🍂 Haustens sjølvpleieguide: lag ditt eige heimespa! 🛁

🍂 Haustens sjølvpleieguide: lag ditt eige heimespa! 🛁

Helledussen for ein kontrast frå varme og sol på Nord Kypros i haustferien, til endelaust regn, vind og frostnetter heime! Til og med snø på fjellet no! Då er det berre å omstille seg og nyte denne tida max, OG KOSE SEG MED HEIMESPA 🛀🧡 Med naturen på huden! 

contrast

Er det rufsete og kaldt ute, så er ingenting betre enn å rigge seg eit varmande heimespa inne. I denne e-posten får du oppskrifter på korleis du kan nytta dei siste skattane i naturen – og laga dine eigne spaprodukt 🌿💫 eller du kan «juksa» og kjøpa Vossabias Senk Skuldrene Heimespa eller Renates VIP Heimespapakke - nærande og deilig velvære!

delux heimespaFrå baderomsvindauga mitt, ved dusjen, har eg den vakraste utsikten rett ut i naturen. Men, på ein kald, regnfull og tåkete dag som i dag så var det heilt nydeleg å vere inne i varmen og nyte eit naturleg og luksuriøst heimespa heilt i fred 💚

 

Framleis mogleg å nytta og nyta naturen 💚🌿

🧡 Hausten er ei tid då eg kjenner på ein blanding av vemod og nytelse.

Vemod over at sommaren er absolutt fullstendig over for i år, og nytelse når eg tek inn haustens vakre fargecrescendo i fjell og skog⛰️

Men sjølv om naturen slepp ned skuldrene og gjer seg klar til den lange kvila, så er det framleis ein del vekstar som struttar av liv og lyst, som me kan nytte med glede og entusiasme. Ut på tur, kjenne på haust og kulde og kontrastar, OG: plukk med deg heim nokre plantar som kan forvandlast til eit nydeleg varmande heimespa! 

👇🏼 Nederst i mailen får du nokre oppskrifter om korleis du kan bruke desse skattane til å gje deg sjølv eit velfortent heimespa! 🌼🛀

To heimespa-pakker frå Vossabia 🌼🛀 
     

heimespa

Naturens magi er det fullt mogleg å gjenskape i ditt deilige baderom. Ta tid for deg sjølv, gje kroppen og huden ein buffét av fabelaktige råvarer i 🌼🐝 3 herlege basisprodukt til superdigg heimespa:
Med honning frå biene våre og økologisk rårørsukker - gir deg fantastisk mjuk hud og DEN deilige opplevinga!
 
Dette revitaliserande og rensande kinderegget er eit must eit par gonger i veka her! Du kan bruke den som ein utruleg deilig og effektiv rens/peeling og blande med vatn, favoritturteteen, øko eplemost eller kva med å lage først ei ansiktsmaske ved å blande med litt honning? Når du så skyller av får du skrubbe-effekten! Heilt nydeleg og ansiktshuden digger den!
 
Her igjen med handplukka og skånsamt foredla urter frå garden, og resultatet er magisk deilig smøremiddel til heile kroppen som etterlet hud og sinn lukkeleg og smidig! 🤩
  
  
   
delux heimespa
Det er så deilig å få pleie seg sjølv med eit deilig grønt heimespa no på hausten, basert på urter og bienes superråstoff. Er du klar for HERLEG LUKSUS HEIMESPA. Rett og slett Renates VIP heimespa!?
sitrus skrubb

Sjekk kva du får med i denne grønne spapakken, der særs mykje av innhaldet er plukka rett utanfor døra her. I tillegg til verdens deiligaste Kroppsbalsam med ville urter og himmelsk Kroppsskrubb, er det tre andre digge produkt som gir deg den fulle spa-kjensla:
💚 Sjampo med ville urter (250 ml)
Her snakker me ultrapleie for hår og hovudbotn, og du treng ikkje balsam! Med handplukka urter, med kjærleik, av Renate 😅😘

💚 Sitrongras hårserum (30 ml)
Med ryllik og rosenrot frå garden og nydelege duft av eukalyptus, sitrongras og rosmarin - 😁 eit par tre pump i handa og håret blir så glansfullt og sterkt og fylt opp med sunne saker!

💚 Minideo med sitrus (15 ml)
Smør eit tynt lag med denne supersunne deo'en og du føler deg fresh og fin, klar for nye eventyr!

 Lag eigne spa-produkter!

🥀🍯 Ansiktsmaske med nyper og honning
Rosen sin frukt kan plukkast heile hausten, fram til frosten tek dei eller dei forsvinn under snøen. Visste du at nyper inneheld meir C-vitamin enn appelsin, men også ein god dose jern og A-vitamin.

· 10 nyplukka nyper
· Timiankvist
· 2-3 spisekjeer vatn
· 2 ss honning
· 1/2 dl havremjøl

👉🏻 Slik gjer du:
· Del nypene i to – få bort kjernen med teskje.
· Legg nypehalvdelane og timiankvisten i ein panne med vatten.
· Kok opp, senk varmen – la nypene småkoke under lokk i 5 min.
· Hell av vatnet.
· Ta ut timiankvisten.
· Ha nypene over i stavmikser – lage pure konsistens.
· Når avkjølt – rør i honning og mjøl (juster eventuelt mengden).

(I oppskrifra skriv eg havremjøl, men du kan og bruke bokhvetemjøl eller ein anna næringsrik og helst økologisk mjølsort)

· Ha ansiktsmaska rett på huden og la det virke i ca 15- 20 min medan du slappar av og nyt livet.
· Skyll så av med lunka vatn.

Resultatet: Ei herleg, oppfriskande maske med C-vitamin som held huden fuktig, ung og frisk. Spesielt C-vitamininnhaldet gjer at denne ansiktsmaska også passar veldig bra for moden hud.

 
  
 

🌿🌱 Ansiktsvatn med Salvie eller Rosmarin

Eg elskar dufta av rosmarin og har mykje av den i hagen. Har du ikkje kjøkkenhage, så er dette ein krydderurt som det er lett å få tak i, og den kan brukast både fersk og tørka.

· Tekopp med vatn 2,5 dl
· 1 ts tørka rosmarin
· 1 ts eplessidereddik
+ Evt eteriske oljer:
10 dråpar Olje av rosmarin
5 dråpar sitronilje

👉🏻 Slik gjer du:
· Koke opp, legg på lokk, skru av plata og la stå. 
· Tilsett 1 teskje eplesideredikk. 

· Tilsett eteriske oljer hvis du har.

Resultatet: Blir eit fantastisk godt duftande ansiktsvatn du kan rense huden med.

🪒 Menn kan bruke dette som barberingsvatn. Eit anna tips til barbervatn er å bruke Salvie 🌱. Her er bonusen også at salvie har ein antiseptisk effekt. 

Bruk same framgangsmåte som over - men bytt ut rosmarin med salvie.

Håpar du får lyst til å komme i gang å laga ditt eige heimespa! Viss du prøver nokon av desse oppskriftene, så er det veldig kjekt å få høyre korleis du likte dei 💚
 
Lag deg ein kopp deileg krydderurtete 🍯-søt opp med honning - og nyt hausten🍁!
  
Hausthelsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia