Emil & Vossabia 20 år! 🐝🥰

Emil & Vossabia 20 år! 🐝🥰

 Tenk, Emil er blitt 20 år! 🤩🎉 Han har i heile sitt liv vokst opp saman med Vossabia 🐝 som er fødd same år, i 2004. Emil og Vossabia har hatt sin barndom og ungdom saman, og er no på veg inn i voksenlivet saman. Ganske rørande, og mamsen blir nostalgisk!! Så dette er det stor grunn til å feire! 💚

Så då tenkte eg at me starter dette året med å gje 20% på dei fantastiske basis- og universalprodukta i pakken Emils favorittar 🐝🌼

Og så skal me feire resten av året og, sidan Vossabia fyller 20 år (og eg faktisk blir 50 til sommaren 😅🥂) med ulike nyheiter, tilbod, og eit heidundrande festseminar som hyllar natur, heilskap, mangfald, hage og økologi og alt som Vossabia brenn så gloheitt for 🐝💚

Men, fyrst ned mimrestien med Emil’en min og Vossabia. Mine to fyrste barn 🥰

 

🐝

 

Emil var faktisk med på yrkesretta birøktskule medan han var inni magen min 🤰, og når han var 9 veker drog me to på birøktekskursjon med minibuss til Vestfold. Kjempegøy for alle birøktarane med ein sånn bie-maskot med på tur! 🐝

🐣 6 mnd gamal hadde han alt vore med på flytting av bikubar til vakre lilla lyngtrekk ved kysten, og me berre plasserte han i lyngen medan me jobba og styrte på.

baby emilDramatikk vart det ganske fort også, for eg fekk voldsomt med bistikk dagen etter 30-årsdagen min 😣 og eg fekk alvorleg allergisk reaksjon og måtte i hui og hast til sjukehuset for adrenalin og for å overleve faktisk (20 årsjubileum for min fyrste anafylaktiske reaksjon og! 😅). Då vart eg bittelitt stressa av insektslydar dei neste dagane, og me bestilte spontant tur til Mallorca for at eg skulle roe meg litt ned 💆‍♀️ Så på grunn av birøkten og Vossabiamamsen måtte Emil få sitt fyrste pass og flytur 6 mnd gamal 👶🏼

Emil få sitt fyrste pass og flytur 6 mnd gamal.

Og sånn har det fortsatt. Mykje action, galskap, moro og heile tida tett på natur og folk rundt omkring i halve landet på marknader og messer. Eg og Emil, og etterkvart Ylva, 🐝 dei tre bie-musketerene, kosa oss glugg i hjel med å køyre kassebil og farte rundt og promotere honning og hudprodukt 🚐 og ikkje minst få snakke med folk og fortelle kva og kvifor me held på med.

Eg og Emil, og etterkvart Ylva, dei tre bie-musketerene

Med ei mor over snittet opptatt av natur og planter, bier og blomar 👩‍🌾 så har det blitt mykje naturopplevingar tett på for Emil, og nokon kanskje litt vel tett på 😅 Ikkje alt har falt i smak av mammas eksperimenter, for å seie det slik. Juice med nesle og honning, ikkje favoritten!

Eg og Emil, og etterkvart Ylva, dei tre bie-musketerene

Han var og veldig skeptisk når NRK Super ville ha han med i Dyrevenn også, men med lett tvang frå mor 😜, så vart det ei utruleg morsom oppleving, og ikkje minst lærerik der han fekk innblikk i TV-produksjon i særs ung alder 👏 Mange born var heilt starstruck når dei såg han i tida etterpå, så litt kjendisliv fekk han kjenne på og, og framleis er det folk som nemner desse episodane til han. Morsomt og ikkje minst bra TV!

📺 Sjå her!

 

🐝

 

Dei fyrste hudprodukta til Vossabia vart raskt Emils følgesvener i tjukt og tynt, og det er det som er Emils favoritterRingblomstsalvePanterbalsam og Kamillebalsam. Litt kleint å vere modell for dei som ung tenåring.

emils favorittar

Men, desse har han hatt så ekstremt nytte av! Ikkje minst når han gjekk så voldsomt på trynet i grusvegen her, på full fart med sykkel 🚴‍♂️💨 og skrelte av huden i pannen og hårfestet! 😰 Forferdeleg oppleving! Men, etter ei veke med Ringblomstsalve var det så utruleg mykje betre, og det vart aldri noko arr, utruleg nok! Magiske ringblomst! 💫

Magiske ringblomst!

👉 Panterbalsam på alt frå vonde voksesmerter til utkøyrde treningsmusklar og ikkje minst mygg og knott 🦟 i militæret no, jammen ikkje rart han digger våre basisprodukt!

emils favorittar


👉 Kamillebalsam er i bruk til alt mogleg heile tida. For normal hud, sensitiv hud, hard, tørr, sprukken og kløande hud blant anna. Den er super som nattkrem, fotkrem eller after-sun salve til dømes.

Og både Kamillebalsam og Ringblomstsalve har både Emil og eg fått utallige tilbakemeldingar på marknader om kor effektive dei er for mange på eksem! 🙌



🐝



Det er så mange gode minner på alle turane me har hatt saman, helledussen me har køyrt mange mil med Vossabia pakka inn og ut og inn og ut av kassebilen 🚐 Men, sjølv om marknaden alltid var spennande på nye plassar og mykje ny leik og vener for ungane, så var sjølve bilturane også magiske ✨ Med lydbøker på høgtalaren og vakker vakker natur på turane. Stadig vekk måtte me stoppe og ta bilete for å forevige opplevingane undervegs.

Eg og Emil, og etterkvart Ylva, dei tre bie-musketerene

Marknadsarbeid har han jo fått inn med morsmjølka 👩‍👦 og når han for eit par år sidan fekk lappen var det berre å sende han av gårde på Bondens Marked og andre stader aleine. Heldige dei som møter Emil på stand, som ein kunde nyleg sa i Bergen: «mer behagelig, dyktig og sjarmerende ung mann skal man lete lenge etter!» 🥰

Eg og Emil, og etterkvart Ylva, dei tre bie-musketerene

Og ikkje berre er han knallgod til salg og med folk og formidling, men han har delteke ivrig i all slags arbeid i familiebedriften frå han var ung tenåring 💪 Han har klistra etiketter, korka ferdige produkt, plukka urter, printa ordrer og pakka ordrer, og jammen har han lært seg sjampoproduksjon i 2023 og! Så var det ikkje lenger berre eg i heile verden lenger som kan lage denne faktisk verdens beste sjampoen! 🙌

Men, kva seier Emil sjølv om 20 år med Vossabialivet? Han sendte meg nokre fine tankar i går kveld. Me vart nemleg nostalgiske begge to no når han sat oppe i Skjold militærleir og fylte 20 år, langt frå mams og familie og vener 🥺

han har delteke ivrig i all slags arbeid i familiebedriften

Gratulerar med dagen, Emil! 💛

Varm helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia