Perfekt pakke til ansiktet - i nydeleg gåveboks 💗 rens, dagkrem og nattkrem 🌸

Perfekt pakke til ansiktet - i nydeleg gåveboks 💗 rens, dagkrem og nattkrem 🌸

Vanlig pris 750,00 kr 675,00 kr På salg

Her er verkeleg det du treng for perfekt pleie til ansiktet! 🌸 RENS, DAGKREM OG NATTKREM 💕

Peeling og rens med Rose - og rødkløverskrubb, som kjem i aromatisk og praktisk pulverform. Denne er så utruleg god og effektiv, og ikkje minst full av rose og rødkløver frå engene her, som gir næring og vitalitet til ansiktshuden. Du kan lage deg ein deilig skrubb ved å tilsette vatn, enkelt og greit! Ta ei ca ts-mengde i handa, og skvett oppi litt vatn så det blir som ein velling/tynn graut, og lag sirkelbevelgelsar og skrubb ditt fine ansikt. Skyll med lunka vatn når du kjenner det er nok. Varier gjerne med å blande skrubben med naturell jogurt, eller ein god avkjølt urtete, eller kva med å blande med honning og lage seg ei maske først, som du så skrubber av etter 20 min avslapping. 

Som DAGKREM er eg hekta på RINGBLOMSTSALVE, og den har vore fast kvar morgon i snart 19 år! Huden vart raskt mykje meir smidig, jevn, mjuk og ikkje minst utan hudormer og kviser. Det er også mykje tilbakemeldinger frå mange som får god og rask nytte ved eksem, rosacea, rødhet, tørre flekkar mm. Ta bittelitt, smør ut i hendene, og deretter masser ansiktet inn med liten mengde superdryg ringblomstsalve. 

Ja, så er jo ringblomstsalven familiens universal, så få den på alle dine ved tørr hud, eksem, sår og skader, brannsår, solbrenthet, sprukne fingertupper, tørre leggar, etterbarbering og uendeleg mykje meir. Elsk på denne universalsalven! 🧡

NATTKREM! Favoritten over alle er TINDVED OG NESLE - regenererande nattkrem. Stappfull av supermat frå planter rik på vitamin C og A, samt masse anitoksidanter og heile spekteret av essensielle fettsyrer. Her får du altså det beste av det beste! Nyperose, tindved, granateple, nesle, hamp.. ja, her er det berre å nyte og kjenne kor godt det gjer å påføre denne smidige deilige saken, men og kor godt det gjer å få på slik supernæring som folk opplever effekt på alt frå kviser til rynker med. Den er altså perfekt om natta, men superduper når som helst, og eg brukar den i blant som dagkrem også (varierer med Ringblomstsalven). 

 

Rose og rødkløverskrubb 100 ml

Ringblomstsalve 50 ml

Tindved og Nesle 15 ml

Sjå ingrediensliste under enkeltprodukt på sine respektive sider.