Men, eg kan garantere at toalettmapper, vesker og hyller i bobilen er stappa med Vossabia. For elles blir det ingen god ferie!
Det er så utruleg kjekt å få vere på tur med dei tre gullene mine!! Det er lenge sidan me alle kunne finne på noko saman💗
Me elskar jettegryter og har fast badestopp i Brokke. Magisk varm og deilig dag med dei aller beste!
Noko av det beste me veit er å bade i dette vatnet i Lillesand, vår sørlandsperle! Mange minner…. og i dag fekk me endå eit spesielt minne der: Jonatan mista si fyrste tann der medan han svømte crawl med snorkel 🏊 🦷
Emil fekk oss med i ein skog for å teste frisbeegolf! Imponerande opplegg, og ein fin ting å gjere saman for alle aldre fann me ut. Og heilt essensielt med Panterbalsam for å unngå flått i sørlandske skogar!
Me nyt 10 dagar ferie maks, og medan familien senker skuldrene så står teamet på garden på for å få alle ordrer sendt så raskt som mogleg, plukke i sol og opphaldsver og få produsert for hand det beste til din hud! 💚🐝🌿