Så gjør vi så når vi vasker vår kropp… Med einebærbusk sjølvsagt

Så gjør vi så når vi vasker vår kropp… Med einebærbusk sjølvsagt

Einer (eller sprake som me seier her) er julebusken i songen, og det var også nokre år pappa insisterte på einerjuletre 🎄 Me protesterte og  grein litt for treet var så rart og annleis, ingen andre hadde jo sånt tre! Men så endte det med at me var stolte over dei unike juletrærne dei årene pappa hadde dei påfunna 🥰

No er eg i einerskogen vår fleire gonger i veka, og tenker då på gode minner, nyter fantastiske dufter, stikker meg litt på hendene, og får fylt korga når som helst på året med enormt helsebringande einer! No for tida vasser eg i djup snø og ristar fram eineren under snøkrystallar og snø og henter med meg så og seie ureiste råvarer til blant anna fantastiske 🧼 Skogen på kroppen.

Kroppssåpe skog
Sale priceFrom 39,00 kr

Eineren har skikkeleg stor plass i hjarta mitt 🌿💚 Og det har den nok hatt i mange sine hjarter i heile verda i tusenvis av år! Den er jo rå! Og det hadde dei naturlegvis fått med seg i oldtidens Egypt og Tibet blant anna. Dei medisinske eigenskapane har altså vore hylla og nytta i tusenvis av år. At me bruker einer, som veks rett oppi bakkane her, rett der stølsstien startar, det er jo sjølvsagt. Ureist råvare full av medisin og helsebringande kraft! Det er jo perfekt 🤩

👉 Einer har blant anna anti-inflammatoriske og antioksidant eigenskapar som gjer busken meget fordelaktig for huden. Antioksidanter som a-Pinene, b-Pinene og Sabine kan for eksempel fungere som naturleg heling som og avgifter huden ✨

👉 Andre eigenskapar med julebusken:

🌿 Renser og toner huden
🌿 Antibakterielle og antiseptiske eigenskapar, som er perfekt i ei kroppssåpe
🌿 Balanserer produksjon av talg i huden ved å redusere overflødig oljeproduksjon, noko som reduserer blokkering av porer og dermed førebygger kviser
🌿 Einer er også super for å hindre flass og gir blankt hår, så gjer som oss og prøve Skogen på både kropp og HÅR 🧖‍♀️

skogen pa kroppen

Til Skogen på kroppen koker me eineren i over 1 time, så det blir ein kraftfull einerlåg, omtrent som om me skulle brygge øl på gamlemåten. 😌 Den duften som sprer seg under koking, og som trer spesielt tydeleg fram om du dukker hodet ned i pannen etter siling, ned på einerbuskene som ligger igjen der… å du å du, det er som å bli i eitt med eineren! 😄 Hahaha, eg blir salig og mo i knærne, og det er kanskje ikkje rart. Einer vart brukt som beroligande middel før i tida 🥱, og den påverkar oss nok no også med god aroma som går rett inn i systemet. Rett i fletta altså!

Kokt einer blir forresten heilt oransje! Så difor er Skogen på kroppen knalloransje! 🧡 Ganske stilig, synes eg.



🐝🌿

 

Einer bruker me altså ikkje berre i Skogen på kroppen, men fantastisk einebær eterisk olje er ein viktig del av andre godprodukt som Sjampo med ville urter, Kroppsbalsam, og Skog deodorant. Så her kan du få ein komplett einer-serie faktisk! 💚
einerpakke

Har du litt ekstra tid i førjulstida, så kan den kreative også hive seg på nokre gamle juletradisjonar 🎄 Å pynte med einer til jul har vore gjort i mange generasjonar. Kransar vart hengt opp for å beskytte mot vondskap, og opphakka einer vart strødd på nyskura golv, og einergreiner hengt opp på utedoen for godlukt og pynt. Å lage einerkrans kan bety litt stikk på fingeren, men pynt den med sløyfer, julekuler, kongler og litt lav for eksempel. Den vil visualisere sjølve juledraumen, med den deilegaste aroma som bonus 🌿💫

skog

Så gjør vi så når 🧼 vi vasker vår kropp, vasker vår kropp, vasker vår kropp 🧼… med einer 🌿!
Me lover, du vil elske det du og! 😉


Varm helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia