Litt til om vår darling Solkrem ☀️🌼🐝

Litt til om vår darling Solkrem ☀️🌼🐝

Solkrem, Panterbalsam og Kamillebalsam. Det går faktisk ikkje an å stikke på tur eller ferie utan desse produkta i veska, viss du spør denne familien altså.

Denne er så mykje meir enn ein solkrem med god, naturleg og trygg solbeskyttelse.. Det er ein luksussolkrem som verkeleg struttar med sine supre planteingrediensar 💚🍀 blant anna den fantastiske planten tindved. Berre les vidare nedanfor, så kjem det eit lite foredrag om denne elsklingen.

Opplagt val om sommaren som beroligande after-sun, for å bli kvitt harde hælar, kløe, tar solbrenthet fort for dei som gløymde å smøre seg, og så utruleg mykje meir 🌼 Og blir det mykje svetting under tunge pupper eller klamme varme rumper 😂 jadå her snakker med rett frå levra, haha, ja, så er det nydeleg å smøre med Kamillebalsam.

Eg elskar den høgt og intenst 💚 men stikkande insekt og blodsugande kryp HATAR den 🦟 Hehe, det berre aukar min sterke kjærleik til den. For etter at ein kunde oppdaga det for over 10 år sidan 🙏, så har det vore mogleg å nyte seine sommarkveldar ute utan å bli blodfattig 🌅 Og så perfekt før nedstigning frå bratte fjell ⛰ smør på knær før du begynner nedover, så blir bratte bakkar lettare å takle (slik er det for meg i alle fall). Slitne, ømme og såre musklar blir og veldig glad for å få panterbalsam på.

Naturleg fysisk solfilter er sjølvsagt eit must og heilt udiskutabelt for oss. Men, det som eg kanskje elsker mest med denne 16-åringen (ja, det er faktisk 16 år sidan eg utvikla den😅) er at den er eit skikkeleg kinderegg! Vossabias konsept handlar ikkje berre om kosmetikk, det handlar nesten ingenting om kosmetikk. Men, om helse og heilskapleg tenking rundt det🍀 Og økologi og mangfald og å nytte det nære og kortreiste som mykje som råd 💚 Eg vil ha næring inn i munnen og næring inn i huden og vidare frå munn og hud til kropp, blod og organ og heile økosystemet inni oss. SÅ, då er det sjølvsagt ikkje nok å ha ein solkrem som beskytter godt mot både UVA og UVB-stråler med naturleg solfilter ☀️ Solkremen MÅ og vere stappfull av sunne, næringsrike, økologiske planteoljer som gir deg meir enn det ein solkrem strengt tatt trenger.

Så, kva seier du til ein deilig solkrem utan forstyrrande ingrediensar, men kun sunne saker, som også pleier huden og tilfører spennande planters næringsstoff til hud og dermed kropp 💛 Tindvedoljen i solkremen er med å gjere den til ein luksussolkrem. Den har så mykje spennande ved seg av næring, blant anna den viktige omega 7. 💛 I forhold til sol og solskader på hud, så er tindved ekstremt interessant. Tindvedolje kan, med sitt høge antioksidantnivå, gje huden beskyttelse mot skadelege effektar av UV-stråler og frie radikaler, som er ein ganske god grunn til å ha med tindved i solkrem.

Men, nokon opplever at den gule tindvedoljen smittar over på klede (typisk på kvite skjortekantar), spesielt om ein har tatt litt mykje på (hugs at den er veldig dryg, pump ut ein strek og smør, så ser du kor mykje du treng).


Har du flekkar frå solkrem, salver, matolje, søler på restaurantbesøk eller anna vanskeleg på kleda? Prøv dette:

- Fukt flekken
- Gni litt natron inn i tekstilen på flekken(e)
- Vask som vanleg

Dette pleier ta flekker fint og fort. Håpar det funkar for deg og om uhellet er ute 🤞

Så då er det berre å nyte sommar og sol! ☀️💛🐝🌼Her er det ei veke med bursdagar 🎉 først ute var Jonatan 4 år, så søstera mi Heidi og meg sjølv til slutt denne veka. Så takksam for kvart år! 💗 Skikkeleg krepse-gjeng som elskar sommar, sol og bading, det er berre å hoppe i det! 💦

Helsing Vossabia 🐝💛