Beskytt huden i sprengkulde! ❄️

Beskytt huden i sprengkulde! ❄️

Godt nyttår i sprengkulde og voldsom vind! 🥶💨 Slik er det i alle fall her! Det er altså heilt vilt ute. Dei fantastiske 45 cm med laussnø har no blitt til fjell av skavlar, og naboar sine bakkar er blitt grønne då all snøen har flydd med vinden bort til vårt tun! ❄️ Kjempemoro å lage snøholer og skri på matter og akebrett! Men, IKKJE UTAN KULDEKREMEN! 💙

Det riv og svir i fjeset av snø som blir piska på oss, og vind som får kulden til å bli endå kaldare.💨 Men, vår 16 år gamle ven, Kuldekremen, veit akkurat korleis den skal beskytte oss! Med bivoks, lanolin og squalane frå oliven, blant anna, så blir me tatt vare på når naturen herjar med oss.

kuldekrem

Visste du at me til og med har testa den ute i Stadhavet i januars ville vær for nokre år sidan? 🌊 Ei venninne og eg var å surfa i Hoddevika 🏄‍♂️ og eg garanterer kaldt hav, snø i lufta og bra med vind. 🌬 Me var sjølvsagt godt dekka med våtdrakt, hanskar, hette og sko, men ansiktet var utan beskyttelse og det fekk køyrd seg i voldsomme bølger og piskande hav. Etter fyrste dagen såg venninna mi ikkje bra ut. Litt frekt, men ho var raud og rar i fjeset, som ein rå karbonade. Huff så slemt sagt, men sånn var det 😅😂 Eg foreslo å smøre Kuldekrem på neste dag, før bølgeleik, og det gjorde susen! Me herja i havet og ho var like nydeleg som ho plar vere ein varm sommardag etterpå. Raud og frisk i kinnene, og ho gløda av bølgeglede og beskytta bra hud! Det må vel vere den ultimate testen av produktet! 👏

Surfe-Renate med Kuldekrem i kinna 😉

Så kva gjer denne Kuldekremen så magisk då? 💙

Det er sjølvsagt den veldig beskyttande bivoksen, og spesielt i kombinasjonen med lanolin som er naturens vidundermiddel for å tåle ekstremvær som mykje kulde og vind, varme og væte.
Elles er det ein hemmelegheit til! Squalane! Denne stjerneingrediensen berre må vere tilstades i produkt meint for vinter og kald vind. Den er ei stjerne av mange grunnar faktisk, og noko får du vite her, og så kjem det meir spennande om den seinare, då me brukar squalane i fleire produkt med GOD grunn 😉
kuldekrem

For dei som er på TikTok: hashtaggen #squalane har per akkurat no enorme 49 millionar views! Hudpleieentusiastar, dermatologar og andre er besatt av squalane, og det skjønner eg. Bittelitt besatt eg og, hehe. 🥰😅

Squalanen me brukar kjem frå oliven 🍈 (men den kan og vere syntetisk, og det ville sjølvsagt aldri Vossabia brukt 🙅‍♀️). Squalane har mange fordelar, blant anna hjelper den planteingrediensen med å bevare og ta vare på hudens eigen naturlege fuktbalanse på innsida av huden din. Så altså super for tørr hud, men også for feit hud og kvisehud pga anti-inflammatoriske eigenskapar.

Så til vinterhuden igjen då: Squalane skapar, slik også bivoks 🐝 og lanolin gjer, ein pustande hudbarriere som kan redusere fukttap i huden og oppretthalde hudens naturlege mjukhet og fuktnivå. Squalane beskyttar også mot ekstreme element, deriblant altså voldsom kulde. ❄️

Så med desse fabelaktige, og sjølvsagt nøye utvalde ingrediensane, kan du forvente ein kuldekrem frå Vossabia (skapt i 2007) som beskytter, pleier og heler huden din, og som bidreg til sunn, soft og smidig hud, og kanskje til og med fyller ut litt av dei fine linjene i huden 🤩

👉 Vossabia kuldekrem er altså perfekt i desse kalde dagane me er midt inni no, og mange brukar den faktisk som dagkrem på denne tida, eller til vintereksem og tørre hender (det siste gjer eg heile tida!). Kuldekremen har og naturleg solbeskyttelse (faktor 8), noko som gjer den perfekt for seinvinteren når sola begynner å bli sterkare igjen.

👉 Og, leppepomadane våre må og nevnast no om vinteren! Dei er fantastiske på denne kalde tida, og held leppene mjuke og beskytta i vilt vintervær!


👉 Sjekk og Vinter- og haustpakka vår, som er satt saman med produkt som me meiner er uunnverlege på denne tida.

Så, ut i vinden og ake igjen! 🏂 Det er jo så moro med fart og fres nedover dei kvite bakkane, som om nokre få månadar er grønne og me går i shorts og plukker nesle og rødkløver.

Nyt kulde og vindfulle dagar, det er jo ganske gøy og kos det og!

Varm helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia