⛷ Eit eventyr i vilt vintervær! ❄️

⛷ Eit eventyr i vilt vintervær! ❄️

«Det er nesten tomt for Skogen på kroppen», ropte Linda i dag tidleg 😱 Marius istemte og sa at me burde helst produsere det i dag, for den er jo veldig populær. Ikkje så rart, for alle me her synes faktisk den er verdas beste kroppssåpe! 😍
🎁 Pssst - vil du ha ei gråværsgåve til huden din? Sjekk nederst i eposten korleis du får med deg ein gratis deilig Mini Skogsåpe i ordren din!

Huden og kroppen blir så smidig og mjuk, den renser perfekt, dufter himmelsk og aukar sirkulasjon og toner huden og er berre fantastisk i håret til og med! 😌 Ph-verdien på både Skogen på Kroppen og Sjampo med ville urter er forresten perfekt: 5,5! Det går ikkje an å ikkje elske den, tenker no eg då, hehe 🧡

Så dermed måtte eg gjere om alle mine planar for dagen, og til fjells bar det! 🏔

🎿 Med ski, stavar og sekk i bilen køyrde eg langt oppover i dalar og fjell, humpa meg kilometervis på meget smal veg pakka inn i svære issvuller. Forbi hytter og stølar før eg parkerte i djup snø og berre kunne krysse fingrane for at eg kom meg laus att etterpå ⛄️

Skituren starta i lett regn, men det var berre nydeleg å gå og kjenne roen frå skogen senka seg over meg. Eg skanna skogen og såg etter einer og andre spennande saker, og det var ikkje mange meter eg hadde gått før eg fann ein annan skatt! 🤩

Usnea! Eller strylav på norsk. Eit fabelaktig naturleg antibiotikum, suverent ved luftvegsplager blant anna. Det er perfekt å plukke dette frå gamle bjørketre no om vinteren, om du då klarar å få tak i den! Den veks typisk litt høgt i trea, så du må jobbe for superkraften! 💪

Anbefaler å sjå etter strylav, gjere strylavtesten og plukke med seg heim. Stapp det nedi eit norgesglas, hell på ca 40% sprit og la det stå i ein månad. Då er det berre å sile og så har du denne supersaken til ditt heimeapotek!! ⛑

👉 Strylavtesten: Ta ein liten strylavdott, finn ei av dei mjuke trådane, hald mellom to fingre med begge hender slik at du kan dra tråden forsiktig frå kvarandre. Dukker det opp ein kvit streng inni den lysegrønne lav-tråden, ja då er det strylav!

Min lille sidetur for å sjekke strylav måtte kome på einersporet igjen. Men, eg vart sjølvsagt distrahert av den ekstremt vakre skogen 😍 og ikkje minst kunsten som vinteren skapar! Mønstre og bølger i snøen, omkransa av vakker skog og kun meg som hadde gått der denne dagen. Magisk! 💫

Etter ein halvtime utan å sjå ein einaste einerbusk vart eg veldig varm der eg labba avgårde i djup våt snø 🥵, og vrei hovudet frå side til side. Det såg håpløst ut, med langt over ein meter snø. Kunne det vere at einerbuskane var dekka av ei tjukk dyne av snø? Sannsynlegvis! Men, eg kunne ikkje gje opp! Folk må få si skogssåpe, det er trass alt verdas beste kroppssåpe, og eg må sjølvsagt jobbe ekstra hardt for å få den ut til folket! 🦸‍♀️🔎 Med nytt mot og stå-på-viljen tilbake så skimta eg nokon stikkebuskar eg kjente igjen! Toppen av ein einer, begravd av snøen for det meste!
Jess! Her er eg på sporet, tenkte eg! Skulle eg grave? Elles skulle eg gå vidare? 🤔 Eg valde det siste, og etter endå ein kilometer såg eg eit stykke oppi skogen, beskytta av høge furutrær, ein stor og fin einebærbusk som ikkje var dekka av snø!! Jubel og glede!! 🥳
På denne tida var lett regn blitt voldsomt snøvær! 🌨 Helledussen så det snødde, det lava ned svære filler. Eg sette frå meg stavane, og spurte eineren fint om den ville dele godene sine med meg 🙏 Eg tolka eit klart ja, og fekk fylt sekken med denne skogsskatten som straks skal forvandle seg på magisk vis til Skogen på kroppen! ✨

Tilbaketuren gjekk med dårleg glid men godt humør! Komisk voldsomt snøvær, klissvåt boblejakke (inn til skinnet), men varmande skogskatt på ryggen! ⛷ I drivande fart gjekk eg nesten overende, då snøværet gjekk til nye høgder, og til slutt såg eg ingenting!

🚙 Vel tilbake i bilen måtte eg le av kor klissvåt eg såg ut! Det såg jo ut som eg hadde melkespreng!

Men, det einaste som sprenger på her no, er trangen til å få einerbuskene på kok! Lenge og vel! For slik får eg ut dei heilage stoffene som gjer den så steike god! 💚🧡 Den forvandlar seg frå grønn til oransje, og duftene som brer seg er heilt himmelske. Ingen tvil om at denne busken gjer godt på mange måtar. Eg har tenkt å få endå fleire gode produkt ut av denne skogskatten, så berre følg med, for snart kjem eg med ein overraskelse eg håpar du vil digge! 😉

👉 Vil du lese meir om alle fabelaktig gode eigenskapar med eineren, så anbefaler eg dette blogginnlegget eg skreiv for litt sidan.

🎁 GRÅVÆRSGÅVE ☁️

👉 Kva må du gjere for å få Mini Skogssåpe på kjøpet:
Mini Skogssåpa blir din om du handler for over 500kr og setter eit oransje hjerte 🧡 i ordrenotatet i bestillingen/handlekorga. Sjå bildet:

FÅ MED DEG DEILIG MINISÅPE

FÅ MED DEG DEILIG MINISÅPE


Flest mogleg må rett og slett få prøve denne sinnsjukt gode kroppssåpa, som blant anna utmerkar seg ved å IKKJE tørke ut huden som alle andre kroppssåper eg har prøvd gjer. Og så den duften! 😍 Og alle eigenskapane du får med deg i hud og kropp! Elsk!! 🧡

 

Kos deg i det været du er midt i!


Varm helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia