Donasjon framfor rabatt! 25% av Vossabias omsetning i dag går til nødhjelp for barn i Gaza! 💔

Donasjon framfor rabatt! 25% av Vossabias omsetning i dag går til nødhjelp for barn i Gaza! 💔

Me er i mot Black Friday, og kunne ønske det frå alle kantar i år heller ville vore fokus på Black, Red, White and Green Friday for Palestina! 🇵🇸 Kvar dag er svart for våre medmenneske der, så i vår hjelpelaushet ser me at me kan i alle fall gjere ein bitteliten ting, nemleg donere framfor å gje rabattar på ein dag som denne. ❤️

Viss du velger å kjøpe det du og dine trenger i dag så er det FRI FRAKT PÅ ALLE KJØP i nettbutikken og så DONERER ME 25% AV OMSETNADEN fredag 24.11 til REDD BARNA og UNICEF og deira arbeid for barn i Gaza. Unicef-sjef Catherine Russel sa onsdag til tryggingsrådet i FN at over 5300 barn er drepne på Gazastripa på 48 dagar, og at Gaza no er den farlegaste staden i verda for barn.

 

🐝💛

 

Me taklar ikkje å sitte og sjå på at det har blitt slept over 11000 bomber på eit bittelite område tett befolka av for det meste barn. Ylva, Olav, Jonatan og eg har demonstrert fleire gonger, signert, donert privat til fleire organisasjoner, men no vil me og donere frå dagens omsetnad i nettbutikken! 25% til Redd Barna og Unicef sitt ekstremt viktige arbeid for barn i Gaza. 💔🥺 68% av dei drepne i Gaza er barn og kvinner! Ekstreme mengder barn har mista ALLE, og er i tillegg sterkt skadd mentalt, men også fysisk og må leve vidare utan foreldre, søsken, og sannsynlegvis utan alle lemmene sine.

Dette er ei global krise! 🌍 Dette angår oss alle! Dette er humanitet i fritt fall! Nødhjelpsarbeidarar har ALDRI SETT VERRE! Og at ein samla verden av stater ikkje for lengst har krevd umiddelbar våpenkvile er ufatteleg for oss vanlege folk som står hjelpelaust som vitner til det som skjer. 🙌 Heldigvis tek folk til gatene, demonstrerer, sender brev, boikotter okkupasjonsmakten og set seg inn i kva historisk som har foregått over fleire generasjonar.

Donasjon framfor rabatt


Mi venninne Noha i Kairo, er av Palestinsk opphav. Historikarkollegaer har i 20 år forska på Palestina, flyktningeleire og okkupasjonen. Eg er Midtaustenhistorikar frå Universitet i Bergen. Dette er nært og tett på, dette angår oss alle, menneskeverd er noko som gjeld for alle.

Donasjon framfor rabatt

Vossabia er elles også prinispielt i mot Black Friday, Week og Month og sikkert snart Year! Me er i mot oppfordring til overforbruk og masseproduksjon av varer som statistikk viser kjapt havner på søppelfyllinger rundt omkring i verda. 
 
Vossabia er i mot Black Friday, Week og Month fordi det skader små bedrifter. Viss nokon trur at det å gje enorme rabatter for små, sjølvstendige butikker er berekraftig økonomisk så er nok svaret eit rungande NEI ❌ Eg veit mange butikkeigarar kvir seg til desse dagar, med kjøpekaos, hamstring og så og seie ingen profitt.
🐝💛
Det er sååå mange gode måtar å kjøpe gåver til sine fine som ikkje inneberer å la seg hive med av elleville priskutt. Å  kjøpe brukt og vintage, gje donasjoner til veldedige formål og gode opplevingar til seg og sine brer om seg, og det diggar eg! ✨ Me velger altså veldedighet i dag, for barn som lider, i humanitetens og menneskeverdets navn ❤️
Donasjon framfor rabatt

I dag er god dag å kjøpe billett til jubileumsarrangementet vårt, då 625 kr av kvar billett går til Gaza 🇵🇸🙌
Donasjon framfor rabatt
Tusen takk for at de er med oss i dag og at me står saman i solidaritet. Saman kan me gjere ei lita, men meiningsfull forskjell, ein donasjon om gongen.
  
Varm helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia