🤩 Endeleg lansering av Tindved og Nesle nattkrem!  Ein botanisk buffet av ein hudbalsam 🧡🌿

🤩 Endeleg lansering av Tindved og Nesle nattkrem! Ein botanisk buffet av ein hudbalsam 🧡🌿

Snakk om stappfull av supermat til hud og kropp 😊💫 Vossabia regenererande nattkrem er ein skikkeleg eksklusiv hudbalsam 🍯⭐
Snakk om stappfull av supermat til hud og kropp😊💫
Vossabia regenererande nattkrem er ein skikkeleg eksklusiv hudbalsam🍯⭐ Den inneheld plantar som alle er nøye vald ut til å få vere med i krukka grunna deira rike innhald av antioksidantar, vitamin-C, A, og B i tillegg til knallviktige essensielle fettsyrer (omega 3, 6, 9 og den sjeldne omega 7).

 

Populær før den kom i salg 😆

 I haust delte eg ut fleire gratis prøvekrukkar av denne, og i vekene etterpå kokte det i innboksen min av folk som ville vite NÅR dei kunne få kjøpe denne frå nettbutikken vår 🤩

Eit par eksempel: 


Til deg som ikkje har prøvd - dette får du: 

Den regenererende kremen inneheld næring som trengs for å gje meir elastisitet og fukt til huden, noko som betyr meir fleksibilitet i alle typar vev. Om då sluttresultatet blir ei frisk, glødande og sunn hud som held seg ung lenger, så er det ikkje meg i mot 😉
Og dette er absolutt mat utanfrå og inn! Som alle Vossabiaprodukt. Her handlar det alltid om å gje eit supersunt tillegg til det å ete sunt og «smøre huden innanfrå» med næringsrike matvarer. 🍯 Med Tindved og Nesle nattkrem (perfekt om natta og super når som helst!) får du dei beste matvarer utanfrå og inn, med blant anna granateple, nypefrø, hamp, tistel, og tindved, samt tinktur av tindved og nesle frå garden vår. Og huden tek nok villig i mot denne botaniske supermatbuffeten! 🤩
Det er forresten ikkje berre moden hud som vil elske denne herlege saken, men også ung hud, urein hud, eksemhud og ved andre forstyrrelser i huden. Men, eg digger den også av velværegrunnar, SÅ nydeleg å ha på huden💕
Tindved- og nesle til ansikt
Sale priceFrom 175,20 kr
🍋Nokre tips om vitamin-c rik mat til huden – både innafrå og utanfrå:
Vitamin-C er spesielt viktig for kollagensyntesen i huden (ref.NY Oxford University Press, 1991). Difor er det bra for oss å ete matvarer med eit høgt innhald av vitamin C-rike matvarer, og det kan minske rynkedanning og tørr hud (ref. Am J Clin Nutr 2007).
Tips:  Smør deg med Tindved og Nesle 💚 og et solbær, kiwi, appelsin, grapefrukt, spinat og brokkoli – og tindvedjuice med sine 12 gonger meir vitamin c enn appelsin! 🤩

☝️Vossabia plukker Tindved og Nesle

Eit utdrag av kva min gode urtelærar/urteguru Rolv Hjelmstad skriv om tindved og alt den har vist seg å gjere for huden vår:

«Tindvedolje er fin for huden

Brukt utvortes har tindvedolje bakteriedrepende egenskaper, samtidig som den øker blodsirkulasjonen i huden. En studie utført ved universitetet i Åbo i Finland viste meget gode resultater ved anvendelse av tindvedolje på atopisk eksem. Undersøkelsen var basert på inntak av oljen i kapsler, men erfaring viser tilsvarende god effekt ved utvortes anvendelse i form av en hudolje. Tindvedoljer er svært stabile, og de har vist seg å være fine ved utvortes bruk som en ingrediens i vitaminrike medikamenter og kosmetiske produkter. En rekke forsøk har vist at oljene er effektive til å hele skader og forbrenninger, og dempe betennelser. De kan være til hjelp ved hudtransplantasjoner. Olje fra frøene og fruktene av tindved er også vist å bedre tilstandene ved stråleinduserte hudskader, sår og forbrenninger. Dessuten har en studie på mennesker vist at tindvedolje var virkningsfull ved pigmentforstyrrelser og for tidlig aldring av huden, i tillegg til at den bidro til å fjerne fregner. »

Rolv Hjelmstad

Du kan lesa meir om dette HER. 

 

Har du lyst til å prøva?

👉 HER finn du liten boks (15ml)

👉 HER finn du stor boks (50 ml)

 

Vinterhelsing frå Renate

🐝 Vossabia