Har du smurt Vossabia på dyr? 🐶🐄
Har du vore freista til å smøre potane, snuten – eller eit sår – på hunden, katten, hesten eller kua di med Vossabia? Då er du verkeleg på rett spor. Faktisk går du i meget gamle spor.
Urtepleie til dyr er ei eldgamal og heilskapleg helsetilnærming, brukt i alt frå oldtidas Egypt, til tradisjonell kinesisk medisin og i urbefolkningar verda over.
Og det fine er: mange av dykk kundar har allereie testa – og fått så gode erfaringar – at me no kjenner det er på tide å løfte dette fram endå meir 💚

- Denne veka: me tek for oss nokre urter og produkt til hund, katt, sau, kyr, alpakka og til og med høne (!)
- Neste veke: fullt hundefokus, med gode konkrete tips og til og med eit par overraskelsar 🐶✨
Kvifor fungerer Vossabia så godt til dyr?
Fordi urter som blant anna kamille og ringblomst virkar:
- lindrande
- betennelsesdempande
- sårhelande
- hudstyrkande
Og fordi dyrehud – akkurat som vår – trivst best med rein, uforstyrra naturpleie 💚
Kva produkt får me mest tilbakemelding på til dyr? 🐶🐄🐾🐑🐔🐖🐴

🌼 Kamillebalsam
Kamille er ei klassisk legeurt kjend for sine beroligande og betennelsesdempande eigenskapar.
Den har ei heilt spesiell evne til å roe ned irritert, kløande og sensitiv hud, og sjølv dyr med sart hud toler denne planten godt.
I Kamillebalsam gir kamille lindring ved kløe, sår, betennelse og irritasjon, og støttar hudas eigen evne til å finne balanse igjen. Nettopp difor har denne salven blitt ein favoritt hos mange dyreeigarar – brukt på alt frå hunde-poter og fuktige hudfolder til sårheling og irritasjon hjå både kjæledyr og husdyr.
I Kamillebalsam er det og lanolin som kan vere til god hjelp ved:
- tørr, flassande hud
- sprukne poteputer
- tørre og irriterte øyreflipper
- trykkhud på albogar hjå hundar som ligg mykje på hardt underlag
- sensitiv hud rundt endetarmsområdet ved langvarig irritasjon
Saman med kamille sine lindrande eigenskapar gjer dette Kamillebalsam til eit mildt, men effektivt val når dyrehuda treng ekstra omsorg 🐾💚
|
|
|
|

💬 Aina J fortel:
“Har også brukt kamillebalsam på en av søsteren min sine høner (!). Vi hadde en kjedelig opplevelse i ferien, hunden vår stakk av og bet en av hønene hennes.
Vi ringte til dyrlege og var klar til å avlive høna, det var et ganske dypt bitt i pompen, men siden den spiste/drakk/gikk rundt, bestemte vi oss for prøve å pleie såret.
Vi skylte det i kamillevann og smurte godt med kamillebalsam etterpå. Vi sjekket flere ganger daglig, men var ingen tegn på infeksjon.
Utrolig nok hadde såret grodd etter 2 uker, og både høna og vi går lykkelige rundt igjen (har også bilde av dette, men det er ikke noe hyggelig skue😅🤢)🙏🐔”

Her på tunet har me også behandla høner med våre gode naturprodukt. Her fekk ei skadd høne sårbehandling med stor suksess med Kamillebalsam.
🌼 Ringblomstsalve
Når det handlar om sår og hud som treng ekstra støtte, er det éi plante som går att i gamle urtebøker:
Ringblomst til dyr – naturens sårhelar
Det er mange fordelar ved å ta i bruk ringblomst til dyr – men det er særleg éin ting blomen er kjend for: sårheling.
Ringblomst har ei lang historie som ei av dei viktigaste sårurtene i naturmedisinen. Den kan brukast ved kutt, skrubbsår, lette brannskadar, utslett, solbrenthet, insektstikk, og bidreg til å støtte og framskunde hudas eigen helingsprosess.
Brukt på:
- Hest: sår, eksem, etter insektstikk
- Kalv og sau: sår på bein og jur
- Hund og katt: eksem og sprukken hud

|
|
I fjøset hjå sambuaren min Olav har Ringblomstsalve og Kamillebalsam fast plass 🌿
Han driv økologisk melkeproduksjon med rundt 80 dyr fordelt på kalvar, kviger, kastratar og melkekyr, og det blir stadig smurt inn store dyr med Vossabias anvendelege urtesalvar på til dømes opne sår som gror sakte på kalvane sine knær, på betennelsar, og ved begynnande jurplager.
Og han er ikkje den einaste. Det er blitt ein del bønder som bruker Vossabia på husdyra sine på same måten som Olav, og det varmar alltid hjartet mitt.
Og så er det så godt for både bonde og storfe at berre sunne saker – 100% naturleg – møter dyrehuda.🌿💚

🐾 Kuldekrem
Det er berre gode ingrediensar i Kuldekremen vår, blant anna lanolin:
Lanolin er eit naturleg fettstoff som liknar dyrehuda sitt eige beskyttande lag. Det er kjent for å binde fukt, mjukgjere og reparere tørr og sprukken hud, og både hund og katt toler lanolin godt, og det gjer naturlegvis og husdyra våre.

I Kuldekrem gir lanolin effektiv beskyttelse av tørre og sprukne poteputer, og legg ei mjuk barriere som skjermar mot kulde, snø, is, varm asfalt og røft underlag.
Difor er den svært populær både førebyggande før tur og pleiande etterpå. Perfekt for hundar og kattar som går mykje ute – spesielt vinterstid.

🐝 Panterbalsam
Insekt, knott, flått og kløe
Mange brukar Panterbalsam på både folk og fe for å halde unna insekt, og det er veldig kjekt at den svarte boksen også funkar så godt for dyra. Kundar melder om både insektsavvisande effekt og lindring dersom det allereie har kome stikk:
- mange har fortalt om stor endring for hestar som ofte blir stukken mykje om sommaren
- hund i flått- og knottsesong: ha litt Panterbalsam i pelsen rundt nakken, eller på halsbandet, og småkrypa held meir avstand.
Og så er det nokon som har testa Panterbalsam på vondt og verk på dyr, med godt resultat.

Natalie: Kjøpte en pakke med tre produkt for å teste det ut, og jeg elsker dem!! Føles helt fantastisk ut på huden og var god på både store, små og pelskledde❤️
💚 Vil du vere med og dele dyrehistoria di?
Me veit at mange sit på små og store kvardagsaugeblikk med dyr og Vossabia – og dei historiane betyr meir enn du trur 🌿🐾
Når de deler, hjelper de andre å kjenne seg trygge på å bruke urte- og bivoksbasert naturpleie også til dyra sine.
Så om du har lyst, blir me skikkeleg glade om du vil dele litt 💚
✨ Fortel oss gjerne:
- kva dyr har du?
- kva Vossabiaprodukt brukar du på dyret ditt?
- har du eit bilete frå kvardagen – frå fjøs, tur eller sofakrok?
👉 Du kan svare direkte på post@vossabia.no
👉 eller dele bilete i sosiale medium og tagge oss @vossabia
|

🐶 Og neste veke…
Då blir det FULLT HUNDEFOKUS 💛
Endå fleire kundehistorier, konkrete urtetips til hundar, litt om tannhelse og urter – og ei hyggeleg overrasking når me introduserer ein ny ven av Vossabia.



