🎃🧡 Ein liten overdose gresskarkjærleik og oppskrifter

🎃🧡 Ein liten overdose gresskarkjærleik og oppskrifter

Det er gresskartid! 🎃 Vakre, knalloransje gresskaret! Haustgrønnsaken som glir perfekt inn i den fargerike haustprakten 🍁 og lyser opp på kjøkkenbenken! Gresskar var nok i mange heimar under Halloween i går, og kanskje er det nokon som har skjært ut store mengder gresskarkjøt for å lage lykter og skumle fjes av gresskar. Håper det er tatt vare på, for her kjem ei rekke tips til korleis nytte gresskar både til mat for magen og for huden! 💚

For i tillegg til at gresskaret er ein fin dekorasjon og morsom aktivitet for barna med å lage gresskarlykt, så er det SUPERMAT! Jepp! Innvends og utvends! Og her kjem ein liten overdose gresskarkjærleik og oppskrifter til deg! 😂🧡🎃

Sunnhet, skjønnhet, smidig og sterk hud 

Frå frø til kjøt, og heilt ut til skinnet på gresskaret – så er det fullstappa med viktige næringsstoff som hjelper huden. Gresskarets næringssamansetting kan bidra til alt frå å halde på fukt i huden til å reparere skader i huden. Ikkje så rart kanskje, når den er full av alt dette: Vitamin A, vitamin C, Betakaroten, Magnesium, Sink, Vitamin E, Omega 3.
Enzymer i gresskar er med å bryte ned døde hudceller, noko som styrkar den normale cellefornyinga. Dette kan gje meir smidig hud. Og så er det vitamin A og C som er rike antioksidanter, og som også er kjent for sine effektar på alt frå kviser, arr og rynker. Betakaroten, som me også finn i gresskar, kan og hjelpe ved skader i huden og styrke kollagenproduksjonen. Magnesium og sink, er saman med antioksidantene, med å førebygge aldersteikn i huden ved å auke elastisitet. Så her er det berre å få gresskar inn i kosthaldet, OG i DIY hudpleierutinen, for det vises jo på huden kva me et og kva me smører på oss 🧡🎃

Ja gresskaret kan verkeleg vere med og bidra, OG det er med å understreke det viktige poenget: sunnhet og skjønnhet byrjar innanfrå, så her handlar det like mykje om å ete supersunn fullspektra mat, som å påføre dei beste næringsstoff på huden. Her får du oppskrifter med gresskar til mat, drikke og hud, så gled deg til å leike med gresskaret!

Så kvar startar me?

Me begynner med å lage sjølve basen til ein del mat, drikke og hudpleie med gresskar, nemleg: GRESSKARPURÉ:

Del gresskaret i halve eller kvarte delar, skrap ut frøa og TA VARE PÅ FRØA! Legg bakepapir på steikebrettet, legg så gresskardelane på med kjøtet ned. Bak i ovnen på 200 grader i 30-40 minutt. Når litt avkjølt – skrap ut kjøtet (med for eks isskje) og ha i ein bolle (eller dørslag over stor bolle for å renne av væska). La anten stå i kjøleskap over natta og renne av seg gresskarvatnet (som du kan bruke i smoothie eller som jus),eller bruk med ein gong og lag puré slik: ha kjøtet i stavmikser og la det bli ein smooth purè som du no kan bruke til alt mogleg! Så er det berre å slå seg laus!

 

🎃🍯 Ansiktsmaske med nyper og honning

Kombiner to eineståande råvarer for huden i denne supersunne og effektive ansiktsmaska. Passar perfekt om du er ung med kviser, eller voksen med linjer og rynker, for her er det vitaminer, mineraler og antioksidanter som kan bidra til mykje!

👉🏻 Bland ¼ kopp gresskarpurè med 1 ss honning. Bland godt og klatt det på ansiktet ditt. Det kan vere litt rennande, så det er lurt å ligge når du tek det på. Bland ev i 1 ss most øko banan, eller 1 ss øko maismjøl eller 1 ss potetmjøl for å få den fastare. Kvil med maska i 15 min, ta av massen, og skyll ansiktet. 

Ylva testa ansiktsmaska, og synest det var både morsomt (for den klatta og rann litt 😉), men også utruleg deilig på huden. Ho kjente ei kjølande effekt, og så den gode kjensla av å vite at gresskar har evna til å trekke djupt inn pga dei små molekylstrukturane. Nydeleg å kombinere med 🌼Ringblomstsalve i ansiktet etterpå.

 

🎃 Gresskarskrubb

Bland ½ kopp gresskarpurè med 1 kopp finmalt sukker (eventuelt havremjøl dersom sart hud). Skrubb forsiktig og kjenn den gode peelingeffekten. Dersom du brukar med sukker i ansiktet, så ikkje press hardt, men lette sirkelbevegelsar.

Skyll med lunka vatn og ha på ein deilig mjukgjerande salve, som for eks Tindved og Nesle.

 

🧇 Gresskarvaflar 

Server til gjester eller kvelds!

• 2,5 kopper øko spelt
• 1/3 kopp øko rørsukker eller kokosblomstsukker eller sukrin gold
• 2ts bakepulver
• 1 ts natron
• ½ ts salt
• 2 ts malt kanel
• 1ts malt ingefær
• ¼ts malt nellik
• 4 store øko egg
• 1 kopp øko heilmjølk (me brukar mjølk rett frå tanken frå Olav sine kyr)
• 1 kopp skumma kulturmjølk
• 1 kopp gresskarpurè
• 6 ss smelta smør

👉🏻 Slik gjer du det:
Sett på vaffeljernet. Bland alt det tørre. Visp saman egg, melk, smør og gresskarpurè, og deretter pisk inn det tørre til alt er smidig og klumpfritt. Pensle vaffeljernet med smør eller olivenolje, og steik vaflane!

💡 Tips: la tynne skiver norskprodusert Brie (for eks Thorbjørnrud brie eller frå Jørns Brie frå Ostegården i Bergen) smelte på vaflane, og ha på delte/grovknuste valnøtter og sprinkle med honning eller lønnesirup (me brukar eigen Vossabiahonning 🐝😉

🧋Heimelaga pumpkin spice latte

• 2 koppar øko melk
• 2 ss gresskarpuré
• 1-3 ss øko sukker/sukrin
• 1 ss vaniljeekstrakt
• ½ ts gresskarkrydderblanding (sjå vaffeloppskriften)
• ½ kopp sterk kaffe

👉🏻 Slik gjer du det:
Ha melk, gresskarpurè og sukker i pannen på middels varme. Den skal ikkje koke, men bli skikkeleg varm. Ta panne av plata, og rør inn vanilje, krydderblandinga og kaffe. Hell i to fine kaffekoppar, og server med krem på toppen, og eventuelt sprinkle med gresskarkrydderblanding.

🎃 Gresskar kan du og ha i smoothien (væska etter avrenning som sagt, eller den superanvendelege puréen), lag dipp av den, hummus, eller skjær av skiver av gresskarkjøt før du baker den og lag chips, eller som siderett til middagen: bakte biter av gresskar med litt malt koriander og honning på! Nam! Og ikkje gløym å bruke frøene! Det er ein superenkel måte å få i seg gullpakken med vitaminer og enzymer: spis som snacks, eller sprinkle over salaten.

🧡 Ha herlege haustdagar med masse god mat, drikke og pleie til hud og kropp!

Hausthelsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia