Ansiktsstyrkande massasje på skotårsdagen og nye lepper? 😚

Ansiktsstyrkande massasje på skotårsdagen og nye lepper? 😚

Heisann, vakre folk! I dag skal de få svar på dei mest stilte spørsmåla om ansiktspleie knytt til våre deilige naturprodukt i Vossabiaserien! Du vil få eit glimt inn på badet vårt, og sjå litt av min daglege rutine, der eg vil dele nokre av mine beste måtar å bruke våre kjære Vossabiaprodukt i ansiktet 🧡🐝 Men, det er ikkje alt! I dag er det ein spesiell dag som eg vil feire! Skotårsdag, den ekstra tida me får kvart fjerde år. Me feirar med ei gåve! 🎁 For skotår er heilt KONGLE! 🤩 Trur du dette er skrivefeil, å nei då! Ingen skrivefeil på denne dama, haha 😉
🪞 Når eg står på badet morgon og kveld og smører meg inn med dei deiligaste naturprodukta i ansiktet, så blir det ofte grimasar og hud som blir dytta rundt med fingermassasje i fjeset 💆‍♀️ Eg ser rar ut, men det er så deilig og eg har skikkeleg tru på at dette er knallbra for huden min, for smidigheten og oksygenflyten i huden. I tillegg står eg der og gapar og lagar rare rørsler med munn, kjeve og lepper 🤪 Ei god blanding av ansiktsmassasje, ansiktsyoga og næring og pleie med superprodukta våre til ansikt. Eg berre nyt og diggar dette ritualet og føler meg superfresh etterpå, og så er det morsomt også 💖
  
 
Skotår er så kult! 🤩 For dei fleste kjennes det sikkert berre som ein ekstra dag. Men, eg har kjent litt på dette no, og eg velger å sjå på denne ekstra dagen som ein sjeldan portal som berre er tilgjengeleg kvart fjerde år 🗓 Denne dagen kan me sjå som ei ekstra moglegheit i eige liv og me kan kople oss på denne spennande energien ✨ og vere meir medviten og på plass, og i kontakt med kva me vil med livet nett no. Og det eg ville bruke denne ekstra tida på, det var å jobbe kreativt og blande saman fantastiske naturlege fargepigment med nydelege pleiende oljer og lage ein ny leppepomade med ein farge som har vore etterspurt. 🎨💋 NUDE er så trendy farge og populært for tida, og Linda her maser om at eg må lage det. Med ein ekstra dag denne månaden så vart det mogleg! Men, nude? Det er ikkje Vossabia-språk! Her blir den nye glansfulle leppepomaden med diskret, litt bronseaktig farge kalla KONGLE⭐️ Er ikkje det perfekt?
NUDE er så trendy farge og populært for tida, og Linda her maser om at eg må lage det.
Det er spennande kor ulikt den vises på ulike lepper. Renate har litt naturleg raude lepper og då blir den annleis enn på Lindas litt meir hudfarga lepper. Linda blei kjempefin med Konglelepper!
 
🎁 Vil du ha KONGLE-LEPPER som SKOTÅRSGÅVE?
Du har sjansen til å få med deg dette førebels avgrensa talet KONGLER om du handlar ein av våre supre Ansiktspakker til din daglege rutine! Og kom gjerne med tilbakemelding på om du liker den og vil ha den i ordinært salg seinare, etter du har testa den ut 🥰 Tilbodet gjeld ut veka, til 3.3.
 
Så: Frå lepper 💋
til heile ansiktet 💆‍♀️!

Spørsmål og Svar til ansiktspleie med Vossabia:

1 · Kan Vossabias hudpleieserie brukast til ulike hudtypar og hudtilstandar, inkludert moden hud, ungdomshud, hud med ureinheiter (kviser/hudormer/akne), rosacea, eksem og utslett?
Ja, absolutt! RingblomstsalveTindved og NesleAugebalsam og Kamillebalsam! Det er noko av det fantastiske med urte- og bivoksbaserte produkt, at dei kan fungere godt for fleire ulike hudtypar og faktisk fungerer effektiv mot blant anna kviser og eksem. Ein plante som ringblomst for eksempel, er skikkeleg universal med eigenskapar som passar alle hudtypar, og kombinert med tørr oljetype frå økologisk tistel så fungerer Ringblomstsalve sjølv for dei med feit hud. Blandingshud er ofte vanskeleg å finne produkt til, men mange tilbakemeldingar gjennom åra viser at folk med slik hudtype har funne Ringblomstsalve og Augebalsam som sin redning. 🐝 Bivoks er elles eit utruleg råstoff frå biene, skapt av eigne enzym og planteråstoff, og det beskyttar mot ytre påverknad, let huden puste, og held på hudens naturlege fukt.

2 · Kva spesifikke produkt anbefales for å fremje ein sunn og strålande hudtone hjå personar med moden hud?
Heilt klart Ringblomstsalve og Tindved og Nesle! 🌿 Alle planteoljane og urteingrediensane i Tindved og Nesle er valt ut for sine høge innhald av antioksidanter, essensielle fettsyrer, og vitamin A og C. Dette er viktig for å regenerere huden, halde på smidighet og spenst i huden, og så er det tindvedbæret i både olje- og tinkturform som gir den fantastisk fine gløden.
 
3 · Korleis kan produkta til Vossabia bidra til å få bort hudormer og ureinheiter i problemhud?
Ringblomstsalve og Tindved og Nesle får mange fine tilbakemeldingar på god effekt på urein hud.
🌼 Ringblomst er rensande i hud og heilt inn i nyrene. Ringblomst har antimikrobielle eigenskapar, og kan redusere betennelse relatert til kviser og hjelpe til med å drepe bakteriar som forårsakar kviser. Ringblomst fungerar og som ein mild eksfoliant/peeling og kan fjerne døde hudceller og gje ein glattare, meir strålande hudtone.
🌿🧡 I Tindved og Nesle er det knalloransje tindvedbæret kjent for sine eigenskapar knytt til urein hud. Tindved har også antimikrobielle og betennelseshemmande eigenskapar, og kan bidra til å oppretthalde hudens naturlege talgnivå, og dermed vere effektiv til å bli kvitt hudormar og kviser.
🌸 Anbefaler også Rose- og raudkløverskrubb, ein mild ansiktsskrubb som med fordel kan brukast 2-3 gonger i veka.

4 · Er det nokon spesielle ingrediensar i produkta som kan bidra til å roe ned huden og redusere raudheit hjå personar med psoriasis, eksem og rosacea?
Her er det heilt klart Kamillebalsam og Ringblomstsalve! Kamillebalsam med sine store mengder beroligande kamille har i 20 år no fått enormt med tilbakemeldinger på god effekt mot psoriasis. Begge desse to uunnværlege produkta er oftast meget effektive mot eksemtypar, og når det gjeld rosacea er det svært mange som sverger til Ringblomstsalven vår 💖 Milde og effektive produkt med mange bruksområde heldigvis.

5 · Kan du tilrå spesifikke produkt til personar som opplever utslett og svært sensitiv hud?
Igjen Ringblomstsalve og Kamillebalsam. Augebalsam er også fabelaktig på svært sensitiv hud, og må gjerne brukast andre stader enn kun rundt augene. Eg brukar den ofte i heile ansiktet og halsen, varierer på den og Tindved og Nesle som nattkrem. Augebalsam har dessutan ikkje eterisk olje for dei som vil unngå det.
 
6 · Korleis kan produkta i serien brukast for å få ein mest mogleg effektiv morgon- og kveldsrutine for å oppnå best mogleg resultat?
Det er nok ulikt kva folk velger, men min effektive rutine er kaldt vatn i ansiktet om morgonen, deretter Ringblomstsalve eller Tindved og Nesle (varierer på desse), og når eg smører meg inn så masserer eg og tar litt i også, for å få god blodgjennomstrøyming, som man elles også får gjennom for eksempel ringblomst  På kvelden tek eg i blant ein runde med fantastisk Rose- og raudkløverskrubb, før Augebalsam rundt augene (eller i heile ansiktet) og Tindved og Nesle i ansikt og hals, gjerne med ein kjapp massasje då og. Eg passar alltid på å hugse på halsen, så held den seg spenstig og strålande fin og. Er det sterk sol eller veldig kaldt, så er ☀️ Solkrem og ❄️ Kuldekrem knallgode ansiktskremer stappfull av nærande ingrediensar og gir så mykje meir enn den opplagte beskyttelsen.

7 · Er det nokon vanlege feil eller misforståingar folk gjer når dei brukar Vossabia?
Ja, ofte tek folk for mykje på. Mange er van med kremar, som betyr produkt med mykje vatn. Mange er ikkje klar over at mesteparten av innhaldet i ein ansiktskrem er vatn, kanskje mellom 70-90%, og då er det klart ein er van med å bruke større mengder. Men, med bivoks- og planteoljebaserte produkt får du alt det gode frå naturen med, og då treng du kun bitteliten mengde 🐝🌱
Så det er enkel (og økonomisk) bruksanvisning: Føles det før mykje (er det klissete?) så er det for mykje! Smør då salven vidare utover på hals og bringe, og ta mindre neste gong, så ser du kor lett og fint produkta går inn i huden og det går heilt fint å ha sminke på over der 😉

8 · Fins det nokon spesielle teknikkar eller tips for å optimalisere effekten av produkta, for eksempel damping, rens eller ansiktsmassasje?
Ja, det er så deilig og rensande med damping i blant! Har du urtete kan du lage damp av det, og så gjerne skrubbe med Rose- og raudkløverskrubb etterpå, eventuelt blande den med honning 🍯 eller avokado 🥑 og bruke som maske før du skrubber lett av, og så avslutte med skikkeleg deilig måltid for huden med Ringblomstsalve eller Tindved og Nesle for eksempel.

9 · Korleis kan Vossabias hudpleieserie bidra til å fremje generelt velvere og ei sunn og smidig hud, uavhengig a hudtype eller hudtilstand?
Du vil kjenne at du smører deg med NATUREN PÅ HUDEN! 🌱🌸🐝 Med økologiske planter og ville vekster får du auka velvere, masse næring og kraftfull pleie. I utviklinga av produkta har eg tenkt på at du skal få eit variert kosthald til huden din, slik som me som er opptatt av det generelle kosthaldet tenker om kva mat me skal lage. Så med fokus på at dette er næring og ikkje kosmetikk, så er me etter mitt syn alt kome langt i å få ei meir sunn hud. Så kombinerer me gode hud-måltid med sunne saker på tallerkenen og rikeleg med vatn, så tek me også slik vare på huden vår, uavhengig av hudtype og -tilstand. Heilskap, økologi og mangfald i mitt hjarte! 🫀🌿
 
👆 Med desse sunne naturprodukta anbefaler me å i blant bruke eitt minutt ekstra på badet med ein skikkeleg ANSIKTSBOOST med massasje, og nytt gjerne høvet når du held på å smøre deg inn med dine favorittar.
 
 
Lag morsomme ansikt med Renate!
NUDE er så trendy farge og populært for tida, og Linda her maser om at eg må lage det.
Nokre er redde for å ta på ansiktet sitt, uroa for at for mykje bevegelse i huden fører til rynker, men eg er overtydd om at ansiktsmassasje 💆‍♀️ betrar oksygenstraumen til huden, aukar produksjonen av kollagen og elastin, held lymfer i gang (og fjernar giftstoff), og sikrar at huda gløder vakkert, og samstundes reduserer ansiktsspenning. Kva meir kan ein ynskje seg?
🪞🧖‍♀️ Så kvar kveld, med mine favorittar, følger eg denne teknikken. Prøv du og! Eg er sikker på at du vil sjå skilnaden om du gjer det regelmessig:
👉 Bruk to tre fingrar saman til massasjen. Gjer begge sider av andletet samstundes (spegling av bevegelsane). I ei perfekt verd ville du stimulere kvart punkt i 1 minutt. I verkelegheita kan 5-10 sekund på kvart punkt framleis gjere ein skilnad. Trykk lett og lag sirklar!
Korleis då? Lag sirklar først øverst i pannen, rett under hårfestet. Flytt deg nedover mot augebryn og sirkle rundt der. Trykk og masser så me tomlane ved naserot inn mot auger og opp mot augebryn (der kan det vere ganske ømt, men det er viktige soner). Fortsett med lette sirklar ved tinning, kinnbein og så med ein finger att mellom nase og lepper. Ha tre fingrar på kvar side av munnen og lag skikkeleg store sirklar og sjå kor mykje du flytta ansiktet opp, til sida og ned. Det gjer så godt og strammar huden opp rundt munnen. Til slutt kjevebein heilt frå hake til øyre. Her sit ofte mykje spenningar. Så er det berre å gape og lage rare fjes 🤪 så heile huden i ansiktet får auka blod- og oksygenstraumen sin.
 
Ha det litt morsomt på badet du og!
🧖‍♀️🤲

Varm helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia