Frå ferie til full fart kvardag! 💨

Frå ferie til full fart kvardag! 💨

Vossabia er heilt essensiell til oppstart og gode dagar i barnehage, skule og aktivitetar 🏃🏻‍♀️🏊‍♀️🚴‍♂️

Vossabia sitt mål har i nær 20 år vore å dekka dei fleste behov i kvardagen med 100% naturlege, sunne og styrkande produkt for små og store, frå velvære, sårheling, hudplager, eksem, kviser, vonde muskler, kløe, sensuelle saker, og mykje meir. Vossabia vil vere ditt effektive og naturlege alternativ til å bruke i alt som skjer gjennom veka. Produkta er "gullet" frå vekstene og biene⚱️🐝🌼 og er PERFEKT til alt som no skjer framover haust og vinter, med ville vekster og økologiske plantar satt saman på ulike måtar for ulike behov.

Her i familien er det ein del nytt som skjer i haust for fleire, og elles mykje moro som kjem i gang att slik det pleier.

Det mest dramatisk nye som har skjedd her er at Emil er (gråt gråt) reist i militæret! Og der har Panterbalsam alt skapt misunnelse, då han går fri for mygg medan medsoldatar slår rundt seg i irritasjon 🦟 Han deler heldigvis villig på krukkene sine, så fleire får kjenne den raske effekten 💚 Med mykje vandring og bæring og tunge ting så vil Panterbalsam vere gull på musklar og ledd og alt mogleg vondt og verk også, så eg kan vel like godt no allerede sende opp ein større ladning

Panterbalsam. Det går unna på det meste i sortimentet der i militærleiren no ja, og han melder om at Ringblomstsalven er aldeles uunnværleg på grunn all barberinga! Det blir refs om han ikkje er glattbarbert kvar dag, og hans fyldige mørke hårvekst treng dermed hypping barbering.

Ringblomstsalve er etter hans syn verdas beste etterbarberingskrem, pluss at han bruker den som dagkrem og handkrem 🧡🐝🌼 sms frå militærleiren: "Eg har veldig god bruk for Panterbalsam, Ringblomstsalve og Augebalsam her! Og Sjampo og Kroppssåpe i dusjen er essensiell."

Ylva er superklar for den fantastiske Villmarkslinja 🧗‍♂️ på Voss vidaregåande, og ho skal herje ute i all slags vær, og vil dermed få mykje bruk for familiens universelle: Ringblomstsalve, Kamillebalsam og Panterbalsam. Kamillebalsam og Ringblomstsalve er også perfekte som handkrem etter handvask på skular med uttørkande såper (fy skam for nokre såper)💔 Kanskje eg skal be ho ta med mini Kroppsåpe som handsåpefaktisk.. ja, herved bestemt! Mini kroppssåpe i sekken! 🎒

❄️Kuldekrem blir og viktig for ho om eit par månadar når det blir masse skiturar og snøhulebygging og mykje anna moro i snø og fjell ⛷. Ho har og treningsbagen full med alt som er! Etter symjing er sjølvsagt sjampo, skogen på kroppen og ikkje minst Kroppsbalsam essensielle, samt Ringblomstsalve eller Tindved og Nesle til ansiktet 🏊‍♀️ Ylva klargjer elles huden med jamnleg Rose og Rødkløverskrubb, som er perfekt til ungdomshuden.

Enkel DIY hårkur/hårbalsam/hårgele i ein!!

Jonatan begynner igjen i barnehagen, no som ein av dei litt store på sin avdeling. Oppstart der betyr at eg fyller hylla hans med obligatoriske, essensielle Ringblomstsalve, samt Solkrem (snart Kuldekrem), Panterbalsam. Eg trur det også bi leppepomade i hylla i år, for han elsker å smøre seg med Myntelepper. Babysalven treng han ikkje lenger, men den har jo ført til finaste huden på stumpen i årevis og null sårhet etter etsande bleier/urin.️

Mamsen sjølv spring rundt inne og ute og er no supergira på å snart lansere eit nytt grønt produkt, med masse godsaker frå engene rett utanfor døra. Så her vil eg framover vere ganske grønn i fjeset! 😂💚 Love it! 

Ha fine kvardagar igjen då!
Helsing frå Vossabiagjengen! 🐝🌼🐝