Pakketilbod til familien: Ringblomstsalve 100 ml 💚 Sjampo 250 ml 💚 Panterbalsam 50 ml

Pakketilbod til familien: Ringblomstsalve 100 ml 💚 Sjampo 250 ml 💚 Panterbalsam 50 ml

Tilbud932,00 kr Ordinær pris1.097,00 kr
Spar 165,00 kr

Etter innspel frå kunder har me laga eit supert familietilbod med stor RINGBLOMSTSALVE, SJAMPO og stor PANTERBALSAM. Dette er mange familiars favorittar, som det går unna av, og det er ikkje rart! Denne gode samlingen passar alle aldre, til utruleg mange ting som oppstår eller er behov for i det daglege.

Ringblomstsalve - familiens universal til alt frå dagkrem, til utslett, kviser, sårheling og tørr hud.

Sjampo som renser godt med kjerringrokk, nesle og ryllik plukka på garden og kokt lenge. Mild og god, og balsameffekt i seg sjølv og ikkje minst veldig fin for hodebunnen.

Panterbalsam er familiens superhelt! På all slags vondt og verk, hodepine, tett nase, vonde rygg og nakke, mot kløe og stikk, hald unna mygg, knott og flått og masse meir!

RINGBLOMSTSALVE 100 ml - i ansiktet, på hender, mot kviser, sår og skader.

URTESJAMPO 250 ml - Få bort kløe, tørrhet, flass, skorper og eksem, og ikkje minst: gje næring og pleie til hår og hodbunn med denne sjampoen! Og så trenger man ikkje balsam, kor bra er ikkje det!?

PANTERBALSAM 50 ml- på vonde musklar etter hard trening, voksesmerter, kramper og hodepine.

Sjå innaldsliste for kvart produkt under dei respektive produktsidene.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Pakketilbod til familien


Ringblomstsalve 100 ml + Sjampo 250 ml + Panterbalsam 50 ml

Bruksanvisning

Ringblomstsalven er Renate og Heidi sin favoritt til ansiktet, og den gjer ofte underverk for ungdomen sine kviser og hudormer, eller store porer, utslett, eksem, atopisk, rødhet i huden, tørre hudparti, etter barbering, såre brystvorter... ja, og mykje meir som me stadig får tilbakemelding om. 😁 Min faste dagkrem og sårsalve og handkrem osv... 😅💚

Sjampo med ville urter! Kjerringrokk, nesle, ryllik, einer... Det er klart sjampoen funker superbra for mange når det er slike superurter i store mengder i sjampoen. Og hodebunnen! Få bort kløe, tørrhet, flass, skorper og eksem, og ikkje minst: gje næring og pleie til hår og hodbunn med denne sjampoen! Og så trenger man ikkje balsam, kor bra er ikkje det!?

Panterbalsam! På all slags vondt og verk, tett nase, senebetennelse, kramper, mot mygg og knott og flått, på insektsstikk, kløe, negleband, hodepine og smerter i ledd og etter operasjoner... Ja, dette og mykje meir får eg kvar veke masse tilbakemeldinger på (no i over 17 år), og den er alltid med i veska, lomma, bilen og på disken her og der.

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Tre sprø søstre og ei vill «halvsøster» på veg til Rosmarinøya med toalettveska full av deilige saker! 👯‍♀️👯‍♀️

Tre sprø søstre og ei vill «halvsøster» på veg til Rosmarinøya med toalettveska full av deilige saker! 👯‍♀️👯‍♀️

Me drar omtrent rett frå den fantastiske Hagemessen til Nord Kypros! Først: tusen millionar takk 🙏 til alle de utruleg fine folk som kom til standen vår og prata og spreidde god stemning, og han...
Vossabia til Hagemessen med lansering av Konglelepper! 🤩😚

Vossabia til Hagemessen med lansering av Konglelepper! 🤩😚

🚙 Torsdag morgon pakkar me bilen og tek turen austafjells for å vere med på Hagemessen igjen! Det er eit av vårens høgdepunkt, og egentlig vårens pangstart, startskot, avspark, ja du skjønner! Våre...
Menn diggar Vossabia! 🙋‍♂️

Menn diggar Vossabia! 🙋‍♂️

Tøffe gutar, barske menn, snille gutar og skjønne menn brukar Vossabia! Unge og gamle, for skjønnhet og hudpleie, for hudplager og vondter 🙌 For det treng ikkje vere svarte etiketter for at menn sk...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring