Intim og sensuell pleie❤️😘

Intim og sensuell pleie❤️😘

❤️ Sensuell, som eg utvikla for 15 år sidan, er spesielt laga for å pleie erotikken og sensualiteten på ein trygg og sunn måte 💕

Eg utvikla Vossabia for å tilby muligheten til å ta vare på seg sjølv og sine på ein naturleg, sunn og bærekraftig måte ❤️ Og inni denne sterke, og for meg, herlege grunnmuren, så ligg det og ein tanke om å pleie seg sjølv og eit eventuelt parforhold, og det vil eg gjerne snakka meir om i dette nyhetsbrevet!

Hausten er i full gang med flotte raude, oransje og gule fargar i skogen rundt oss 🍂🍁 Det er ei utruleg vakker tid me no går i møte, og ei perfekt tid til å vere meir saman, kanskje og på ein meir intim måte enn me får tid til i den travle sommartida når me fartar rundt ute. 🌹

Sensuell

Sensuell er ein superdeilig intim massasjesalve, men eg vil vel eigentleg heller kalle den for eit fantastisk og opphissande glidemiddel! 🍑🍆

Etter masse testing og utprøving i utviklingsperioden vart eg til slutt ekstatisk fornøyd med resultatet, og eg synest det er eit aldeles nydeleg produkt.🔥 Og veldig moro når mange fortel meg om auka erotikk og sensualitet og sterkare seksuelle opplevingar, som for nokre veker sidan når det var ei som berre peika på krukka med Sensuell på marknadsbordet mitt, såg lurt på meg og sa: TAKK! 💓Så herleg!

❤️Sensuell, som eg utvikla for 15 år sidan, er spesielt laga for å pleie erotikken og sensualiteten på ein trygg og sunn måte 💕 Slik at når me skal vere intime med oss sjølv, eller med partnar, så kan me kjenne oss heilt sikre på at dette skjer med trygge, naturlege og sunne, næringsrike ingrediensar. Eg sjekka ingrediensar i ein del vanlege glidemiddel og diverse «orgasmekremer» som dei vart kalla, og innhaldet i dei fleste er så langt frå bra for folk og miljø at eg mista i alle fall all gnist og tenning berre av å finne ut kva innhaldet er. Og dette smører folk seg med på dei mest intime og sensitive område av kroppen… DIFOR utvikla eg SENSUELL!! ❤️‍🔥 og no har det i 15 år vore eit planteoljebasert glidemiddel/intimimassasjesalve med økologiske ingrediensar.

Sensuell er basert på fantastisk bivoks (frå blant anna eigne bier🐝) og økologisk  jojobaolje 🌼, saman med nydelege, naturlege afrodisiakum, som kardemomme og ylang ylang, som saman skapar ein skikkeleg opphissande og sexy atmosfære og aroma. 🤩

Uavhengig av kjønn, status, alder, om du er singel eller i eit parforhold så er Sensuell heilt perfekt til intim bruk. Den er altså så glatt, glidande, deilig å ta på og nydeleg aromatisk, at berre det å ta og kjenne på Sensuell kan vere opphissande i seg sjølv (spør du meg, altså 🤪 – eller som min sambuar seier: «berre navnet, sensuell, gir kriblinger, og salven står til alle forventningar».)

Så det å sette av tid til ei lita, god fristund med seg sjølv eller hyrdestund med partnar, og teste ut og utforske dette produktet på alle moglege måtar er verkeleg noko eg anbefalar. Den har så mange bruksområde innanfor sensualiteten og erotikkens kunst - her er det berre å bruke fantasien, leike seg og glede seg over vegen til klimaks, og ikkje minst sjølve ekstasen! Alt er lov 💥

Her heime er me så glad i Sensuell at me har den på begge nattbord, slik at den alltid er innan ei armlengdes avstand! Eg kan nesten love at den verkeleg hjelper med å gje ny glød og ein ekstra gnist til forholdet - eller vil krydre det alt gloheite forholdet, såpass at du vil få lyst til å ta den i bruk kvar dag, og på nærast mogleg måte feire relasjonen! 🎎 🎊

Sensuell er også fantastisk når det gjeld ulike seksuelle utfordringar i underlivet. Dersom ein for eksempel har problem med tørr skjede, og har vanskeleg for å bli tilstrekkeleg våt, kan Sensuell vere super hjelp. Den er som sagt utruleg glidande og stimulererande, slik at den også kan hjelpe til å stimulere til å bli mer naturlig våt i tillegg. Opp gjennom åra eg har hatt denne har det kome tilbakemeldingar om fleire gynekologar som anbefaler Sensuell til for eksempel kvinner i overgangsalder som treng ekstra fukt.

Sjølv om det sikkert er mange som leser dette og tenker at “Ah, nei, det gjeld ikkje meg! Eg blir så kåt og våt sjølv at dette treng eg ikkje” (som er heilt fantastisk å høyre!), så vil eg rett og slett seie at Sensuell aukar og styrkar nytelsen, ekstasen og den deilige opplevinga så mykje at du, etter mitt syn, går glipp av noko om du ikkje har prøvd Sensuell enno.

Og for mannfolka! Ja, Sensuell gjer underverk for mannen også altså! Ver aldri i tvil om det 🤩❤️‍🔥 Og kjenner han seg sliten og slapp, så vil ofte Sensuell gjere underverk. Gje mannen (eller mann: gje deg sjølv) massasje i alle dei mest sensitive og erotiske område, og leiken og lysten vil  nå nye høgder 💫 Jadå, snakkar visst rett frå levra i dag 😅

 

Sensuell salve
Sale price239,20 kr

 

Pakketilbod til den sensuell dama:

I dette pakketilbodet finner du i tillegg til ❤️Sensuell, desse to godbitene:

💋 Leppepomaden Huldrelepper 

😍 MiniDEO Sensuell

Alt dette i 🎁  eit pakketilbod til kun 410 kroner!


Takk for tilbakemeldinga og tips om innpakning, Ragnhild🤩😍 Eg vart så inspirert, at eg tenkte: JA! det vil eg gjere. 

Så her har du muligheten til å få klar julegåve til ei dame du er glad i:
  

Ei gåve til frå meg i dag: ❤️ei sexy oppskrift:

Denne enkle kombinasjonen av kokosolje og vanilje blir til ein søt, glatt, aromatisk sanseoppleving som garantert vil gje nytelse og glede. Oppskriften er så deilig at det er vanskeleg å la vere å ete den medan du lagar den – så god er den! Anbefalt for elskarar og for dei som elskar den rike, fyldige kokos og vanilje smaken. Bruk som lystene begjærer, og la det følge masse deilig moro etter «desserten».
  

Tilberedingstid: ca 10 min.

3 ss kokosolje, øko

1 ss vanilje paste 

Ha kokosolje i ein liten bolle, ha oppi vaniljepasten, og rør eller mos saman til alt er godt blanda. Du kan oppbevare i lufttett boks eller skjønn krukke i månadsvis (viss den varar så lenge då 😉 ). Kokos smeltar ved kroppstemperatur, så om den er kald og hard kan den enten stå litt på disken, eller ha bollen med kokosblandingen oppi ein panne eller bolle med varmt vatn, så mjuknar den kjapt.

Treng du tips til bruk:

Spre denne spiselege sexy kroppsdesserten kor som helst du vil kysse eller bli kyssa!

NB! Oppskriften er ikkje latexvenleg.


Det så viktig å ikkje gløyme å ta vare på seg sjølv, partnar og parforholdet, og jobbe for det dagleg, og spør du oss i Vossabia er hausten den perfekte tida å legge litt ekstra fokus på intimiteten og sensualiteten i oss, og å bruke tid på å berre nyte - aleine eller saman!

Heit hausthelsing frå Renate

❤️🐝 Vossabia