Vossabia-nyheit til hund: Pote & Pleie - Vossabia

Vossabia-nyheit til hund: Pote & Pleie

🐶💚 FULL VOFFABIA-FOKUS – TIL MENNESKETS BESTE VEN

I dag er det hundane som står i sentrum. Etter over 22 år med meldingar frå glade hundeeigarar, var det på tide å vie eit heilt nyheitsbrev til menneskets beste ven 🐾

Her får du trygge urtetips, ekte kundehistorier – og nokre skikkeleg fine overraskingar. 
 
For oss i Vossabia handlar helse alltid om heilskap: korleis kan me støtte kroppane våre – og dyra våre sine – med naturens kraft på den mest skånsomme måten?🌿

📌 I dette blogginnlegget får du:

🐟 Tips om 100% naturleg og norsk hundesnacks frå havet (med rabattkode!)
🐶 Tips om trygge urter og naturpleie til hund
🌿 Milde urtetips ved mageuro for hunden
🦷 Hunde-tannhelse + oppskrifter på heimelaga urtetannrens
✨ Bonus-tips for friske ledd og beroligande hunde-te

🐟 Men først, noko hundane blir heilt ville etter:

Me har eit kult samarbeid med Alfreds hundesnacks som no kjem Vossabiakundar til gode også! 💥 – dette vil du (eller hunden din!) ikkje gå glipp av.
 
Det er nokre skikkeleg kule og driftige karar i Tromsø som har klart å skape denne vilt populære hundesnacksen. Eg besøkte dei i fjor, og eg vart imponert over desse driftige, hundegale karane som brenn for å gje hundane supersunne, lokale og norske råvarebaserte godsaker. Og det har dei klart!!

Her på garden elskar me Alfreds av mange grunnar:

🇳🇴 Norskprodusert (Tromsø)
 
🐟 100% naturlege godbitar frå havet

🌊 Av villfanga sei frå Finnmark

✨ Human grade (kan etast av folk og)

❌ Null tull – berre rein sjømat

Hundane? Dei er faktisk heilt gale etter dei

Berre spør våre tilsette Hildegunn, Thale og Helga som har gitt til hundane sine!! 😅 Eller sjekk tilbakemeldingane dei får!
 
Og ja … Emil også då 😂 Det er så mykje protein i desse at han stakk av med nesten heile kassen som kom i posten. Og han elskar smaken!

👉 Som Vossabia-kunde får du 10 % rabatt hos Alfreds

Rabattkode: VOSSABIA10

Eg anbefaler varmt å melde seg på nyheitsbrevet deira også – skikkeleg fine folk med hjarte for hund, bærekraft og kvalitet 💙
 
(dette er ikkje betalt reklame, kun rein anbefaling frå fornøgde kundar)

Det er noko heilt eige med kor omsorgsfulle me blir når det kjem til dyra våre 🐶💛
Me les ingredienslister, vel med omhu – og vil gje dei det beste, både inni og utanpå.

Difor heng sunne godbitar 🐟 naturleg næring og trygg hudpleie mykje tettare saman enn mange tenkjer over.

Og det er kanskje nettopp difor så mange dyreeigarar brukar Vossabia på hundane sine òg 🌿🐝

Me får så mykje tilbakemeldingar frå glade kundar som brukar produkta våre på dyr – med god effekt. Det er til og med dyrebutikkar som sel Vossabia, blant anna vår gode forhandlar Acela Hund og Katt.

Og ja: det er – ikkje overraskande, dei store favorittane hjå folk, som er favorittar hjå dyr også: Ringblomstsalve, Kamillebalsam, Kuldekrem – og den milde urtesjampoen.

⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️
«Elsker disse produktene»
Har to hunder med kløe og flass, som har blitt veldig mye bedre med sjampoen herifra. Så ikke bare tobente som har nytte av disse
- Lone B.

Mange hundeeigarar er usikre på kva som er trygt å smøre ved:

  • sår og irritasjon
  • kløe og utslett
  • tørre poter
  • hudfolder, eksem og betennelse

Det forstår eg så godt. 
Difor er eg så takksam for alle de som har delt erfaringane dykkar gjennom åra – for dei viser at enkle, reine og velkjende urter ofte er det hundehuda toler best 💚

👉 🌼 To urter alle hundeeigarar bør kjenne 🐶

Det finst mange gode planter og urter for hund og andre dyr (sjå fleire tips lenger nede).
Men når me ser på kva som verkeleg fungerer for hundehud over tid, kjem me stadig tilbake til dei same, trygge urtene:

KAMILLE og RINGBLOMST 🌼

Dei er klassikarar i Vossabia-universet fordi dei er så allsidige, kraftfulle – og samstundes milde og godt tolererte, også av sensitive hundar.

Å ha desse i førstehjelpspakken til dyra er ei skikkeleg god investering i trygg naturpleie 🐾💚

🌼 Kamille – for ro, balanse og lindring

Kamille er mild, men kraftfull – og ein favoritt for sensitive hundar.
 
Kamille er:

  • lindrande
  • betennelsesdempande
  • beroligande
  • hudstyrkande

Difor blir kamille ofte brukt ved kløe, utslett, fuktige hudfolder, sår hud – og uro i kroppen.

Mange hundeeigarar brukar kamille som:

  • avkjølt te ved urolig mage eller generell uro
  • skyll eller kompress ved kløe og irritasjon
  • og ikkje minst: utvortes i form av vår effektive Kamillebalsam
⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️
Utslett i ører og lyske er nå helt borte. – Ingrid L
- Ingrid L.
⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️
Huden er myk og smidig igjen
- Kari S.
⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️
Beste potesalve jeg har brukt – kattemjuke poter
- Mona H.

 

🌼 Ringblomst – møt naturens super-sårhelar

Ringblomst, også kalla calendula, er kjend for sine mange eigenskapar, ein ekte universalplante. Men, det den er spesielt godt kjend for er rask sårheling.

Den er super ved blant anna:

  • sår og hudskadar
  • insektstikk
  • sprukken hud
  • irritasjon og eksem

Ringblomst støttar hudas eigen reparasjonsprosess, roer betennelse og beskyttar mot uønskt bakterievekst.
 
Ved væskande sår er ringblomst-te fin som rens. 
Når huda skal helast er Ringblomstsalve heilt fantastisk 🌼 Og eg fekk til og med ny kunnskap frå ein kunde forrige dagen som viser at Ringblomstsalve ikkje berre fungerer supert for såre brystvorter på ammande menneskemødre:

 

⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️
Jeg brukte ringblomstsalve på hunden min da hun hadde valper og fikk såre bryst. Det fungerte fint.
- Snefrid

 

🐑 Lanolin – kjem frå sauen, men perfekt for andre dyr og!

Lanolin er sauen sitt eige vern mot vêr og vind 🐑
Det får meg alltid til å tenke på farmora mi og sauene hennar 💛 Eg var med ho på fjellet så mange gonger – ho kalla på sauene, og dei kom springande frå haugar og bakkar og kom tett inntil oss. Kjensla av barnehendene mine djupt inni den varme ullen… og så mjuke hendene blei av den beskyttande lanolinen.
 
Lanolin er eit feittstoff som liknar hudens eige, og som difor trekker djupt inn og gjer jobben der huden treng det mest:

  • bind fukt
  • mjukgjer og vernar
  • støttar sår og sprukken hud
  • perfekt for dyr som er mykje ute i vêr og vind

Hjå hund (og andre dyr) blir lanolin ofte brukt ved:

  • sprukne poteputer
  • tørr hud
  • harde hudparti utsett for trykk og liggesår på t.d. albogar
  • tørre, skjellande øyreflappar
  • sår og irritert hud bak (analområdet)

Difor er lanolin ein viktig ingrediens i fleire Vossabiaprodukt– og no også i vår heilt nye pote- og hudsalve 👇

Pote & Pleie er blitt til etter år med tilbakemeldingar frå folk som har brukt Ringblomstsalve, Kamillebalsam og Kuldekrem på dyr – med svært gode erfaringar.

Mange har spurt etter ein eigen salve for dyr, og vår nye Pote & Pleie er laga for å støtte hudens eigen reparasjon, når dyrehuden er tørr, sår eller i ubalanse.
Dette er ei salve me trur mange dyreeigarar vil ha stor glede av i kvardagen då me har fokusert på å:

🐾 samle dei tryggaste, mest velprøvde urtene

 🐾 kombinere dei med lanolin, sheasmør og bivoks for ekstra beskyttelse mot salt, kulde, fukt og bakteriar

🐾 gir ro til hud som treng tid til å reparere seg

🐾 lage ei salve som er rein, rik og kompromisslaus
 
🐾 ingen eteriske oljer! Så då er den 100% trygg for pus også 🐈

Resultatet er ei skikkeleg luksus dyresalve – utvikla for dyr, og knalldeilig på folk òg.
 
Send oss gjerne melding om kva du og hunden din synes – eg har prøvd å tenke på alt for å gje dyrehuda den beste, mest gjennomtenkte naturpleia 💚

Sjekk oss ut på Instagram! Her har me laga ein «Din tur-story». Når du trykker på den kan du legge ut ditt eige bilete og vise korleis du brukar Vossabia på dyret ditt 😻

ℹ️ Ekstratips: Når magen kranglar – milde urteråd

Kamille: avkjølt kamillete, litt i maten/vatnet ved uro eller urolig mage

Fennikel: mild te av frø (avkjølt) ved luft og oppblåst mage

Peppermynte: finhakka fersk mynte eller svak te ved kramper
⚠️ ikkje eterisk olje

Ingefær: ein liten klype i maten ved kvalme/rumling
(unngå ved blødningsproblem/operasjon)

Persille: finhakka over maten – kan støtte tarmmiljø og frisk pust

🦷 Tannhelse – ein viktig del av heilskapleg hundehelse

Når me først er inne på heilskapleg hundehelse, er dette eit område som er lett å gløyme, men som betyr utruleg mykje over tid 👇
 
🦷 Dårleg munnhygiene kan påverke resten av kroppen for hundar slik det også kan for menneske.

Eg brenn litt ekstra for dette då eg var gift inn i ein fin tannlegefamilie i Bergen – Barman-familien - der bestefaren til ungane mine, Emil og Ylva, Dr. Rolf Barman, utvikla både Dr. Barmans tannkost til folk OG tannbørste til hund.
 
Onkel Ole Barman tok vidare ideen med hundetannbørsten og har i mange år drive Petosan, som produserer fabelaktig gode hundetannbørster i Bergen.

Om du er glad i enkle, naturlege løysingar, kan du lage mykje sjølv – også til hunden 🐶🌿 Her er to milde oppskrifter mange brukar som supplement til tannpuss:

Tips til heimelaga urtetannrens til hunden:

Ingrediensar:

  • 1 ss ferske persilleblad
  • 1 ts ferske mynteblad
  • 1 kopp varmt vatn

Finhakk urtene, hell over nykokt vatn og trekk i 20 min.
Sil og kjøl ned. Bruk som skyll når du pussar tennene på hunden.

Lag din eigen hundetannkrem med kokos- og gurkemeie

Ingrediensar:

  • 2 ss kokosolje
  • 1 ts gurkemeiepulver

Bland til paste. Legg eit tynt lag på tannbørste eller finger.
Børst skånsamt tennene og masser også langs tannkjøttet for å forebygge og redusere betennelse.

💚 Når du vil gjere litt ekstra for voffsen

🐾 Pleie av ledd og kropp med kraft!

Kokar du kraft til familien av kylling- eller storfebein du og? Gje litt avkjølt kraft til voffsen også – supert for ledd og så er det stappfullt av viktige næringsstoff som styrkar den generelle helsa.

🌿 Uroleg eller engsteleg hund? Prøv å gje beroligande urtete:

  • 1 ts kamille (tørka)
  • 1 ts sitronmelisse
  • 1 ts lavendel
  • 1 kopp varmt vatn

Trekk i 10 min, sil og kjøl ned.

Gje i små mengder om gongen av desse beroligande urtene.

 

💚 Takk for at du tek så godt vare på voffsen din. 

 

Renate

Beste helsing,
Renate i Vossabia 🐝