Elsk på Tindved og Nesle!! 🧡

Elsk på Tindved og Nesle!! 🧡

Ja, no måtte eg berre skrive om denne deiligaste av dei deilige igjen! For det er ikkje berre eg som er så forelska i denne knalloransje glødande godsaken 🌟 Den har fått mange tilhengarar rundt i landet, og no jammen meg rundt om i Europa og!

Ja, det er takka vere den pioner-awarden me var med på, og vart heidra på: European Natural Beauty Awards 🏆 Der fekk 31 influensarar og 56 kjendisar frå heile Europa testa nokre Vossabia-produkt, og mange andre knallgode 99-100% naturlege hudprodukt frå svært mange land. Tilsaman vart 188 produkt testa, i heile 4 månadar.

Den italienske influenseren Elena Rossi smelta meg skikkeleg forrige dagen! Ho er ein stor Green Beauty Expert 🌱 og driv Instagramprofilen @vanityspaceblog med sine vel 61000 følgarar, og ho har ein god blog med same navn, der ho informerer og spreier det gode bodskap om grønn naturkosmetikk ✍️💚 Eg blei så glad då ho for nokre dagar sidan hadde eit instagraminnlegg der ho hylla Tindved og Nesle som eitt av sine 5 favorittprodukt! 🤩 Eg vart så overraska og kjempeglad! Eg synes det er så rørande at det er ei bevisst, kunnskapsrik dame i Italia som i tillegg er Green Beauty Expert, som smører seg fornøyd inn med vår deilige Tindved og Nesle 🥰

vanity space blog

vanity space blog


Tindved og nesle er altså ein så fantastsk knalloransje kraftsak! 🧡✨ Innhaldet av tindved er det som gjer den så knalloransje, som igjen bidreg til den vakre gløden mange kundar hyllar og snakkar om 😉 For det er langt frå berre Elena i Italia som digger Tindved og Nesle!

  
 
Tindved er no i sesong, bæra er klare til å haustast! 👩‍🌾 Så då skal eg straks på ny ta turen til min gode ven, og superdyrkar, Marco i Lærdal. Han kan enormt mykje om dyrkinga av denne busken. Han kan og ein del om helseeffektane, men han fekk seg ei overrasking då ei gruppe ukrainarar kom forbi og fekk med seg bæra hans for å teste i laborotorium 🧑‍🔬 Dei dyrka, testa og foredla tindved til vanleg, og hadde skikkelege analysemoglegheiter. Etter eit par veker ringte dei og spurte om dei kunne kjøpe alle bæra hans, for dei hadde aldri sett på makan til kraftfulle tindvedbær 😱
 
Altså tindved er uansett fantastisk, og sjølv forskarar brukar store ord om denne planten, berre sjekk overskriften på eit studie frå nokre få år tilbake 👉 OVERFLOD AV AKTIVE INGREDIENSAR I TINDVEDOLJE! Men, Marco sine bær er tydelegvis i ein særklasse 😍 Og dei er med i krukkene våre! Er ikkje det fantastisk kanskje!
vanity space blog
 
Kva er Tindved? 🧐
 
Tindved er altså eit heilt fantastisk næringsrikt bær som ein kan ete, safte eller sylte, men det er og heilt enormt bra for huden 🌿💫 I Noreg veks dette superbæret vilt stort sett kun langs Trondheimsfjorden.
Men, det blir dyrka tindved kommersielt i store mengder i spesielt Kina, Russland og Polen grunna bærets voldsomme helseeigenskapar. I Kina har dei dyrka Tindved i fleire hundre år, og er eit heilt vanleg produkt på apotek og helsekost 🇨🇳🏥 og det finst over 200 medisinske og kosmetiske produkt med tindved der.
Og eg er så heldig å kjenne ein bonde kun ein god time frå oss, som har fleire mål med denne vidunderbusken 🤩
 
Tindved veks på ein stor busk, ja nesten som eit lite tre, med lange (og særs stikkande 😱) torner. Bæra er knalloransje, glansfulle, saftige og ganske så sure 🟠🧡
Iført sveisehansker (!) for å unngå å bli stukken av tornene, fekk eg klyppe greiner fulle av knalloransje, tettveksande bær. Heime, la eg greinene i frysaren, då einaste måten å få av bæra på er å dunke dei av greinene i frosen tilstand. Ei spesiell bærhaustingsoppleving, rett og slett 🤣
tindved og nesle
Av desse superbæra lagar eg tinktur, og så har eg innkjøpt økologisk tindvedfruktolje i Tindved og Nesle også. Og dette lille, mektige bæret inneheld ei heftig blanding av næring med vitaminar, mineral og essensielle fettsyrer, og mange av desse er i tillegg kraftige antioksidantar. Sjå blant anna her:
☀️ Vitamin A og E og STORE mengder vitamin C. Me snakkar 12 gonger meir enn i appelsiner)
☀️ Gode mineraler og næringstoffer (sink, selen, kobber blant anna)
☀️ Omega 3,6,9
☀️ Og den sjeldne Omega 7 (så vidt eg har lest er tindved ein av svært få plantekjelder på planeten som inneheld Omega 7)
 
Me snakkar om ein heftig punch av ei næringspakke 💥
Vitamin C vert ofte kalla Skjønnhetsvitaminet, og brukt i hudpleie kan det vere med å redusere raudheit og betennelsetendensar og auke kollagennivået som gir strammere og smidigere hud.
Kombinasjonen av vitaminane, antioksidantane og dei essensielle fettsyrene briljerer i hudreparering og regenerering.
tindved og nesle
🇨🇳 I Kina sel dei kremar med tindved ofte som «Anti-age», då dei regenererande eigenskapane er kjent for å kunne gje ein glattare, smidigare og strammare hud ✨ Den er rett og slett berømt for å redusere aldringsteikn i huden 😍 Det er også nypefrøolje, nesle, granateple, hampolje og andre superingrediensane i Tindved og Nesle. Faktisk er absolutt alle ingrediensane valt ut til å få vere med i oppskriften fordi dei har regenererande eigenskapar, altså full av vitamin C, A, E, essensielle fettsyrer (3,6,7 og 9) og antioksidantrik så berre det! I tillegg kjem reperasjonshjelp mot for eksempel kviser, akner, eksem og den er til og med verdt å prøve om ein vil redusere fargen på pigmentflekkar 🙌

Tindved køyrer altså på med reperasjon og regenerering på høgt nivå, og er difor ein av mine absolutt nye elsklinger av råvarer i Vossabias botaniske hudpleieserie 🐝🧡
Spesielt den perfekte mengden av dei ulike essensielle fettsyrene Omega 3, 6 , 7 og 9 vil kunne gje deg glødande frisk hud – som struttar av sunnheit 🤩 

tindved og nesle

Hausten er her, vinteren kjem fort, og Tindved og Nesle er alltid klar til å ta vare på, pleie og nære huden din 🧡
 
Til slutt: ser du tindvedsaft eller jus i butikken, helsekosten eller kafeen er mitt tips å kjøpe med deg, og bruke som styrkedrikk! 🥤💪! Ved forkjølinger, feber, influensa og generell trøttheit er tindved tilrådd pga den næringsbomba den er!
 
🌿 Eller kontakt superbonden Marco Neven i Lærdal og kjøp ferdigplukka, rensa og pakka tindved, og lag din eigen styrkedrikk eller gele! 😉🥰
 
PS: visste du at Tindved og Nesle er med i desse pakketilboda for dagleg ansiktspleie? 👇

 

Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia