Bli med oss på tur!

Bli med oss på tur!

Endeleg fekk me kome oss avgårde på ein liten ferietur, ei veke med bobil here we come! 🚙👏🥰 Etter intenst hagearbeid, innearbeid og sjampoproduksjon vart kl 23 før me kom oss på vegen 😂 typisk oss!

Men, etter berre ein times køyring var me alt langt avgårde langs Hardangerfjorden og neste morgon vart det sjølvsagt morgonbad og vask i fjorden av både hår og kropp! Friskt og deilig og essensielle minisjampo og mini kroppssåpe var med i fjorden 🏊‍♀️🩱💆‍♀️

Førstehjelpspakken i bilen består av plaster, bandasje, og MASSE Vossabia, og det kom godt med alt på første bad der eg reiv av ein del hud og meir på litlefinger i badestigen. Ringblomstsalve rett på ope sår for raskare vevsbygging og heling og Peppa gris plaster oppå der 👍❤️‍🩹🌼 

 


Så deilig med litt minideodorant med på tur! Timian og salvie- med nydeleg hint av lavendel, er min favoritt for tida! Perfekt i reisestørrelse! Og så held den meg tørr og fresh og eg dufter deilig heile dagen og kvelden. 

Så då var me klare til å strolle rundt i herlege Stavanger før turen gjekk vidare til Jæren.

Her er me no, og har nettopp nytt endå eit fantastisk deilig, og knallkaldt morgonbad, igjen med minikroppsåpe som er snill med både hud og sjøliv! Det er viktig for meg, og alle våre produkt er hav og sjøvenlege 💙🐠🐟🪸🦀

Tørr hud etter sjøbad? Det blir Ylva og eg! Men, ingen problem når Ringblomstsalve er med på stranda! Helledussen så deilig å få den i fjeset etter eit bad! 🌼🧡

 Tørr på resten av kroppen og? Kroppsbalsam i reisestørrelse er då din perfekte redning! Eg berre lover! Så smidig, glatt og full av dei beste engplantane mjukgjer Kroppsbalsam så deilig og gjer deg klar for eventyr med finaste huden på heile kroppen!  

Ein annan essensiell på tur er sjølvsagt Panterbalsam! Her er me på camping og det er ikkje til å unngå knott om kvelden. Eller vent, jodå, lett å unngå! Panterbalsam her og der, og adios knott og mygg! 🦟

Ylva skal torsdag i aksjon på Swimrun konkurranse i Lillesand, og då er Kamillebalsam heilt naudsynt og superviktig! Det er fordi ho skal symje frå øy til øy i sjøen i Blindleia, på dette fantastiske arrangementet (som eg skal trene meg opp til og delta neste år, jepp no har eg sagt det 😅💪), og det er MASSE BRENNMANETER i sjøen. I fjor vart ho brent over heile kroppen, og då er Kamillebalsam redningen på å lindre svie og brenning og kløe! Krysser fingrane for mindre maneter i år, men Kamillebalsam er superessensiell uansett!

Så no stikk me på glassblåseri på Jæren og Vitengården Jærmuseet (der dei og Selger Vossabia 🌻🐝🧡), og så går vegen vidare til Sup&Stup festival i Lillesand og me skal heie masse på Ylva i konkurranse med mange triatleter og andre sprekingar! 💪🏊‍♀️🏃‍♀️

God sommar vidare
frå Vossabiagjengen! 🐝🌼🐝