Kvit jul og julefilm med Vossabia ☃️

Kvit jul og julefilm med Vossabia ☃️

Ho ho, jammen kom det masse ny snø igjen! ❄️ Den fantastiske kvite vinteren me har hatt siste månaden, med perfekt ake- og skiføre ⛷ forsvann i eit lite hav av regn i helga. Men i dag våkna me til nye 20 cm og sååå snøtunge tre, greiner og straumlinjer at straumen gjekk her midt i produksjon av ringblomstsalve og kamillebalsam. 😅🌼

Men, ingen fare det altså, me har laga produkt på primus før me! Straumbrot stopper ikkje Vossabiaproduksjonen! 🤣

Vossabiaproduksjonen


Så då blir det kvit jul! ☃️ Og det er det beste me veit! Me har og tenkt å sige litt saman i sofaen eit par dagar, og nyte julefred og marsipan og juletre frå skogen vår. 🎄Me er på grensa til å velje einertre frå skogen i år faktisk, etter inspirasjon frå forrige vekes mimring og nostalgi frå barndomens sprakebuskjuletre! Men, til slutt må me vel egentlig berre velge eit noko lunde tre som me kjem noko lunde lett til i skogen her oppe. Med heimelaga pynt og litt gamalt godt glitter ✨ blir det nydeleg!


Denne siste veka før jul er det mykje som skjer her sjølv om tempoet med rett skal senka seg litt no. Her på garden er det full produksjon og pakking 😅 og me har sett på råbra teikningar til nytt produksjonslokale som me skal bygga her (weeee!!) 🤩 I Bergen er det full fres på Oasen kjøpesenter til og med lille julaften med vår superfine popupbutikk, og så er det jammen moro med Vossabia på Helseposten TV også i desse dagar! 📺 Dei som har TV Østfold, Østlandet og Trøndelag kan sjå dei to fine episodane på TV, men elles kan ein sjå historien om Vossabia og ein annan episode på Helseposten si nettside. Så det anbefalar me sjølvsagt som årets julefilmar! 🐝🎄🌼

Sjekk her:

📺 Historien om Vossabia på 25 minutt:
https://www.helseposten.tv/blog/historien-om-vossabia 

📺 Litt om produkt og virkeområder:
https://www.helseposten.tv/blog/produkter-og-virkeomrader-vossabias

God jul til alle med litt julebakst med honning (frå oss honning-gale!) 🍯


🥥🍯 Kokosmakroner med honning (bytt ut sukkeret)

Til ca 25 stk treng du:
· 4 eggekviter
· 2 dl honning frå din lokale birøkter for eksempel
· 1 klype vaniljesukker
· 1 klype salt
· 250 gr kokosmasse

Slik gjer du det:
· Set ovnen på 180 grader
· Pisk eggekviter for hånd til det skummer litt, tilsett så honning, vaniljesukker og salt og bland godt saman.
· Rør inn kokosmassen til alt er godt blanda.
· Bruk to skeier og form små toppar, sett over på steikebrett med bakepapir.
· Steik i 8-10 minutt midt i ovnen. Avkjøl før du dypper i mørk økologisk sjokolade.

Vossabiene

Me mangla nokon av våre gode tilsette på bildet i dag, men denne gode gjengen ønsker alle ei nydeleg og helst kvit jul, fylt med glede og kjærleik ❤️ Og så sender me mange varme tankar til Palestina og alle som går ei knallhard jul i møte.

Varm helsing frå Vossabiene 🐝