Ganske fint med morgonkontor i fjæra, med bølgeskvulp, og fjord og fjellutsikt! Og kun meg og røyskatten som er våkne.
Røyskatten pilte forbi som ein slags fjøre-skurk, lurte på kva ei dame i rosa kjole gjorde midt i arbeidsdagen hans.
Det går altså i plukking og innhausting i desse dagar! Intense dagar i intens varme! Me svettar med bøygde ryggar og varme hender (og hovuder!) som vurderer, klypper, knip og fyller korg etter korg med grøne skattar– og alt dette for at du skal få dei beste plantane i produkta du smører, vasker og styrkjer deg med.
No gjeld det å stå på – dette er det korte vindauget der me må sikre oss årets urtefangst før neste sesong.
Planen i dag er mangfoldig: firkantperikum (vill johannesurt som eg har planar om nye produkt med!), og ryllik og raudkløver. Desse tre er essensielle i det heilt vidunderlige, smoothe, helande kroppssmøret: Kroppsbalsam med ville urter. Ryllik finn du og i sjampoen og Rosmarin hårserum då denne robuste universalplanten er super for hår og hodebunn også!
🌿 Vil du kjenne urtene på kroppen?
Her finn du plantekrafta me plukkar akkurat no:
👉 Kroppsbalsam med ville urter
👉 Rosmarin Hårserum
👉 Rose- og raudkløverskrubb
Raudkløver treng me mykje av då den er supersentral i Skandinavias beste peelingprodukt 2025! Altså Vossabias Rose- og raudkløverskrubb til ansikt og hals. Ikkje så rart den vinn prisar med tanke på dei handplukka ville plantane frå den reine vestnorske naturen. Geitrams har me med ei eige korg til også. Rosa og fin, og perfekt på fjellet no – og den skal eg umiddelbart la trekke til drikkekonsentrat som kan brukast til både saft, brus, drinker, gele og anna godt, så har me i fryseren gjennom haust og vinter.
Rosa geitrams i bakgrunn og universalplanten ryllik fremst
Og så blir det gullris og filtkongslys med heim att og! Gullris er ein fabelaktig urt, spesielt god for urinvegane (vanndrivande blant anna) og luftvegane. Filtkongslys er og super for luftvegar og slim. Eg skal tørke dei og bruke som te og passe på at Ylva og tilsatte som brygger på forkjøling og hoste får gullris og filtkongslys med i ein av te-blandingane eg lager, men eg kjem og til å legge ein del på sprit for å få effektiv tinktur.
Med gullris i handa møtte eg ei god gamal venninne ved Vøringsfossen forrige kvelden, og ho testa sitt nye kamera på meg. Kos med spontantreff på spesielle stader!
**FOTO: Heidi Kvamsdal
Det har vore nokre turar til fjellet no, og forrige dagen var Jonatan og eg heime att først halv ett på natta. Han får oppleve mykje med ei mor stadig på jakt etter dei beste plantane! Han begynner å kunne ein del planter også, og roper ut: mamma, sjå rødkløver og ryllik! Då blir mamsen glad og nøgd, hehe. Fint at det er sommarferie for han, så han kan sove til langt utpå ettermiddagen når han må henge med meg på alt!
Mamma plukkar ryllik og Jonatan tek bilde.
I den intense varmen er det fantastisk at me har så mange deilige elver og vatn rundt oss overalt, og kort veg til fjord og sjø. Me er spesielt glad i å bade i elvar og fjellvatn, og etter plukking og lange dagar med arbeid har det omtrent redda oss med forfriskande bad.
Ekstra kjekt i går kveld der eg fekk bada i elva med alle tre gullene mine.
Badebehovet er sterkt hjå mange no, og spesielt moro er det når det kjem bilder frå folk som brukar vår naturvenlege og folkevenlege sjampo til utevasken. Det anbefales verkeleg!!
Me kallar det elvespa. Naturleg sjampo + kroppssåpe = velduftande villmarkskvinner.
No har Linda stått opp, og tenk så heldig eg er. Ho serverte meg no kaffe til skrivinga og ikkje berre det: jordbær og fløyte til frukost!
Perfekt før me kjem oss kjapt til fjells, og gjer oss klar til nokre effektive og deilige timar bøygd over plantane! Det er hardt arbeid og eg kan garantere: ingen treningssenter slår ei veke med Vossabiaryggbøy! Men det er jammen ei velsigning og rein meditasjon også: å få vere nær naturen på denne måten!
Hallo fine rødkløver, no skal du få bli med til gards og bli til deilige og næringsrike saker som folk vil elske å smøre og skrubbe seg inn med.