Sesongens supre pleiepakke 🍂 og ei varmande oppskrift!

Sesongens supre pleiepakke 🍂 og ei varmande oppskrift!

Denne veka har det ikkje vore tvil om at hausten har kome her hjå oss! ☂️🌬️ Ulltøy er funne fram til ungane, det vart hue på stølsturen i helga, og deilig fyr i ovnen! Kaldare vind og blåst, regn og sol om kvarandre, og bonus med mange fine regnboger! 🌈

Denne veka har det ikkje vore tvil om at hausten har kome her hjå oss! ☂️🌬️ Ulltøy er funne fram til ungane, det vart hue på stølsturen i helga, og deilig fyr i ovnen! Kaldare vind og blåst, regn og sol om kvarandre, og bonus med mange fine regnboger! 🌈 

Då gjeld det å stelle fint med seg sjølv og sine, få litt varmende mat på bordet (sjekk oppskrift lenger nede), ut og nyte dei fine haustdagane ein kan få, med dagslys og klar luft, og kanskje sanke inn endå meir frå naturen der ein bur.


Eg følger nøye med på veret og passar på å kaste meg ut i hagen når det har fått tørka opp, og haustar framleis inn friske nye skudd av super brennesle, ulike typar mynte, sitronmelisse, og fargerik ringblomst 🌼 Me hadde forresten ein nydeleg stølstur i helga der eg fekk kartlagt mykje einer og ikkje minst mange modne einerbær som skal plukkast inn og tørkast til krydder for viltgryter framover. 🍃🍁 På slike turar er det og moro å knekke med seg nokre greiner med einer på veg heim, koke opp ein panne med einerlåg og ha til damp eller hive i badekar eller fotbad for litt eigenpleie 🛁

Med det kaldare været framover blir det og litt røffare forhold for både sarte barnekinn og voksne som har vore ute ei vinternatt før. Uansett, liten og stor, kan ha meget godt av å smøre nærande plantekraft 🌱 og beskyttande bivoks 🐝 på ansikt og hender. Eg passar i alle fall på å gje huden litt ekstra pleie no på denne tida 🧡 Haust og vinter betyr ofte tørrare hud, raude parti, hjå nokon kan eksem blusse opp eller fingertuppar sprekk og hender vert ekstra tørre. Og så var det det å beskytte våre fine ansikt mot den kalde røffe vinden. Difor har eg lyst til å tilby familiens haust- og vinterpakke, med 15% rabatt.

Pakka kjem i eit nydeleg og særs anvendeleg gjenbruksnett (kåra til Danmarks mest miljøvenlege nett), og inneheld 3 favorittar frå vår eigen familie sitt husapotek- deluxe:
🌼 Ringblomstsalve 50 ml, ❄️ Kuldekrem 50 ml og 🐝 Panterbalsam 15 ml!

🌼 Ringblomstsalve 50 ml

Om hausten får mange av oss ekstra tørr hud, spesielt i ansiktet og på hendene 👐🏼 Ikkje berre er Ringblomstsalven perfekt som dagkrem og håndkrem, den hjelper også mot skrubbsår, brannsår, eksem og kviser, utslett, sprukken hud, og mykje meir. 💫 Uavhengig av sesong, ringblomstsalven er alltid ein reddande engel!

 

❄️ Kuldekrem 50 ml

Den beskyttar godt mot både kulde og røft ver som vind, piskande regn og snø (og faktisk sol med naturleg fysisk faktor 8). Tilbakemeldinger fra kunder er at kremen er suveren på ekstra tørre hender ⭐⭐⭐⭐⭐ Mange forteller også at kuldeeksem har blitt historie etter bruk av Vossabia kuldekrem. Det synes jeg er skikkelig stas! Salven inneheld spesielt utvalde pleiande urteoljer, slik at du får ikkje berre beskyttelse på huden frå kulde og røft ver, men du får næring og pleie til både hud OG kropp. 💖 Næring utenfrå og inn – som i alle våre produkt.

 

🐝 Panterbalsam 15 ml

Jeg har putta den lille panterbalsamen (15ml) i haust- og vinterpakken, nettopp for at det skal være praktisk å ha med på tur i haustferien.
Når me skal ut på fjelltur, er denne det første eg pakkar i sekken. 🥾⛰️ I bratte nedoverbakker kan i alle fall eg få skikkeleg vondt i knærne. Men smører eg på Panterbalsam, så aukar det blodsirkulasjonen og fjerner smertene 👍🏼. Den kan virke effektivt mot mange vanlege plager, her er noen eksempler:
✅ Ømme ledd og muskler
✅ Anspenthet i nakke og skuldre
✅ Voksesmerter hos barn
✅ Hodepine
✅ Tett nese
✅ Sprukne lepper

Ut på tur - med suppe i termos og salve i sekken
   
I dag er det endeleg opphald ein heil dag ☀️ og nydelege haustfargar rett utanfor døra 🍁 og klar deilig luft ute. Kanskje eg rekk ein liten skogstur ut på ettermiddagen? 🌲 Det blir i alle fall straks ein tur ut for å få inn resten av ringblomsten 🌼 (som eg kun plukker i sol sjølvsagt), og så ein liten registreringstur på kvar eg kanskje finn meir brennesle som skal tørkast og bli til både sjampo og hårserum. Eg vil også hauste inn frø no framover, og så må eg hugse å få ned endå meir blomsterløk i jporda, for å førebu for neste år og ein fin vår med mykje pollen frå tidlege blomar til biene 🐝

Jadå, lista er som alltid lang over oppgåver, men så herleg og oppbyggende arbeid 💚

Det gir faktisk masse ny giv å vere på hugget foran ny sesong, og ein føler seg flink. Deilig! No står snart nokre kviledagar foran oss også heldigvis. Snart er det haustferien, men før det kjem Emil’en vår på første perm frå militæret, og då har me planar om litt fri og å kome oss på tur på fjellet 🍁⛰️
 
Kanskje eg smeller i gang ein deilig gresskarsuppe til å ha med i termos og tursekk? Det er ein haustfavoritt på matbordet hjå oss 🎃 Den passer perfekt som middag, kvelds, eller som turmat i all slags vær. 🍲 Sjekk under her for oppskrift på min favoritt gresskarsuppe!
🎃 Oppskrift på gresskarsuppe
   
I haustferien har me som sagt tenkt oss ut på tur, heile familien. Og ein favoritt som turmat er gresskarsuppe. Ikkje noko problem å ha med suppe ut i skogen, det er berre å ha den i en stor mat-termos, så blir det kos i pausen.
Varmande og fyldig gresskarsuppe, ute i haustklar luft!
☀️🍁 Ja, eg kjenner eg gleder meg alt.

Blei du frista, og har lyst til å prøve? Her får du oppskrifta:
      
Gresskarsuppe med ingefær og kokos:
    
Varmande og fyldig suppe til turmat, middag eller kvelds.
- 800 g hokkaidogresskar (eller ditt favorittgresskar)
- 2 dtk. søtpoteter
- 1 stk. raudløk
- 1 ss ingefær, finreven
- 3 fedd kvitløk
- 1 stk. rød chili
- 8 dl kyllingkraft
- 4 dl kokosmelk
- 1 stk. lime
- 2 ss solsikkeolje salt og pepper, etter smak koriander
- 2 ss kokosflak
    
Slik gjer du det:
    
1. Skjær gresskaret med skalet på, og skjær i terninger. Ta ut frøene (og spar gjerne til seinare, dei er gode å ete etter du har rista dei i pannen med litt god olivenolje og salt)
2. Skrell og skjær søtpotetene i terningar. Hakk løk, kvitløk og chili (fjern eventuelt frøene hvis du vil ha ein mildare chilismak).
3. Varm ein god klunk ex. virgin olivenolje i ein mellomstor kasserolle eller panne. Fres løken til den begynner å bli mjuk utan at den får farge.
4. Tilsett ingefær, chili og kvitløk. Fres vidare i eit par minutt under omrøring. Ha i gresskar og søtpotet og fres vidare i eit minutt.
5. Hell over kraft/. Kok opp og la det småkoke til grønnsakene er heilt møre, ca. 30 minutt.
6. Bruk stavmiksar og køyr suppen glatt og jevn, og tilsett så kokosmelken.
7. Gje suppen eit nytt oppkok og smak til med limesaft, salt og kverna pepper. Server med eit dryss av hakka koriander, kokos og gjerne granateplekjerner om du får tak i.

🍲 Håper det smaker!
🧡 Og at du fann inspirasjon i dette brevet
Når me no går inn i ein ny sesong med haustens eventyr, så hugs at Familiens 🍁haust- og ❄️vinterpakke er perfekt i sekken på dine utflukter og turar, og gir deg pleie, næring og mjuk frisk hud.
Du finn dei tre produkta kvar for seg i nettbutikken:

🌼 Ringblomstsalve 50ml
❄️ Kuldekrem 50ml
🐝 Panterbalsam 15ml

Men kjøper du dei samla i denne pakka, så får du altså det 15% billigare + at det blir pakka inn i eit miljøvenleg gjenbruksnett. Dette er er supert å ha produkta i - i barnehagen, på skulen, på jobb, til strikketøyet eller som eit ekstranett i tursekken!
Save 88,00 kr
Familiens 🍁haust- og ❄️vinterpakke - 15%! 🐝🌼Familiens 🍁haust- og ❄️vinterpakke - 15%! 🐝🌼
Familiens 🍁haust- og ❄️vinterpakke - 15%! 🐝🌼
Sale price493,60 kr Regular price581,60 kr
Hausthelsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia