I dag vil eg oppfordre til variasjon og mangfald – under armane! Varier på deo’ane og duftane du brukar! Det gjer i alle fall eg, og det er så forfriskande og fint, for det er jo ikkje slik at ein duft passar til alt? Eller? 😉 Før eg gjekk over til naturleg deodorant brukte eg ein fast deo, kvar dag heile året, i ååååreeeevis! Altså, rart eg ikkje blei lei, men eg tippar dei rundt meg vart det 😉 No byter eg etter HUMØR 😁 etter AKTIVITET 🥾, etter ANLEDNING 💃, etter FØLELSE 🤠, og etter IMPULS 🐝, fleire gonger i veka.
Kvardag med styr og ståhei, fest og flørt, eller trening, eller skogstur med venner, eller hardt fysisk arbeid, eller lang togtur, eller på stranda i varmare strøk? Heilt ulike anledninger kan markerast med duft, og det gjer eg no😊 Digger det! Og det er så enkelt og så moro, MED MINIDEO’ane!
🌿🌸 TIMIAN og SALVIE - med lavendel som tittar fram inni der. Denne altså! Først skremte den meg litt med sin pepra frekkhet, men no diggar eg den fullstendig💖 For meg: når eg stressar rundt, jobbar hardt, i mykje aktivitet, og dei morgonane eg treng å kjenne meg sterk og kraftfull 🦸♀️
Timian er perfekt under armane: antibakteriell, med antioksidanter, og antimikrobielle eigenskapar som fjernar bakterier som luktar dårleg. Timian rensar og styrkar huden, og hjelper mot kløe og tørrhet.
Salvie aukar godfølelsen, stimulerar og kan gjere deg klarare til sinns. Romarane kalla salvie “Den heilage urten”, og det skjønar eg! Ganske maskulin, men bringer og fram pepper og friskhet, og baki der eit hint eukalyptus-tonar.. Spennande! Og desse to kraftfulle krydra blir balansert med beroligande, blømande lavendelduft 🤩 Visste du at lavendel er ein av dei beste til å få bort vonde lukter som kroppslukt?
❤️ SENSUELL - fest, forføring, flørt! Ylang ylang og kardemomme: yin og yang i perfekt møte!! ☯️ Eg synest denne er mystisk, djup, eksotisk og spennande. For meg passar den på fest, på kveld, og når eg vil forføre eller føle meg på topp.
Ylang ylang - denne seriøst eksotiske, intense, rike duften - er ein vinnar blant verdas parfymemakarar, blant anna heilt essensiell i Chanel No. 5. Denne feminine duften er her med i vår botaniske deofamilie for å tilføre ein deilig dose tropisk paradis 💖
Kardemomme - også kalla “The Queen of Spices” var ein av hovedduftene brukt i parfymer hjå dei gamle egyptarane, og den krydra og skikkeleg sensuelle duften forfører framleis, 😍tusenvis av år etter egyptarane begynte å bruke den. Kardemomme er antiseptisk og antimikrobiell, og dette gjer at krydderurten er super i deodoranter for å førebygge og hindre illeluktande bakterier i å forureine armholene dine.