Deodorant Egyptisk Jasmin
Deodorant Egyptisk Jasmin

Deodorant Egyptisk Jasmin

Tilbud99,00 kr
Utsolgt
Volum:15 ml

Føl deg fresh frå dusj til dusj, i kvardag og på dine eventyr!
Vossabia sine naturlege deodorantar er effektive til å nøytralisere kroppslukt, med kun supersunne ingrediensar frå økologisk landbruk.

INNHALD PÅ NORSK:
øko bivoks, øko pilerot, øko bakepulver (øko druesaftkonsentrat, øko maisstivelse, sodium bicarbonat), øko kokosolje, øko sheasmør, øko jojobaolje, øko eterisk jasmin, naturleg e-vitamin.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

Den naturlege deodoranten skal smørast med eit tynt lag under armane. Ta ein liten mengde på fingeren og smør utover lett som ein plett (Vossabia sjølv nyt dei tre sekunda det tek, fordi det er så sunne saker som går rett i hud og kropp 🌼🐝). Deilig å vite at deo'en er meir som "kosttilskot" rett under armane. Og heldigvis effektiv også!

Det blir ikkje klissete, og du held deg fresh, tørr og deilig heile dagen og vel så det (for meg held den i over eitt døgn sjølv med mykje aktivitet).

Tips for å unngå flekkar på klede er å påføre deodoranten etter du har kledd deg (løft opp genser/skjorte og smør underifrå 👍 SKulle du ha vore uheldig å fått flekker på tekstilane dine: fukt flekken, gni natron inn i flekken, vask på vanleg måte, og borte er flekken 😁

P.S. Svetter og luktar du meir dei første dagane? Nokon kan oppleve at når dei går frå ein "vanleg" deo (med aluminium osv) og over til ein heilt naturleg deo, at dei den første veka (eller eventuelt litt lenger) lukter meir svette, og kanskje svetter meir også. Dette kan vere ein avgiftingsreaksjon etter langvarig bruk av antiperspirant/deodorant med alumnium som hindrar svette. Ha berre litt tålmod så blir det bra! 😁 Det er ikkje alle som opplever dette.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakke med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Deodorant med spiselege ingrediensar!

Herleg, trygg, mild og effektiv! Nøytraliserer ) svettelukt (ikkje blokkerer, som aluminiumsbasert deo) med økologisk bakepulver (utan aluminium og fosfat) og pilerot (arrowroot), ein sunn stivelse (brukt i matlaging) som er rik på B-vitamin, kalium og andre gode mineral og vitamin) held unna kroppslukt og held deg samstundes tørr og fresh under armane.

Inneheld også kakaosmør (økologisk og fairtrade), sheasmør (økologisk) og deilig og sunn kokos (økologisk)!

5 fordelar med (superdeilig) naturleg deodorant:
1. den lar deg svette og blokkerer ikkje huden
2. den held unna dårleg kroppslukt på naturleg vis
3. du kan føle deg trygg
4. den er meget hudvenleg og nærande
5. den samsvarar med verdiane dine.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Hold deg tørr og frisk med supersunne spiselige økologiske ingredienser


I denne nydelege florale, lette deodoranten er det nydeleg Egyptisk Jasminolje, henta direkte frå Egypt av Vossabia Renate.
Vossabiamamma er jo gamal Egypthistorikar, så det er klart eg må bruke deilige råvarer frå hudpleiens vugge 💗

Ingredienser

Kokosolje, kakaosmør (fairtrade i tillegg til øko.), sheasmør, jojobaolje og bivoks er nokre av dei superpleiande ingrediensane i våre deilige deodorantar,
og det gir i alle fall oss ein god følelse av trygghet og langsiktig førenyggande helse å smøre oss under armane med slike planter!

  • Kokos
  • Kakaosmør
  • Sheasmør
  • Pilerot
  • Øko Bakepulver

Kvifor blir det stinkande kroppslukt?

Jo, bakterier frå huden blandar seg med salt og vatn frå huden - og der har du det! .
Naturleg deodorant hjelper til å unngå at bakterier blander seg med salt og vatn frå huden, og samstundes får huden likevel puste og kvitte seg med giftstoff (i motsetnad til med antiperspiranter). Svette skaper ikkje kroppslukt av seg sjølv altså, men kombinert med bakterier frå huden så kjem den lukten eller "stinken" som mange ville sagt

Bruksanvisning

Fløyelsmjuk og dryg! Ta opp litt på pekefinger, smør med ein eller fleire fingre under armane, tynt lag er nok. Tips: Smør på etter du har tatt på genser/skjorte.
Får du rester på fingrane kan du smøre det på bikinkant, bak øyrene som ""parfyme"" eller på føtter eller under bryst for å førebygge svette. Får du merker på klær, skrubb flekken med litt natron etter å ha tatt vatn på flekken, vask deretter som vanleg i vaskemaskin.

Prøv fleire av Vossabia sine mini-deodoranter, så har du til ulike humør og aktivitetar!

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Kamillebalsam i minikrukke! 💛 Lanseringstilbod 20% på denne 20-åringen vår - for alle tre størrelsar!

Kamillebalsam i minikrukke! 💛 Lanseringstilbod 20% på denne 20-åringen vår - for alle tre størrelsar!

Endeleg! Kamillebalsam i liten krukke! 💛 Mange har venta på denne praktiske og supre størrelsen, perfekt til reise, trening og jobb- og skulesekk. Ha den med overalt, så kan du la huden bli omfavna...
Ansiktsstyrkande massasje på skotårsdagen og nye lepper? 😚

Ansiktsstyrkande massasje på skotårsdagen og nye lepper? 😚

Heisann, vakre folk! I dag skal de få svar på dei mest stilte spørsmåla om ansiktspleie knytt til våre deilige naturprodukt i Vossabiaserien! Du vil få eit glimt inn på badet vårt, og sjå litt av m...
Vinterferiespa! 🧖‍♀️❄️💚

Vinterferiespa! 🧖‍♀️❄️💚

Bittelitt lei vinter no? Det er eg! Altså, eg likar snø, men i 4 månadar? 😅 Eg vil ha fargar, og bier og blomar no!🍀🐝🌼 Men ok, med vinter som framleis ikkje slepp taket på ei stund er det på tide å...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring