Frå sviande ugras til strålande hud og hår

Frå sviande ugras til strålande hud og hår

SUPERURTEN brennesle! Den mest næringsrike urten me har. God til så mykje og brukt i tusenvis av år i frå oldtidens Egypt, antikkens Hellas, av soldater i Romerriket som brukte nesle som pisk for å varme kroppen, og så opp til i dag der det blant anna går ei dame på Voss og plukkar nesle i korga si 🌱💚🧺
 
Nesle til tørking og til tinktur, til te, til Vossabias hår og hudprodukt. Og til privat smoothie, pesto, til «medisinskapet» og mykje meir. Nesle: eg diggar deg!
 
No for tida er det dagleg innhausting av denne superplanten (når det er fint vær!). Eg finn så mykje glede i å gå bøyd ute og plukke ein og ein plante, og kjenner den heilt eigne duften av neslen, medan kattane spring rundt meg og skal vere med på alt som skjer. Neslen likar seg der det er nitrogenrik jord, typisk der det har vore kompost, der det har blitt lagt gamalt gras eller møk frå sauefjøs og liknande. Her er det også mykje rundt oldefars store solbærbusker, så å plukke dei gir både supert råstoff til produkt og privat, OG eg rensar litt rundt bærbuskane.

 

Me fyller korg på korg, før neslene så blir tørka flatt på store laken, sakte og skånsamt for å ta vare på alle gode eigenskapar og innhaldsstoff. Slik sakte tørking gjer og at neslen held på den nydelege grønfargen sin i tørka tilstand akkurat som om den framleis stod fersk der ute på bakkane.

 

Dei siste åra har brennesle blitt supertrendy i USA og England, (Kate Middleton og Michelle Pfeiffer er visst blitt hekta på neslehudprodukt då planten kan redusere linjer/rynker) og det med god grunn. Den har heilt unike anti-inflammatoriske eigenskaper, proppfull av antioksidanter, mineraler og vitaminer, i tillegg til at den er kjemperensande for blod, nyrer, kropp og hud. Den styrkar håret, rensar godt, kan vere god mot flass og oljete hodebunn, og ikkje minst også eit fint tilskot mot håravfall. Eg trur brennesle kan bli ein stor trend her i Norge og, og etter du har lest om dei fantastiske helsefordelane vil du skjønne kvifor! 

Naturleg skjønnheit utan kunstige tilsetningar

La deg forføra av krafta i brennesle og andre fantastiske ingrediensar frå naturen. Her finn du nokre utvalde godbitar frå butikken med fantastiske hudpleieprodukt og sjampo som er laga med naturlege ingrediensar. 

🌱Dei unike helsefordelane med brennesle🌱

Mineraler og vitaminer

Denne audmjuke ville veksten er faktisk ein av dei mest næringsrike urtene me har. Brenneslen består faktisk av 20% mineraler, så det er ikkje utan grunn at eg kallar den ein superurt! Den inneheld blant anna masse jern, kalsium, kalium, samt vitamin A, C, B og K. Silisium er eit av dei gode minerala som fins i nesle, og det er eit viktig mineral for hud, hår og negler. Så får du nesle inn i kostholdet og i din hud- og hårpleierutine er du sikra mange gode helsefordeler.

Blodrensande og styrkande middel

Nesle er eit kraftfullt blodrensande middel som får giftstoff ut av kroppen ved blant anna å stimulere nyrene til å auke urinutskillinga. I tillegg har planten tradisjonelt vore brukt som styrkemiddel for å auke energien, stimulere fordøyelsessystemet og hjelpe ved ulike fordøyelsesplager.

Antioksidanter - naturleg anti-age

Brennesle er stappfull av antioksidanter og dei er knallviktig for å halde på den friske og freshe huden, og kan utsette og redusere aldersteikn. Me anbefaler å få antioksidanter i seg både innanfra og utanfra, noko du kan gjere med brennesle blant anna. Du vil merke det i kroppen, huden, håret og organer dersom du legg til brennesle i kosthaldet og i hud- og hårpleien. Nedanfor får du nokre tips til oppskrifter på mat og drikke, og me anbefalar sjølvsagt Vossabias nesleprodukt til hud og hår, og Renate har utvikla den nydelege og meget populære regenererande Tindved og Nesle salven med blant anna brennesle frå garden.

Korleis få brennesle inn i kropp og hud

Mange unngår nok brennesle fordi den svir når du plukker den. Men, bruk hansker eller plukk forsiktig, så blir det ikkje så mykje svie. Kamillebalsam hjelper forresten mot svien 😉. Går du ut og plukker litt fersk brennesle, er det utruleg mykje du kan gjere med den, som vil lønne seg for helsa di. Neslens svie går forresten bort ved behandling som koking, knusing, og anna foredling. Så det er berre å hive seg over neslen og leike seg på kjøkkenet, og så sjølvsagt vaske håret og smøre seg inn med Vossabias supre nesleprodukt 💚🌱🐝

 

 

Brennesle-te

  1. Plukk litt fersk brennesle ute i hage/grøftekant osv. Har du tørka brennesle liggande er det og supert (og ein smart måte å sikre seg gjennom året).
  2. Skyll dei lett, og kok deretter opp ein kjele med vatn.
  3. Når dette koker, skru av pannen, ha oppi brenneslen, og la det trekke i 5 til 10 minutt. Bland gjerne oppi andre urter som rødkløver, mjødurt, mynte, rose eller andre favoritter som veks der du er.
  4. Sil av, ha oppi litt honning for søtning, og vipps så har du en fantastisk deilig brennesle-te!

Viss du vil ha ein te som gir deg ekstra med styrke og er ein real vårrensklassiker, kan du ta like deler med brennesle, bjørkeblad og løvetannblad.

 

Tinktur

  1. Finn eit norgesglass, eller anna glass i grei størrelse, og fyll det heilt opp med fersk brennesle.
  2. Ha deretter oppi sprit (rundt 40%) til alt er dekka. La det trekke i en månad.
  3. No har alle helsefordelane til brennesle kome ut i spriten. Ha ei til to teskjeer (30-40 dråper) med dette oppi eit glass vatn kvar dag (eller tre gonger om dagen ved behov) så har du ein enkel måte å få din daglege brennesledose!

 

Pesto

Pesto er knallgodt i salatar, til kylling, pasta, grønsaksrettar eller berre rett på skiva! Prøv brennesle i pestoen din!

  • 200 gr brennesleblader (eller eit par handfuller)
  • 1 kvitløkfedd
  • 40 gr cashewnøtter eller valnøtter, pinjekjerner (eksperimenter og varier)
  • 80-100 ml god olivenolje
  • 30 gr parmesanost eller norsk liknande ost
  • salt

Plukk og skyll neslen, putt alt i stavmiksaren og køyr! Om du vil/bør ha meir olivenolje så tilpass. Smake til med salt, og nyt!

 

Neslepulver

Eg tørker alltid enorme mengder brennesle for å ha til sjampoen gjennom heile året, men noko av det bruker eg til å lage neslepulver!  Kan brukast til til smoothie, speilegg, graut, kraft, iskrem og mykje anna

  1. Plukk nesle, spre utover eit laken eller duk og la ligge og tørke langsomt nokre dagar.
  2. Ta litt tørka nesle i stavmikseren og full guff!
  3. Voila! Neslepulver! Oppbevar på lufttett og mørk boks, og bruk i smoothie, graut, suppe, kraften, ja fantasien er grensesettar her. Me snakker superpulver altså!

 

Ja, då finn eg fram korga no igjen, stikk ut i det grønne, med rumpa i været og sansane skjerpa 💚 Hiv deg rundt med korga di du og då 😁

Helsing Vossabia 🐝💛