Hudpleie frå Hagen 🐝🌼 vs frå Laboratoriumet 🔬🧑‍🔬

Hudpleie frå Hagen 🐝🌼 vs frå Laboratoriumet 🔬🧑‍🔬

Me utforskar forskjellane på naturleg og kommersiell kosmetikk, for eg vil at alle skal oppdage kvifor ingrediensar frå naturen er nøkkelen til SUNN og STERK hud ✨
Me utforskar forskjellane på naturleg og kommersiell kosmetikk, for eg vil at alle skal oppdage kvifor ingrediensar frå naturen er nøkkelen til SUNN og STERK hud ✨
  

🌱 Eg har vore lidenskapleg opptatt av naturkosmetikk sidan eg var rundt 20 år gamal (altså i nær 30 år no, hjelpemeg! 🤣). Eg har sett på naturleg hudpleie som ein viktig del av mitt totale «kosthald» sidan midten av 1990-talet.
For meg er det uaktuelt å smøre huden med syntetiske og kjemiske ingrediensar som er linka til ei rekke helseproblem 🚫 Når me veit at kvinner absorberer ca 2,5 kg kjemikalier i året, berre frå kosmetikken dei brukar, så er det varsko nok for meg. Svært mykje av det me smører oss med ender opp i blodstraumen vår etter kun kort tid, og sprer seg i kroppens systemer, og mykje ender også i naturen 💔 Berre dette er grunn nok for meg til å alltid velge naturleg kosmetikk med gjennomtenkte ingrediensar frå planteriket. Men, eg vil gå litt nærare inn på det og sjå litt på forskjellane mellom naturleg og konvensjonell kosmetikk. 
For meg handlar det om å «mate» og ernære hud og kropp – også gjennom huden. Eg ser på huden, som er vårt største organ, som ein perfekt kanal for å gje kroppen den beste og sunnaste næringa 💪🏼 Eg foretrekker å vite nøyaktig kva eg putter på huden min, akkurat på same vis som at eg er veldig nøye med kva eg puttar inn i munnen. Slik meiner eg at eg styrker mi langsiktige helse, og bonusen er fin og sterk og smidig hud, samt mange fordelar ein ikkje ser, men som organ og blodomløp, hormonane osv nyter godt av 🤩
 
Det er mange som ser det slik, blant anna viser studier at gode planteoljer kan bli «spist» av huden vår på ein like bra måte som når maten går gjennom munnen 🌻 Faktisk kan kroppens behov for essensielle fettsyrer bli dekka ved å smøre seg med gode økologiske oljer som hampolje, tistelolje, solsikke, tindved eller andre oljer rike på omega 3,6 9, og 7 💚 I tillegg inneheld økologiske planter og urter eit vell av vitaminer, mineraler og andre gode næringsstoff som hud og helse vil ha fordeler av.
 
Difor har eg i snart 20 år valgt å komponere oppskrifter som tek omsyn til dette, og dermed «fòrer» huden din med ulike kombinasjoner av gode økologiske planteoljer, i samspel med den fantastiske beskyttande bivoksen 🐝🍯 
Ved å nytte plante- og urtekraft i kosmetikk vil me få full effekt av den fantastiske botaniske verda rundt oss, som er ei skattkiste av ingrediensar som kan vere våre hud-reddande englar, for eksempel:
🌸🧡 Rose og tindved for å halde huden stram og smidig
🌿 Salvie i deodorant
🌼 Ringblomst som roer og glatter ut sensitiv og trøblete hud
🌻 Solsikke med sitt rike innhold av viktig type omega 6
🥥 Kokos som er bra for både tørr hud og tørt hår
💚 Hamp med sin optimale mix av omega 3- og omega 6 fettsyrer, osv osv.
 
Planteoljer og -fettstoff har spelt ei sentral rolle i menneskas historie over heile verda, frå såkalla «primitive» stammer i jungelen til våre forfedre/mødre, og i dei antikke store kulturane i Egypt, Hellas, Kina og India, blant anna. Menneske, frå overklasse til arbeidarar, har i tusenvis av år over heile verda funne ut det same: 🌱🌷🌈 naturen har alle svar når det gjeld huden vår – om det så er for «beauty» eller for helse (ja, takk begge deler seier eg).
❌ Likevel er mesteparten av moderne kommersiell kosmetikk fullstappa av det motsatte: ⚗️ Syntetiske og kjemiske ingrediensar som ikkje kjem frå naturen, men frå eit laboratorium.

Dette er å fjerne seg frå naturen 😢 å fjerne seg frå det kulturar og menneske har nytta og hatt stor nytte av i tusenvis av år.
🙄 Ja, dei syntetiske produkta har lenger haldbarheit som regel.
🙄 Ja, dei er meir stabile når det gjeld farge og konsistens frå gong til gong.
🙄 Ja, dei ser kanskje betre ut oppi krukka.

MEN: Mange av dei syntetiske og kjemiske ingrediensane har store helsespørsmålsteikn ved seg, og andre er direkte linka til auken i rapportert sensitivitet i hud og hudplager knytt til det (63% av oss hevdar å ha sensitiv hud som tåler lite). Sjansane for biverknadar når ein bruker syntetisk basert kosmetikk er difor store 😱 og har du sensitiv hud kan kommersiell kosmetikk vere hard for huden din, og gje deg fleire hudutfordringar på sikt.

💚 Naturlege ingrediensar kan halde huden vital, sunn, sterk og gje fin naturleg glød ✨ Men, også med naturleg kosmetikk kan ein oppleve at det er ingrediensar ein ikkje tåler.

⚠️ Så sjekk kva som er i krukkene, ikkje alle planter passar alle, og velg produkt med naturlege ingrediensar som passar din hud, som gjer at din hud held på sin naturlege fukt, skapar beskyttelse mot ytre påverknadar (bivoks, lanolin og jojobaolje beskyttar mot vær og forureining for eks), og aller helst med økologiske ingrediensar som tek vare på både deg og naturen med eit landbruk som bygger opp og ikkje bryt ned naturens økosystem og kretsløp 🍃
  
 
Me har laga ein liten oversikt for å summere opp forskjellane mellom naturleg og konvensjonell kosmetikk, som for meg seier det meste:

P.S. I Vossabias produkt er det ikkje naudsynt med konserveringsmiddel i hudprodukta 💚 då eg ikkje brukar vatn overhodet. Her er det kun godsaker frå planter og bivoks som held seg lenge og det er ingen fare for vekst av bakterier, mugg eller gjærsopp. Det er kun i sjampo og kroppssåpe eg bruker bittelitt benzyl for å unngå bakteriedanning i den kraftfulle urteteen som såpene er basert på.
  
 
Ja, det er lett å skjønne korleis eg tenker og kva eg meiner om dette. Og eg ser på vår hudpleie som mat framfor som kosmetikk (sjølv om det pr definisjon er det) så her på berget foretrekker me å steppe inn i hudhagen ⛰ framfor hudlaboratoriumet 🔬 og smøre oss med mat framfor syntetiske ingrediensar.
Naturnær kosmetikk fører deg faktisk nærare naturen 💚 Prøv du og 😊
La naturens skattkammer få gje deg velvære og god hudhelse med ingrediensar som verkeleg tek vare på kroppen din! Farvel til kjemikalier 👋🏼 og heller omfavne den naturlege vegen 💚
  

Helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia