Plager mygg, knott og flått deg og kjæledyret? 🦟 Ikkje oss! 🍀

Plager mygg, knott og flått deg og kjæledyret? 🦟 Ikkje oss! 🍀

Ja, eg ELSKAR Panterbalsam for å halde unna 🦟mygg, knott og flått! 💚🍀💚
Takka vere ei eldre dame i Sogn som for over 10 år sidan oppdaga at vår kjære Panterbalsam var genial til å halde unna stikkande, blodsugande småkryp. Før det hadde eg kun brukt Panterbalsam på hovudpine, muskelverk, smerter, tett nase, og mykje anna vondt og verk. For den har jo så ekstremt mange bruksområde, og er, for å sitere Jorunn, mi gode arbeiderbie her: HEILT UUNNVÆRLEG! Og MÅ vere tilgjengeleg over alt, spesielt på denne tida! 

Heilt einig med deg, Jorunn! 😘

 
Jorunn har for eksempel smurt inn beina sine i slåtten, frå lysken, lår og ned leggen, ho tek ingen sjansar 😂 og prøver til og med å få den heftige kleggen til å halde seg unna der ho vassa i høgt gras. Og ho påstår at det funka! 🙌

 
Panterbalsam smurt litt her og der er oftast nok mot stikkande kryp, og er dermed også suveren å ha med på terassen på hytta, på telttur 🏕 hengekøyetur eller når du står og ser på ungane sin fotballkamp (eg var vel einaste mora som ikkje vifta vilt med armar gjennom kampane på banen midt inni skogen).

 På Hardangervidda må eg smøre litt meir, for der er myggen heilt crazy, intens og og flyg i svermer og kolliderer med oss heile tida 🍀 Då blir det litt på jakkeslag, sekken 🎒og liknande også. Då går det an å sette seg ned å koke kaffe på primus likevel.

Det er dei eteriske oljane i Panterbalsam som småkrypa ikkje likar. Eukalyptus, rosmarin og peppermynte er sterke urter som får myggen til å skygge banen, eller kroppen rettare sagt ;) Det er ganske mange eteriske oljer som mygg, knott og flått ikkje likar, blant anna lavendel, sitrongras og timian også. Så det er berre å teste om solkremen med lavendel kan halde dei irriterande krypa unna også. Fleire har meldt om det gjennom årenes løp. Same med håroljene, med sitrongras og rosmarin for eks. Men, på alle desse åra er det altså Panterbalsam me får enormt mange tilbakemeldinger om akkurat dette på kvar sommar! Den uunnværlege panterbalsam!


Sjekk denne supermorsome tilbakemeldinga frå ein kar som fekk bort insekta frå vindauga i utestova si med Panterbalsam! Utruleg oppfinnsam og kreativ type! Han smurte litt i karm og på glas og sat krukka i karmen, og vipps forsvann insekta! Zoom inn på bileta og sjå forskjelen! 🌟

Hund, katt og hest! 🐕🐈🐎 Korleis beskytte dei mot mygg, lopper og flått? 🦟

Me har fått SÅ mange tilbakemeldinger frå hundeeigarar om gode turopplevingar utan flått på hunden etter Panterbalsam kom i bruk. Utruleg moro, og så godt for både hund og eigar! Fyrste gong eg høyrde om dette var frå ein kar i Hardanger som ikkje lenger fekk flått på hunden på skogstur etter Panterbalsam vart smurt litt på halsbandet/selen, men dei andre hundane utan panterbalsam fekk framleis flått. Hestar har og hatt nytte av Panterbalsam, og det er også meldt om god effekt ved kløe etter stikk og lopper osv på hest 🐎

Dei økologiske eteriske oljane i Panterbalsam (rosmarin, eukalyptus, kamfer og peppermynte) er sterkt fortynna i fantastisk bivoks og økologisk solsikkeolje av høg kvalitet. Fortynning av eteriske oljer er nummer 1 når ein skal bruke det på kjæledyret sitt.

Panterbalsam inneheld altså kraftfulle eteriske oljer, og det er fleire av dei som er med å halde flåtten unna, og dei er trygge for hunden. Men, det gjeld å tenke seg om og vere forsiktig med eteriske oljer på kjæledyr, og då spesielt katt 🐈

Det er viktig å gjere gode undersøkingar før ein bruker eteriske oljer rundt og på kjæledyra, men om det er brukt rett kan eteriske oljer vere ein god bidragsytar til både helseproblem og som insektsavvisande middel. Det er også ein ide å smøre inn halsband og sele om ein vil unngå kontakt med hud.

Mange har nytte av Panterbalsam på dyr altså, men om du vil slå deg laus og lage din eigen insektsspray til hunden din kan denne oppskriften vere god 💚:

Bland desse ingrediensane godt i ei rein og tom sprayflaske:
1 dl økologisk jojobaolje
15 dråpar sitroneukalytpus eterisk olje
6 dråpar peppermynte eterisk olje
6 dråpar sedartre eterisk olje

Rist flaska godt før kvar bruk. Spray på kjæledyret kvar 2.-3- dag og masser det litt inn i pelsen. Ved daglege turar i område med mykje mygg og flått, spray dagleg.

Til den følsomme katten 🐈 (eller mine 4 kattar – jadda, skikkeleg kattedame), så lagar eg ei blanding av sedertre og lavendel (uttynna i kokos og jojoba), som eg med pipette bruker nett nokre få dråper av i pelsen oppå nakken. Eg passar på at det ikkje kjem der katten vasker seg med tunga, sjølv om dette er heilt trygge eteriske oljer for katt.

Så med desse tipsa for betre uteliv for både folk og dyr, så håpar eg du nyter sommardagar og kveldar på både terrasse og i hengekøye.

Helsing Vossabia 🐝💛