Kjerringrokk - hemmelegheiten til sterkt og glansfullt hår

Kjerringrokk - hemmelegheiten til sterkt og glansfullt hår

Dette lille minijuletreet er nesten usynleg for folk flest, der den veks i grøftekantar og skrinne enger mellom nesle og gras. Unnseeleg, men uerstatteleg! 💚 Det oppsummerer kjerringrokken, eller Åkersnelle som er det korrekte botaniske navnet på urten.

Kjerringrokk er hjartet i sjampoen til Vossabia! 🐝 Den er også ein sentral del av Rosmarin hårserum, der urten blant anna gir vitalitet til håret. Kjerringrokk sine supereigenskapar til hår og hovudbotn (meir om det lenger nede) er veldig spennande og grunnen til at Vossabia haustar store mengder inn frå engene våre (50-100 meter frå gardstunet) og brukar i sjampo og hårserum. Men, dette er ein plante som har mykje meir ved seg enn sine hårfordelar! Difor er den flittig i bruk til både eitt og hitt også 👍

Innhaustingstid no! 😅

Eg var borte frå tunet i 4 dagar på symjestevne i nydelege Kristiansand i helga. Når eg kom tilbake hadde det varme været endra mange vekster i stor grad.☀️🌼 Kjerringrokk gjekk frå å vere i tidleg vekst til superklar for innhausting. Så no må me berre kaste det me har i hendene, nytte finværet og plukke og sanke inn frå det eg kallar «sjampoåkeren» min 🏃🏻‍♀️🧺👩‍🌾 Men korleis vite at det er kjerringrokk du har funne?

Kjerringrokk til hår, hud og negler! 👩‍🦰💅


Planten er kjent for å kunne stimulere hårvekst (som mange av ingrediensane i begge våre hårserum: Rosmarin og Sitrongras). Det er innhaldet av vassløyselege silikater som gjer at kjerringrokk kan styrke håret, gje det meir glans og vitalitet, og over tid stimulere noko hårvekst og minske hårtap. Mange tilbakemeldinger på sjampoen vårrapporterer om synleg mindre håravfall blant anna, og ikkje minst mykje meir glansfullt og sterkt hår.

Flass er også noko som kjerringrokk kan hjelpe mot, og det vises også i tilbakemeldinger me får på produkta. Innhaldsstoffa i kjerringrokk kan og hjelpe med å få bort overflødig fettstoff frå hud/hovudbotn og håret, i tillegg til at den kan auke elastisitet i bindevevet. Ganske fantastisk av denne sommergrønne og litt usynlege planten🌱

Forhistorisk plante med mangfaldig folkehistorisk og -medisinsk bruk

Denne planten har vist seg frå fossilrestar å vere nesten uforandra i mange titalls millionar år 🤩 Den har altså overlevd frå forhistoriske tider 😳 Eit styrketeikn, tenker eg. Og styrkande det er den på mange måtar! I folkemedisinen har kjerringrokk vore mykje brukt med gode resultat på nyre- og blæreplager spesielt, i tillegg til den blodstillande og samantrekkande virkningen.

Maria Treben skriv blant anna i Helse fra Guds Apotek korleis den tyske legen Dr. Bohn hylla kjerringrokken som effektivt middel mot væskeopphopninger i kroppen, ved at den kan stimulere nyrene til å fungere betre. Ved blære, nyre og uringvegsproblem så er det mykje god erfaring med å lage dampbad av kjerringrokk i ei bøtte som man så sitter over så dampen får virke inn og opp i kroppen den vegen. Superspennande, spør du meg 🤩 og verdt å prøve når det murrar i urinvegane.

Te av kjerringrokk er og ein suveren måte å nytte kjerringrokk ☕️Drikk teen for urinvegar, væskeopphopning, bindevev og mykje meir. Det er blant anna plantens fabelaktige evne til å ta opp kisel frå jorda som gjer den så suveren 👍Kjerringrokk er faktisk ein av våre viktigaste kiselsyreurter. Opptak av kisel i kroppen kan bidra med auka produksjon av kvite blodlegemer, noko som styrkar immunforsvaret og betrar kroppens motstandskraft mot infeksjoner. I tillegg inneheld kjerringrokk ei rekke andre vitaminer og mineraler, så her snakkar me vidunderurt! 🌱💚

Spennande måtar å bruke kjerringrokk

Tips til å lage ditt eige balsam skyllemiddel:

Småkoke ca 10-12 kjerringrokkstilker i 20 min i 6-7 dl vatn, la det stå med lokk til det er lunkent og sil av plantene. Skyll så håret med dette etter vask. Så har du ein enkel og styrkande balsam, kortreist eller ureist om du har planten rett utanfor huset slik eg har.
Men, sidan Vossabia sjampo inneheld store mengder kjerringrokk, så får du i realiteten sjampo+balsam, altså 2 i 1 i vår sjampo 🤩

Tips som styrker skjøre negler 💅

Kok opp kjerringrokk på same måte som skildra i balsamen, og ha fingertuppane i lunka avkok. Sit så lenge du gidder, så får du nytte av kjerringrokk på negler som brekker lett også.

Kjerringrokk-te til mangt og mykje ☕️

Te av kjerringrokk er nevnt, og bruk den enten fersk eller tørka. Det anbefales å plukke inn ein del og tørke slik at du kan lage deg te gjennom heile året av denne superstyrkande urten. Synes du ikkje den smakar godt, så tilsett i tillegg ryllik, nesle, mynte eller andre urter som også gir deg masse gode saker i kroppen. Spesielt nyttig å dra fram ved urin- og nyreplager (la den då småkoke i 15-20 min for å få ut mest mogleg av den viktige kiselsyren), eller for å generelt styrke immunforsvaret.

Kjerringrokk-tinktur 💚

Tinktur er ein annan suveren måte å nytte planten: stapp eit norgesglas eller liknande fullt med kjerringrokk og hell på sprit i ca 40% alkoholstyrke. La stå ein månad, sil og du har verdfull tinktur som du kan bruke for eks 2,5 - 5 ml av i vannglasset 3 gonger pr dag. Eg anbefaler å lese meir om denne fantastiske planten, så kanskje du ser endå fleire bruksområder for deg og ditt liv.

Vaske- og skuremiddel 💦

Eit siste, ganske morsomt tips, er å bruke kjerringrokk til reingjering og slipemiddel! Kiselen, som er krystallinsk, kan brukast som oppvaskbørste! Ikkje berre klarar den å skure bort vanskelege flekkar i kjeler og kar, men kiselen dannar eit belegg som hindrar mat å sette seg fast. Dette visste dei alt for nær 2000 år sidan, då romarane til og med brukte kjerringrokk som skuremiddel.

 Korleis gjenkjenne kjerringrokk?

Håpar du no er inspirert til å sjå etter kjerringrokk på din neste tur 💚 Sjølv må eg no slutte å skrive, og kome meg ut i «sjampoåkeren» min, og fylle korg på korg så det kan bli både tørka kjerringrokk som skal kokast til sjampo og tinktur til hårserum.

Helsing Vossabia 🐝💛