Rosmarin – endeleg oppdaga og blitt ein trend!

Rosmarin – endeleg oppdaga og blitt ein trend!

Aromatisk helsing frå Nord Kypros! Plutseleg hadde eg bestilt billett til dei to yngste og meg sjølv 💚 Regn og uvær ser ikkje ut til å ha ein ende heime, så då blei det sol og rosmarinduft i staden.

renate, ylva og jonatan

Den deilig krydra duften av rosmarin heng i lufta her, då det er hekkar med rosmarin overalt 🌿 Det fekk meg til å tenke på denne fantastiske planten som er ingrediens i fleire supre Vossabiaprodukt, blant anna hårseruma våre. Det har jo blitt ein gigantisk trend på Tiktok siste året med rosmarinolje i håret, og det er berre å kaste seg over den trenden sjølv, for rosmarin er verkeleg fantastisk 🤩 ! Meir om kvifor eg anbefaler alle å ha hår- (og hud-) produkt med rosmarin nedanfor!

🙋🏼‍♀️ Men, først vil eg nemne at Vossabia er nominert til Her Awards, i kategorien Årets Lokale Bedrift 🥳 og dersom du synest me fortener ei stemme så er fristen, 12.10 kl 23:59. Trykk på linken for å sjekke kategorien og stemme, og tusen takk om du stemmer på oss 🙌🏼

rosmarin

På Vossabiagarden har den aromatiske busken rosmarin vore viktig, in og «trendy» lenge😆

Den har vore fast ingrediens i Panterbalsam i 19 år, og lenge hadde eg planar om hårprodukt med rosmarin. Og endeleg fekk eg realisert den planen i fjor haust, akkurat i tide til at «alle» oppdaga kor fantastisk rosmarin er for hår og hodebunn. Og me elskar vårt 🧡 Rosmarin hårserum og Sitrongras hårserum (som faktisk også inneheld rosmarin og andre fantastiske oljer perfekt for hår og hodebunn)!

Rosmarin har tatt av med TikTokere som jubler, og det forstår me godt! Den innebygde skepsis til TikTok-trender måtte eg berre legge vekk 😅 for eg har visst i over 20 år kor fantastisk denne planten er, og då er det berre å juble med når millioner av andre folk oppdager plantekraften! For det er i tillegg til utruleg mange erfaringer, også fleire studier som viser rosmarinen sine supre eigenskapar:

🙌 Rosmarin for hårvekst
🙌 Rosmarin mot hårtap
🙌 Rosmarin for meir fyldig og friskt hår
🙌 Rosmarin mot kløe og flass i hodebunn
🙌 Rosmarin for auka blodsirkulasjon
🙌 Rosmarin for meir skinn og glansfullt hår

Rosmarin ER FANTASTISK, altså sånn skikkeleg superbra 🌱🧡

rosmarin harserum

🤔 Men kva er det som gjer rosmarin så god for hodebunnen og håret?
👉🏻 Ein stor del av æren går til karnosinsyre, en fenolisk kjemisk forbindelse i planten. I tillegg har rosmarin over eit dusin ulike antioksidanter som kan klare å uskadeleggjere frie radikaler.
Karnosinsyre har antiinflammatoriske og antioksidanteigenskaper som kan hjelpe til med å fornye skada nerver og vev i kroppen din. Ved å påføre det på hodebunnen skapar du eit miljø der håret ditt kan trives 💆🏼‍♀️. Så viss du aukar blodstraumen til hodebunnen, gir du håret dei næringsstoffene det trenger for å felle mindre hår, vokse meir og rett og slett vere litt sunnare ✨

Det er mange årsaker til hårtap, blant anna hormonelle, genetiske årsaker, infeksjoner, stress, aldersrelatert, reaksjonar i immunsystemet.. Det mest vanlege er hormonelle årsaker, og då spesielt den typen hårtap som skjer når eit biprodukt av testosteron, kalla DHT (dihydrotestosterone) krymper og minsker hårfolliklane.

💆🏼‍♀️ Studier frå blant anna 2013 og 2015 viste at rosmarinolje massert i hodebunnen over tid kan hjelpe til å blokkere hormonet DHT som er vanlegaste årsak til hårtap hjå spesielt menn, men det rammer og kvinner.

🌿 Som sagt, Rosmarinolje stimulerer også blodsirkulasjonen og forbetrar slik også forholda for hårvekst. Flass og tørr hodebunn kan også forbetre seg med rosmarin pga den auka blodsirkulasjon kombinert med at rosmarin er sopphemmande, antibakteriell og ein god antioksidant.

rosmarin harserum

Men, det er ikkje slik at noko fungerer som mirakel, så man kan ikkje forvente auka hårvekst på ei veke og to. Studiene synte at det oftast tok frå 3 - 6 mnd, så her gjeld det å få gode vanar med å massere hodebunnen med fantastisk rosmarinolje 💆🏼‍♀️ eller eit heime-alternativ er å lage sitt eige rosmarinvatn og skylle håret med etter vask. Eg synest det lettaste er å ta nokre pump frå håroljen vår i hodebunnen om kvelden ved leggetid, massere inn, sove med det og vaske ut om dagen. Heidi, søstera mi, og eg snakka om det i helga, og var entusiastisk einige i at det har også gitt oss meir glans og eit mjukare og deiligare hår. Me masserer hodebunnen, men drar også oljen ut i håret så det glinser godt 😊

Eg mista ein del hår etter siste fødsel og barseltid, og mykje av fylden er tilbake, men ikkje slik som før.. MEN NO! Med tålmodighet masserer eg hodebunnen og stimulerer hårfolliklane mine, så eg ser for meg dei smiler og rører på seg og våknar opp att, så ved neste telling satser eg på eit langt høgare tal hårstrå 😊

sitrongras harserum

rosmarin harserum

 

KORLEIS BRUKE?

💆🏼‍♀️ TIL HODEBUNNEN
Del opp håret ved å løfte opp, pump eitt pump i hodebunnen, bruk fingertupper til å massere inn, og gjenta rundt heile hodebunnen. La det vere i minst 20 min, men sov gjerne over natta med det (ha eventuelt eit mjukt handklede på puta om du føler det er blitt veldig oljete) før du vasker håret. Kan brukast fleire gonger i veka.


👱🏼‍♀️ TIL HÅRET
Pump eitt eller to pump i handa, fordel i hendene og fingertuppane, og dra forsiktig hender/fingre gjennom håret, anten i handkletørt eller tort hår. Knip lett inn i tuppar om behov der, elles berre lett påføring for å ikkje gjere håret for oljete. Fint til å få fram meir fall/krøller, dempe krus, tilføre fukt og næring, og gje glans.

🚿 BRUK HÅROLJA ETTER DUSJ
1. Vask håret som vanlig, og tørk med håndkle.
2. Påfør serumet i hårtuppene, og jobb deg oppover.
3. La serumet få trekke seg inn i håret - nyt et friskt og sunt hår!

💪🏼 Med regelmessig bruk vil du også snart seie 👋🏼 farvel tørt, krusete hår og velkommen mjukt, skinnande sterkt hår!

rosmarin harserum

rosmarin harserum

Linda og Ylva bruker Rosmarin hårserum dagleg, og sjekk kor nydelege dei er!

I tillegg til alle fabelaktige effekter på hårvekst, hårtap og hodebunnsproblem generelt, så har rosmarin vist seg kraftfull og effektiv mentalt sett også, for eks på hukommelse, konsentrasjon og nedstemthet. Rosmarin har vore ein viktig ingrediens i Panterbalsam i over 19 år no, mest fordi den aukar blodgjennomstrømmingen, men også fordi den kan vere oppløftande og nervestyrkande. Eit heilt naturleg og velduftande mentalt styrkemiddel! 💚

panterbalsam

 

 💚 Så her er det fordel på fordel med å ta i bruk denne oppkvikkande planten!

Kjære lesar 💛
Me blir så glad og takksam om du vil støtte Vossabia med å stemme på oss til Her Conference and Awards, som har utdeling av blant anna kategorien Årets Lokale Bedrift, med frist 12.10 og her er linken til å stemme.

Hausthelsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia