Grønn i trynet av kosmetikkforskrifter 🤢

Grønn i trynet av kosmetikkforskrifter 🤢


Dette er meg som blir grønn i trynet 😂👆🏻

Mattilsynet har i år gjennomført eit meget grundig tilsyn hjå Vossabia 🐝🌼 og alt er sjølvsagt på stell 🌟

Det er veldig bra me har eit kontroll- og sikkerhetsorgan som prøver å passe på at produsenter, distributører og importører følger lover og regler. MEN ☝🏻 det er nokre reglar som er latterlege etter mitt syn, og det er nokre endringar eg har blitt pålagt som eg er sterkt ueinig i. Fordi det kan kvele små produsentar, og det går ut over forbrukaren til sjuande og sist! 🙁

Altså, sjekk dette då, og vurder samstundes om du meiner målet med alt dette held vatn: Desse reglane skal gjere at forbrukaren kan ta meir og betre informerte val! I tillegg skal prinsippet om sannferdighet og ærlighet følgast.

🚫🤢Eg har ikkje lov å skrive fri for paraben eller fri for parfyme, fri for silikoner, fri for SLS, osv, sjølv om ingen av mine produkt inneheld korkje paraben eller parfyme eller noko syntetisk overhodet.
Kvifor? 🤔 Fordi det er «nedsettende mot ingredienser som anvendes lovlig». Altså: då er eg slem mot dei som bruker parfyme og paraben og silikon osv, viss eg skriv at eg ikkje brukar det, og det er ikkje greit sidan det (utruleg nok) er lovleg å bruke! Så då får eg ikkje lov til å informere mine kundar om at her held me oss langt unna slike ingrediensar, og eg har måtta fjerne det frå produktsidene på nettsida. Og mange andre liknande eksempel der eg ikkje har lov å skrive at produkta er fri for noko, som er lovlege ingrediensar, men som eg aldri ville hatt i nærheten av huden min eller familien min sin. Eg har heller ikkje lov å skrive at dei er fri for noko som er ulovleg å bruke i kosmetikk, for det er jo ulovleg… 🤔
🚫🤢 Men, ang parfyme. Det er endå ein grunn til at det er ulovleg å skrive FRI FOR PARFYME på produkta mine, og det er når produkta inneheld ingrediensar med naturleg duftstoff i seg 🌸 uansett om desse ingrediensane (som eteriske oljer 🌸 kokos 🥥 urter 🌱osv) blir brukt pga andre helsefremmande eigenskapar. Så lenge det lukter noko er det ulovleg å skrive fri for parfyme. Jada. To «gode» grunnar der altså. Så, igjen, endre på etikett og nettside, bort med alt som står FRI FOR! 🚫
🚫🤢Det er også ulovleg å skrive at hudprodukta mine er fri for konserveringsmiddel, sjølv om dei ikkje inneheld konserveringsmiddel. Kvifor? Jo, for sjølv om eg ikkje har tilsatt konserveringsmiddel, så har urter 🌱 bivoks 🐝 og honning 🍯antimikrobielle eigenskapar og virkar naturleg konserverande! Så sånn er det.
🚫🤢Eg har heller ikkje lov å skrive «Ikkje testa på dyr», sjølv om ingen ingrediensar eller sluttprodukt er testa på dyr, og det har eg dokumentert, og den dokumentasjonen min har eg sendt Dyrevernalliansen i tillegg.
Kvifor forbudt då? Vel, les kva Mattilsynet sjølv seier:

«Testing av kosmetiske sluttprodukter på dyr ble forbudt i 2004 og siden 2013 har det Påstandsmerking kosmetikk Side 2 av 3 vært et totalforbud mot å selge kosmetikk der sluttproduktet eller ingredienser er testet på dyr (med visse unntak). Dette vil derfor være en negativ påstandsmerking.»

For meg er dette heilt utruleg 🤷🏼‍♀️ for det første er det visse unntak som får lov å teste på dyr!! For det andre: veit egentlig den vanlege forbrukaren at det er totalforbud (med visse unntak, OMG) på testing på dyr av kosmetikk i Norge? Og kva med unntaka? Må dei egentlig merka at dei tester på dyr kanskje? Og har me full kontroll på alt som blir importert frå andre sida av kloden, og som ikkje behøver å følge dei norske forskriftene (ja faktisk, sånn er det).

Vossabia blei etablert på eit grunnfjell og solid fundament av heilskapleg helsetenking, der eg ville og framleis like sterkt vil, fremme god helse, fremme økologi og eit sterkt og sunt kretsløp, mindre drit i avfallsvatnet som renn ut i naturen etter dusjing og tissing og bæsjing, og ikkje minst: auke bevisstheita på alt det fantastiske naturen har å by på av næringsrike, skånsame og superpleiande eigenskapar, som gjer at me stort sett finn det me treng i naturen for ei god hudhelse! 💚🌼🐝👩‍🌾

Her på garden er sjølvsagt alt 100% naturleg, og oppskriftene har eg utvikla for nær 20 år sidan med tanke på heilskapleg og langsiktig førebyggande helse, ved å ta i bruk kun nøye utvalde urter med eit vell av gode eigenskapar 💚 Og eg har vore opptatt av å skrive ingrediensane på NORSK, slik at forbrukaren lett skal kunne sjå og ikkje minst skjønne kva som er i produkta. Eg har visst at dette ikkje er heilt lov, men eg har ikkje brydd meg. FOR det har vore viktigare å få spre kunnskap og informasjon til folk.

🚫🤢 Men, no er eg altså innhenta og blitt pålagt å endre alle etikettar!!

Mange har kanskje lagt merke til at ein del av Vossabiaprodukta no har fått endra innhaldslista på etiketter og produktsider. Etikettane har altså ikkje lenger norsk og forståeleg innhaldsliste, men såkalla INCI-liste. Det er vitskaplege, vanskelege og for det meste uforståelege navn på innhaldet, pluss at det ser ut som det er fleire ingrediensar enn det er, fordi kjemikar må bryte opp ein ingrediens i kanskje 5-6 navn for å tilfredsstille kosmetikkforskriftene i Norge og EU.Ein praktisk konsekvens er at der det før har stått for eks økologisk lavendelolje, står det no Lavandula Angustifolia Flower Oil, Linalool, Geraniol, Limonene. Så no ser det ut som lavendelolje er 4 ulike ingrediensar, men så er det berre naturlege komponentar i eterisk olje som må merkast også. Det gjer meg skikkeleg oppgitt 🤷🏼‍♀️ for fleire kundar har alt reagert og skrive at her er det noko muffens, kva er det eg prøver å skjule i den norske innhaldslista (som eg kun har lov å ha separert i frå INCI-lista på produktsida). Nokon har trudd at eg har tilsett syntetisk linalool og limonene for eks, då det er mogleg å få syntetiske versjonar av det. Men, dette er berre naturlege komponentar i lavendel blant anna… å så frustert eg blir. Med det har Mattilsynet tvinga meg til å gjere innhaldet meir uforståeleg, som jo er det motsette av det som i snart 20 år har drive Vossabia: høgkvalitets naturprodukt med lett forståelege ingrediensar skriven på norsk som dermed forbruker raskt oppfatter og kan orientere seg i forhold til.

(Solkremetikett før endring pga forskriftene)


(Solkremetikett etter endring pga forskriftene)
🚫🤢Det mest absurde med denne forskriften er altså argumentet for den, slik Mattilsynet forklarer meg det: Det er eit krav med INCI-innhaldsliste (altså på dette «tullespråket» for vanlege folk) FORDI DET SKAL GJERE FORBRUKER BETRE I STAND TIL Å TA INFORMERTE VAL!
Hæ??? For meg virkar det som perfekt beskyttelse av kosmetikkindustrien som brukar ingrediensar som dei kanskje er veldig glad for at folk ikkje skjønar kva er for noko. I tillegg har mange av dei syntetiske ingrediensane ikkje folkelege navn uansett. Så please, ang kriteriet om sannferdighet og ærlighet: få det på det reine at alt dette ikkje er for forbrukarens beste, men for industriens beste. Det virkar meir sannferdig og ærleg å seie det. enn å hevde at dette er for at du der heime no skal forstå betre kva som er innhaldet i mine og andre små bedrifter sine naturprodukt. 😳
Mattilsynet har i 2023 fått oppdrag sentralt frå å kontrollere og sjekke alle kosmetikkprodusenter, distributører og importører med vekt på etikettmerking, nettsidemerking, påstander, sikkerhetsrapporter på produkta og mykje meir. Det er som sagt vel og bra, og på sin plass med sjekk og tilsyn, MEN ikkje når det er ikkje gir meining og resultatet blir motsatt av det dei hevdar er målet. 🎯
Det er heller ikkje greit når det kun er nokon ekstremt få bedrifter som faktisk får tilsyn og blir sjekka, og som Vossabia no då, har måtta endra alle etikettar og innhaldslister på nettside for å tilfredsstille desse krava. Det heile kostar 5-6-sifra summar og kan ta knekken på små bedrifter som har drive med tanke for å faktisk la forbruker kunne ta informerte, sunne, etiske, helsemessige og miljømessige val på ordentleg 💚
Til slutt, ja, eg skjønnar at Mattilsynet berre gjer jobben sine og er underlagt å følge visse forskrifter. Det er forskriftene og reglane eg angriper og synes på mange måter er latterlege og mot sin hensikt. Faktisk meiner eg heile industrikosmetikkbransjen burde vore sjekka nærare ut, i program som Brennpunkt kanskje?
Sånn, godt å få det ut! Haha 😂

Så no veit de kvfor det er endringar i innhaldslistene på etikettar og produktsider, men sjekk under INCI-ingredients-lista på nettsida, der står det ei innhaldsliste på ordentleg forståeleg norsk. (Det er forresten også ulovleg å skrive innhald, det må står Ingredients. Så sånn er det).

Berre for å forsikre dere, epostane vil framleis vere like informative som før - enkle, forståelege og tydelege, og les gjerne i teksten på produktsidene for å få vite endå meir om ingrediensane 🤩

No stikker eg til Osterøy og gleder meg til å halde foredrag for hagelaget der! 👩‍🌾🌼
Er du med i eit hagelag? Eg kjem gjerne og held foredrag og tek med produkta for salg!🐝💚

Helsing, Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia,