Renate prater om plager i underlivet ❤️‍🩹

Renate prater om plager i underlivet ❤️‍🩹

Eg vil fjerne tabuer og sette sunn pleie og lindring av plager «der nede» på dagsorden igjen, av den enkle grunn av det er så mange som sliter med ulike plager i kjønnslepper, klitoris, skjede, endetarmsopning.. Me snakker om kløe, svie, tynn skjør og stiv hud, og andre symptomer mange usynleg sliter med.

Smørning til din heilage gral!

Eg har skrive om underlivet før, men no er det på tide å løfte opp og fram att vår heilage gral! 💚 Eg vil fjerne tabuer og sette sunn pleie og lindring av plager «der nede» på dagsorden igjen, av den enkle grunn av det er så mange som sliter med ulike plager i kjønnslepper, klitoris, skjede, endetarmsopning.. Me snakker om kløe, svie, tynn skjør og stiv hud, og andre symptomer mange usynleg sliter med. Dette går sjølvsagt ut over korleis ein har det, og det går ut over sexliv og intimitet.💝 Så, det er ganske mange ekstremt gode grunner til å snakke masse og ofte om dette. 💬🗣

Underlivet var også stadig tema på den store marknaden Kjerringtorget der fleire damer kom og fortalte kor utruleg god hjelp og lindring dei hadde fått med Kamillebalsam og Sensuell på hud- og slimhinneplager i underlivet. Det er så rørande og fantastisk å høyre, og slike historier, over bordet på marknad, bekrefter det mange andre skriv og fortel om.

Dette behovet for å informere vart endå sterkare då eg i helga fekk epost frå ei dame som hadde fått anbefalt av gynekolog på sjukehuset å bruke kvit vaselin på sine skjøre slimhinner i underlivet (pga Licehn Schlerosus-lidelsen). Kvit vaselin er ekstremt raffinert og laga av avfallsstoff frå råoljeindustrien (det er eit petrolatum), det er råbillig, glir godt, blokkerer for luft og væske, og er godt egna til bruk i bilindustrien og til smørning av mekaniske deler. Men, kanskje me ikkje skulle bruke avfallsstoff frå råoljeindustrien I UNDERLIVET?? Eller på kroppen i heile tatt? Eg rekner det i alle fall som ein ganske stor fordel at huden min får puste.

Ein av grunnane til at Vossabia vart meir enn ein hobby var nettopp for å tilby kosmetikk som ikkje inneheld mineraloljer/petrolatum/avfall frå råoljeindustrien, men heller gjennomtenkte helsebringande urter saman med super bivoks (som let huden puste og tilfører sunne saker i tillegg).🌼💚🐝

Så eg vil gjerne informere om nokon produkt kundar har meldt om i årevis som gode hjelparar på ulike kvinneplager i våre intime soner. Med fantastiske ingrediensar frå planteriket kan nemleg fleire av salvane betre plager som påverkar kvardag og livskvalitet, sjølvtillit og relasjonar.

Mange kvinner opplever tørre, såre slimhinner, kløe, svie, eksem i underlivet, sopp, hemoroider, rifter i underlivet, eller kva med den forferdelege hudsjukdomen lichen sclerosus, som dessverre rammer fleire underliv enn me trur.

Men det fins ei naturnær løysing for mange! 💚 

Fyrst og fremst min kjære kamillebalsam 🌼

Av og til lurar eg på kva denne ikkje er god mot! Men, i denne samanhengen vil eg snakke om dei gode eigenskapane den har mot vaginal- og analkløe, underlivssopp, strekkmerker, underlivet før og etter graviditet, tunge og svette bryst, og ikkje minst lichen schlerosus.

Kamille er jo kjent for sine soppdrepande og klødempande eigenskapar, og vår supersunne kamillebalsam kan trygt brukast i underlivet 🍑

Eg har fått så mange tilbakemeldingar frå kundar som fortel korleis kløe i underlivet har forsvunne, og dette er noko eg sjølv og har opplevd. På slutten av forrige graviditet og etter fødsel opplevde eg ein intens kløe i underlivet, og den gjorde meg heilt sprø!😛 Like før eg holdt på å klikke kom eg på at eg lagar jo produkt folk brukar mot kløe, kvifor bruker eg ikkje dei no? 😂 Eg kasta meg over Kamillebalsam og smurte meg inn, og som det hjalp! Så kombinerte eg den med Panterbalsam, begge deler smurt rundt i herligheten foran og bak og det funka knallbra med stor lettelse frå den sprø kløen!
  
''Denne er gull!! Anbefales på det varmeste! Har slitt med mye kløe i underlivet i løpet av alle år, og med div. behandlinger som bare hjelper litt. De siste 10 -15 årene har jeg stadig måttet ty til sterk kortison, noe som ikke er bra. Kjøpte en boks med denne på våren i fjor, og har ikke rørt kortison en gang siden det. Kløe og irritasjon gir seg nesten umiddelbart, og huden har også blitt mykere, ikke stram og irritert lenger. Hadde jeg bare oppdaget denne før :) Har snart alle Vossabia sine produkter i skapet, og elsker dem! Kommer til å fortsette med disse.''
- Randi W.
 
Kamillebalsam (og Ringblomstsalve og Kroppsbalsam) er også god for å førebygge revner under fødsel: smør deg godt og ofte inn med denne i svangerskapet, så er underlivet ditt forberedt på så og seie alt. Eg vil også tørre å påstå at Kamillebalsam er hovudgrunnen til at jeg ikkje har revna under nokon av mine tre fødslar. Og, viss du har fått vaginal sopp kan denne trygt brukast både utvendig og innvendig, den har i alle fall hjelpt meg mot kjedeleg underlivsopp.
 
 

Lichen sclerosus

Ein forferdeleg hudsjukdom som rammar som oftast huden i underlivet med intens kløe, hud som blir tynnare, stivare og etterkvart nærast krøller seg som tynt sigarettpapir. Kvinner får ofte sterk kløe på kjønnsleppene, klitoris og rundt endetarm, medan menn (som ja, også kan få dette), får endringar i huden på penishovud og forhud (så eg anbefaler menn også å smøre kjønnsdelene med kamillebalsam for å førebygge (eventuelt forbetre) problem med for trang forhud og smerter ved ereksjon). Kvinner kan oppleve smerter ved samleie på grunn av irritasjonane i huden og eventuelle problem som kan kome med samanvoksninger på grunn av arrdanninger, men heldigvis blir ikkje slimhinner berørt. Men, alt i alt skikkeleg forferdeleg med ein kvardag prega av ein slik plagsom hudtilstand i underlivet.

Dette er ein typisk tabu-tilstand som eg ikkje hadde høyrt om før ein kunde spurte om råd for mangre år sidan, og eg anbefalte Kamillebalsam på grunn av symptomene ho skildra. Legar og gynekologar gir oftast ut kortison for denne sjukdom (som er sterke saker med innhald man burde vere forsiktig med, etter mitt syn), og kunden fekk lite effekt av kortisonbehandlingane.

Etter kun nokre veker fekk eg ein veldig rørande tilbakemelding frå den unge dama, berre sjå her:
 
''Hei igjen, ville bare gi deg nok en fantastisk tilbakemelding på kamillebalsam!! 😄 Etter å ha brukt den i under tre uker er jeg, per i dag, uten symptomer. Helt utrolig bra!! Håper bare det fortsetter uten store tilbakefall, det får tiden vise, men foreløpig bedre enn jeg turde håpe på. Tusen takk for et fantastisk produkt. Har riktignok brukt nesten hele boksen og må bestille ny til uka, men det er verdt så mye å slippe kortison!''
 
Og så var dei ein anna som fortalte om Kamillebalsam under puppane:
 
''Hei, Jeg har brukt kamillebalsam mot sopp under brystene, etter å ha smurt 2 kvelder på rad var det borte, helt utrolig! 😍 Godt å slippe å bruke legemidler, det føles bedre å smøre naturen på kroppen 🌸♥️ Nå skal jeg forsøke panterbalsam mot hemoroidene, som kom etter forstoppelse i starten av svangerskapet, og fødselen 🥰 ''

Og så må eg nevne deilige SENSUELL!

❤️Sensuell er eit must have i nattbordskuffen, spør du meg. Dette er orginalt eit opphissande, naturleg og supersunt glidemiddel (sjekk blogginnlegget om den 😉), men som også har utruleg mange gode helsefordelar.
  

Det er eit deilig, smidig, nydelig glatt og afrodisiak glidemiddel, oh jess!💝
Men, i tillegg er dette produktet heilt fantastisk mot tørre slimhinner. Dette er noko mange kvinner i overgangsalderen kan oppleva, men og unge kvinner opplever dette problemet. Ved å smøre deg med denne vil det bli glatt og godt i skjede og slimhinner.
Det er med andre ord eit produkt alle kvinner burde ha!

Så er det 🧡 panterbalsam då!

Denne mangfaldige venen vår!🐝🌼 Den er perfekt mot kløe i underlivet, og er veldig fin å blande med kamillebalsam. Denne får eg og mange tilbakemeldingar på når det gjeld hemoroider. Panterbalsam er både varmande og kjølande pga kombinasjonen av urter, og difor veldig god i kombinasjon med Sensuell i erotiske samanhenger. Den er, som du kanskje veit, knallgod mot vondter og verk, og kan difor og vere ein livreddar på menstruasjonssmerter. Smør inn der det gjer vondt, og du vil forhåpentlegvis merke at det demper dei månadlege smertene.
Eit anna bruksområde panterbalsam er veldig godt for er ved tette eller sprengte melkeganger i bryst. Ved massasje løsnar den dei tette og klumpete melkegangane på ein fantastisk måte, og kan ta bort smerte og hindra betennelse.

Ein ganske smertefull, men morsom historie er då eg drog på yoga retreat for blant anna å kome meg vekk frå Jonatan (då nesten 2 år) for å slutte å amme. Brystene heldt på å sprenge etter eit døgn, med tettare og tettare melkegangar, og det var kjempevondt. Heilt desperat, og ganske nervøs for å få infeksjon, så satte eg meg toppløs ute på eit svaberg og begynte å massere, først med Kroppsbalsam, så med Panterbalsam – og då tok det av! Alt løsna, og kort fortalt: eg spraya svaberget kvitt! 😂😂 Sikkert ekkelt å lese for mange, men so what.? Sånn er dette livet 😂 Det endte forresten med at Jonatan heiv seg rett på puppen når eg kom heim, og heldiggrisen fekk melk til han var over 3 år 😂

Har du prøvd noko av produkta på konkrete hudplager? Det hadde vore fint å få høyre om dine tankar og erfaringar!
 

Helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia