Ein sommardraum av ein salve!💚

Ein sommardraum av ein salve!💚

Sommaren er tida når hagen og engene syng i fargar og former 🌼🌸🌻 med insekter som flyr euforisk frå blom til blom frå fyrste solstråle treff til seine kvelder. Her på garden er det endå fleire som jublar og summar rundt på engene like mange timar, nemleg Vossabia sjølv 👩‍🌾 som med sine gode hjelparar er ute og sanker inn dei kraftfulle plantene for å kunne lage supersunne saker til hud og hår gjennom året 💚♀️

Kroppsbalsam - ekstremt deilig og smidig - er verkeleg ein sommardraum utan like! 🌸💚

For det er no alle dei fantastiske plantene i den er på topp! Rødkløver, Perikum og Ryllik! 🌸🌼💚Dette er superplanter delux med enormt mange ulike eigenskapar til helse og hud, og til og med humør! Kvar einaste blom blir plukka ein og ein, med forsiktighet og nøysomhet, og kvar og ein blir sjekka for kvalitet slik at det kun er dei beste som kjem i korga. Dette er herleg arbeid i solskinn, men det kjennes i rygg og bakside lår, så slik får med knallgod trening i same slengen 😂 💪🏋️‍♀️
Denne sommardraumen av ein Kroppsbalsam er like perfekt på tørre "skjellete" legger som til sårheling og fantastisk mjukgjering av huden, og lurer du kva andre synes så er det mange tilbakemeldingar frå nøgde kundar.

Rødkløver - superplante for hud og helse

🌸 lindrer akner og kviser 
🌸 super for sirkulasjon - som betyr styrka helse og betra hudtone
🌸 minsker porer - og dermed sjansen for kviseutbrot og aldersteikn
🌸 hjelper hudheling - kjent for god effekt ved utslett, sår, eksem (spesielt barneeksem) og psoriasis, og innkapsla kjertler. 
🌸 rikt næringsinnhold som kan styrke immunsystemet
🌸 blodrensande urt
🌸 kan redusere plager i overgangsalder


Ryllik - bra for magen, hjernen, humøret OG huden!

💚 anti-inflammatorisk - effektiv i å få fart på sårheling blant anna og reduserer arrdanning etter akne for eks.
💚 oppstrammande på huden
💚 kan redusere linjer og rynker
💚 kan gje mjukare og smidigare hud - perfekt ved tørr hud og eksem
💚 nærande, gjenoppbyggende for huden og super sjølv for sensitiv hud
💚 bakteriehemmende - og god til å førebygge kviser


Perikum - kjent som den grønne lykkepillen 🌼💚 samt god på huden

 

🌼mest kjent som naturleg anti-depressiva som er mykje brukt av tyske legar
🌼kan lindre smerte knytt til såre muscular og inflammasjon i musklar, ledd og nerver.
🌼krampe i legger - mange tilbakemeldinger på god effekt på det
🌼kan stimulere hudens naturlege kollagenproduksjon - noko som virkar foryngande og kan redusere rynker og linjer
🌼aukar hudens fukt og smidighet blant anna pga innhaldet av nikotinamid og karotenoider i perikum.

Tips og triks

 

Eg elsker rødkløver! Og den er god for meir enn huden!

Prøv å bruke ryllik i suppe eller fres opp unge ryllikblad eller blomar og ha som tilbehør til steikt mat. Eller ha ryllik i te, og få med deg den gode smaken og dei supre helseeigenskapane. Kva med ein kopp te med Kroppsbalsamurtene ryllik, rødkløver og perikum? Godt og helsefremmande! Nyt veka med urter både inni og utanpå kroppen! 💚💚💚


God sommar vidare
frå Vossabiagjengen! 🐝🌼🐝