norske sjukehus i på brannskadeavdelinger dei siste åra 👍. Og forskingsmassen, mengden studier, som viser fantastisk effekt av honning på dette, er enorm. Spør meg om referansar, og eg kan gje deg mange hundre! 📖

Så kva er dette fantastiske naturens under og gullkanta gåve? 🍯

Honning startar som nektar, som biene samlar inn frå tusenvis av blomar 🌼🌸 ved å suge den i seg med snabelen sin. Biene flyr nektaren heim til kuben, der den blir overlevert yngre arbeiderbier som endrar nektaren via enzym i fordøyinga, tygger den, legg den i 6-kanta celler og så til slutt vifter heftig med vingene sine for å fordampe mesteparten av vatnet i nektaren, så det ikkje er meir enn ca 17% vatn. Slik blir det honning, eit stabilt produkt rik på fruktose og glukose. Honningens farge og smak varierer alt etter kva nektar/blomar biene har samla inn frå, og ut frå det eg har lært så kan ein og skilje den mest medisinske honningen på farge: jo mørkare, jo meir medisinsk.

At honning har gode medisinske eigenskapar burde ikkje vere overraskande, då honning trass alt kjem frå plantenektar 🌼🌸, og planter har vore kjent for sin medisinske verdi både i oldtida og i moderne tid, over heile jordkloden. Dette er eit enormt felt og ufatteleg spennande, synest eg. 🐝🌼


Honningens medisinske verdi handlar i størst grad om dei antibakterielle og soppdrepande eigenskapane. For eksempel så ser forbrukaren dette lett ved at syltetøy, marmelade og anna mat blir dårleg etter nokre veker, medan honning held seg supergod i mange mange år.👏 Altså, opplagt at honning har ei hemmande effekt på bakterier og sopp 🦠🍄, men det var ikkje før på 1930-talet at denne effekten vart demonstrert vitskapleg. Dei siste 60-80 åra har denne hemmande effekten på bakterier og sopp blitt vist i særs mange studier på ei lang rekke bakterietypar, inkludert bakterier som kan forårsake sjukdom hjå menneske.

Det fins til og med eit 🍯 Honey Research Centre på Waikato University på New Zealand, der forskaren Peter Mollan har gjort ein aldeles eineståande jobb med å få samla studiene på honning som medisin, som no utgjer eit fjell av forskingdokumentasjon. Molan sitt arbeid har tatt honning ut av mytenes rike, og inn i medisinens rike: «The therapeutiv potential of uncontaminated, pure honey, is grossly underutilized.» ⚱️👑

Det fins for eksempel ikkje betre sårheler enn honning, så det må gjentas! Det handlar om danninga av hydrogenperoksid som skjer straks honning kjem i kontakt med hud og slimhinner. Og denne førstehjelpen har du sannsynlegvis heime i skapet! Er det ikkje fantastisk?

I tillegg til sårheling kan honning hjelpe til å styrke immunsystemet, redusere infeksjoner/betennelser, stimulere cellevekst (perfekt når sår ikkje vil gro lett og fort), og så er det antioksidant aktivitet i honning (mest i mørke typar ser det ut som). Honning har vist evne til å lindre diare, magesår, infeksjoner, irritabel tarmsyndrom, og bakterieinfeksjonar. Og mykje meir 🤩🍯🐝

Honningen er også gourmet mat, så søt og nydeleg, løfter smaken i mat og drikke, også er den perfekt for hud- og hårpleie. Jadå, eg innser no at eg må skrive meir om honning med desse eigenskapane i tankane 😂🤩🐝🍯 Men, i dag ville eg berre få fram kva slags gull naturen raust har gitt oss og peike på noko ikkje alle visste om honning! Ganske magisk faktisk, og det magiske smakes i tavlehonningen.

Helsing Vossabia 🐝💛