Overraskande og fantastiske måtar å bruke kamille

Overraskande og fantastiske måtar å bruke kamille

Kamille er ein av våre mest kraftfulle medisinske urter 💚 og samstundes så mild og forsiktig at den passar dei fleste. Lær meir om denne supre planten, og gå ikkje glipp av det utskriftbare fine kortet med oppskrift til deg! 🎴

Kamille kan gjere enormt mange ulike ting for oss, frå å roe ned nervesystemet, lindre muskelspenningar, ta tak i forkjølings- og influensasymptom, til å støtte god fordøyelse, minske betennelser og hemme sopp. Det er ganske mange fantastiske eigenskapar stappa inn i ein bitteliten sart blom 🌼 Og det er faktisk berre nokon av dei! Å helledussen, så mange måtar me brukar kamille på, både innvortes som te, og ikkje minst på huden for tusenogein ting! 💚

Mange kjenner til kamille, men langt færre kjenner til kor mange fordeler det er med denne tynne, litt spe planten. Eg vil no fortelle meir om superurten og så vil eg dele ein knallgod kamilleoljeoppskrift som de kan teste ut heime! 💆‍♀️

kamille

💛 Kamillefordelar for nervesystemet!

Kamille er knallgod på å støtte nervesystemet og dermed lindre stress, angst og fremme ro og god søvn 😴 Å drikke ein kraftig kopp med kamille-te er som å få ein varm og beroligande klem frå ein du er glad i 🤗 Halvegs i koppen merkar eg at skuldrene senker seg, pusten blir djupare, og kroppen slapper meir av. I vår stressfylte verden kan denne kamilleklemmen vere ein reddande engel. Kamillebalsam som eg utvikla for 19 år sidan er også ei skikkeleg nydeleg omfavning! Fantastisk å ha på nattbordet for å smøre føtter, nakke, panne før du skal sove. 🌃

kamillebalsam

Det er ikkje noko nytt funn at kamille er så god for nervesystemene våre, for i mange århundrer har urteleger brukt kamille for ro og god søvn for både barn og voksne. Og ein spennande ting: jo meir du brukar, jo meir effekt og markante resultat ✨

Forskarar har synt interesse for kamille også, og det er spennande, positive resultat i kliniske studier som har sett på plantens evne til å handtere angst og depresjon, og sarte fine kamille reduserer spenninger i nervesystemet. 

   

Kamille for muskelspenninger, krampe og smerte 🤦

Tenk at denne lille blomen kan avlaste stresse som kjem i musklane våre! Har du muskelspenningar knytt til stress (æh, jaaaa!) eller rett og slett muskelspenningar som fører til smerte? Herbalister og naturopater rundt omkring i verda har sett korleis kamille for eksempel kan lindre menstruasjonskramper, samt hodepine som følge av spenninger i rygg og nakke 🤩 Dette er utruleg spennande, og veldig verdt å teste ut, om du har Kamillebalsamen vår på hylla di.

kamille

👉 Kamillebalsam, eller kamilleolje som du får oppskrift på under her 😉, er verdt å teste ut om du har karpaltunnelsyndrom også ✋ Eit pilotstudie som undersøkte blant anna kamille i den samanhengen konkluderte med at kamilleolje forbetra symptomatisk og funksjonell status hjå pasientar med det smertefulle karpaltunnelsyndromet. Eg har no satt ei venninne på kamillekur for sine plager knytt til dette syndromet. Ho skal få kamilleklem og kamillekos og kamillekjærleik mange gonger dagleg framover som eit eige lite «studie» 💚 Linda jobber ein del her for tida, og då må eg ha ho i god form og planlegger at kamille både inni og utenpå Linda skal gjere susen mot smerter og halde ho sprudlande og supereffektiv som ho pleier 🌼

Kamille brukt mot muskelspenningar og smerter kan tas innvortes som te eller tinktur, men altså også brukast utvortes på vonde område som salve (anbefaler verdens beste Kamillebalsam), eller som infusert olje (sjå oppskrift til deg! 👇)

kamilleMin tilsette, Linda, som eg prøver å hele og heale med MASSE kamille te kvar dag, OG Kamillebalsam på hennar vonde hender. Faktisk merker ho litt betring her alt, så det er jo heilt knall! Så fortsetter me "studiet" og ser om det kan funke over tid! 🤩🙌

  

💛 Kamille ved forkjøling og influensa 

Her er kamille skikkeleg undervurdert, tenker eg. Drikker du ein skikkeleg sterk og varm kamille-te kan det virke beroligande så ein får kvile, men spennande: kamille sine avspennande eigenskapar kan naturleg hjelpe kroppen til å sleppe overskuddsvarme (feber) ut av huden. Urteterapeuter henviser til spesifikke symptom for kamille ved feber når personen føler seg varm, er irritabel, har verk og smerter, og berre ønsker og kvile og sove det av 💆 DÅ er det berre å sette vannkokeren i gang og brygge skikkeleg sterk kamillete 🫖

Kamille kan også fungere bra ved tørrhoste på slutten av sjukdom, og då er den fin å kombinere med for eks fiol eller timian, eller faktisk marshmellow urt.

kamille

💛 Kamille for alle og for alt mogleg!

Ja, sånn er det. Kamille kan godt vere den første urten man tyr til når barnet har plager, er uroleg, har vondt i magen, eller har infeksjon på auga, fotsopp mellom tærne, og mykje meir. ☕️ Kamille-te skulle vore fast i alle kjøkkenskap, men eg må jo, heilt inhabilt seie at Kamillebalsam burde vere i alles badehylle eller nattbord også. Eg har ikkje tal på alle dei ulike plager som folk har meldt om at Kamillebalsam har fungert mot desse snart 20 åra med denne grønne deilige kamillebalsamen. Det er altså alt frå sår som ikkje vil gro på eldre, knallharde hælar som blir til babymjuk hud kjapt, psoriasis og eksem, kløe, underlivsplager, sopp og betennelse, uro og stress i muskler og sinn, solbrenthet, insektsstikk, ja altså mykje meir enn dette og. Og kva er grunnen til alle desse vidunderlege og rørande tilbakemeldingane på mangt og mykje? Jo, kamillens kraftfulle eigenskapar, som beviser at sjølv om man er mild og forsiktig, så kan man vere knallsterk! 💪
kamille
🤗 La deg klemme av kamillen du og! Og prøv denne luksuriøse og avspennande kamilleoljen som du kan skrive ut eit oppskriftkort på her:

LAST NED OPPSKRIFT

P.S. Hugsar du at eg i forrige veke nevnte at Vossabia skal feire 20-årsjubileum neste år? 🎉
Det blir feiring med mange spennande foredrag, aktiviteter og leikande og lærerik moro! Me har avgrensa plass, så om du vil ha tidleg og prioritert tilgang kan du fylle ut dette skjemaet 😁🐝🌼

Varm helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia