For å ta best mogleg vare på huda, er det lurt å ha ei fast og enkel dagleg ansiktsrutine. Ho kan til dømes bestå av skrubb, dagkrem, nattkrem og augekrem – små steg som til saman gjer ein forskjell ✨
Produkt med berre nøye utvalde ingrediensar frå den fantastiske naturen, som gir oss råstoff som faktisk og på ordentleg gir resultat! 🌿
Så her kjem nokre tips til å ta vare på ansiktshuden, med kjærleik frå naturen:
Skrubb 🌹
Begynn med peeling og rens: Rose- og raudkløverskrubb kan brukast som både deilig skrubb og ansiktsmaske. Denne kjem i ein aromatisk og praktisk pulverform.
Å helledussen så deilig den er! Den er så utruleg effektiv og god, renser skånsomt i ansikt og hals og gir full pott på velvære. Og ikkje minst er den full av rose og raudkløver frå engene her og omkring, som gir næring og vitalitet til ansiktshuden. 🌸
Her er me ute og plukker råvarer til Rose- og raudkløverskrubb, som vart kåra til Årets beste peelingprodukt i Skandinavia av Beauty Oscar 2025 🤩
Ylva er kjempeflink å bruke skrubben, og det er Emil òg faktisk. Eg derimot er litt for kjapp på badet og gløymer det fort, så det blir berre av og til. MEN, når eg fyrst bruker den blir eg heilt: "ÅÅÅ, KVIFOR BRUKER EG DEN IKKJE KVAR DAG!?!" – så deilig er den! 🌸
Slik brukar du Rose- og raudkløverskrubb:
Det er fleire måtar å bruke den på. Du kan lage deg ein deilig skrubb ved å tilsette bittelitt vatn, enkelt og greit!
- Ta ca ei ts med Rose- og raudkløverskrubb i handa.
- Skvett oppi litt vatn så det blir som ein velling/tynn graut.
- Lag sirkelbevegelsar og skrubb ditt fine ansikt.
- Skyll med lunka vatn, tørk og så avslutt med Tindved og Nesle eller Ringblomstsalve.

Dagkrem 🌼 og Nattkrem 💛

Ta bittelitt, smør ut i hendene, og deretter masser ansiktet inn med liten mengde superdryg ringblomstsalve. Du treng altså berre ein liten mengde!
Det kjem mykje tilbakemeldinger frå kundar som får god og rask nytte av salven ved eksem, rosacea, kviser, rødhet, tørre flekkar og mykje mer.
Ringblomstsalve er ein favoritt for heile familien. Elsk på denne universalsalven!
Til nattkrem er Tindved- og nesle til ansikt ein stor favoritt som er regenererande for huden.
Eg må elles innrømme at eg no også djupt ELSKAR Tindved- og Nesle som dagkrem. Eg angrar faktisk på at eg skreiv Regenererande nattkrem på etiketten, for den er så nydeleg som dagkrem og.
Eg får litt dårleg samvittighet overfor ein av mine første babyer, Ringblomstsalven, at eg no er litt utro og bruker nesten mest Tindved og Nesle på dagtid... MEN det er faktisk umogleg å ignorere Tindved og Nesle som PERFEKT DAGKREM også 😅 💛 Har du opplevd den gløden du får!?
Tindved- og nesle til ansikt er altså både ein regenererande natt- og dagkrem, ingen tvil!
Salven har eg i alle år kalle ein botanisk buffet, då den er stappfull av supermat frå planter rik på vitamin C og A, samt masse anitoksidanter og heile spekteret av essensielle fettsyrer (til og med den sjeldne omega 7!).
Tindved- og nesle er alltid med! Også her på bobiltur, i praktisk pumpeflaske. Og sjekk eg matchar då 😂
Her får du altså det beste av det beste! Nyperose, tindved, granateple, nesle, hamp.
Ja, her er det berre til å nyte og kjenne kor godt det gjer å påføre denne smidige deilige saken. Og ikkje minst kor godt det gjer å få på slik supernæring, som folk opplever effekt på alt frå kviser til rynker.
Tindved- og nesle gir vakker glød, masse fukt, vitaminboost, oppstramming, og hjelp til å reparere huden etter sol, kulde, stress og ikkje minst kvardagsliv!
Den er altså perfekt om dagen, fabelaktig om natta, og superduper når som helst! 😊
Augekrem 👀
Vil du gjere ansiktsrutinen endå meir komplett så kjem ein ikkje utanom Augebalsam!
Den tek eg rundt augene kvar kveld. Så den er fast nattkrem for området under og over augene, og i blant er det kun den eg brukar om kvelden i heile ansiktet og halsen.
Faktisk tek eg litt ned mellom puppane og, for den stramma så kjapt opp linjene til ei egyptisk venninne akkurat der, og eg kjenner eg ikkje treng rynker mellom puppane 😂
For meg så funker den knallgodt til å halde huden rundt augene fin, stram og ikkje minst utan hovne poser – som var målet og motivet med Augebalsamen då eg utvikla den i 2007.
Augebalsam er ingen vanleg øyekrem. Den er fullpakka med nøye utvalde planteoljer som gjer huda frisk, spenstig og balansert!
Sjølv om augebalsam er utvikla for å pleie hovne, såre, auge, kan den brukast til mykje meir:
- 🌙 Som nattkrem – og vippeserum.
- 👀 Som ein mild og skånsam sminkefjernar.
- 💧 Til sår, eksem og intolerant hud og rennande auge.
- ✨ Til og med ved psoriasis, kviser og pigmentflekkar.
Finn eit pakketilbod som passar perfekt for din ansiktspleie ❤️
Eg har altså mine faste følgesvener til ansiktspleie, og dei er samla i to supre pakketilbod:
Dette pakketilbodet består av det meste du treng for perfekt pleie for ansiktet: rens, dagkrem og nattkrem. I tillegg får du produkta samla i ei gåveeske – perfekt til å gje bort til ein ven!
🌿 Renates daglege botaniske ansiktspleie:
Sidan eg syntes Augebalsam mangla i Perfekt pakke til ansiktet, så laga eg og eit pakketilbod med denne – men då UTAN Rose- og raudkløverskrubb (men eg legg oppi ein gratis lavendel leppepomade i tillegg). Skrubben kan du heller kjøpe ved sida av (sidan eg ikkje klarar å få skrubbinga inn i dagleg rutine, late meg. Haha! 😂)
Så her har du alt du treng til ei perfekt dagleg ansiktsrutine. Enkle å bruke, dryge produkt, og med intenst mykje fantastisk frå naturen rett på huden i ansiktet! ❤️
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia