Febril mamma med dobbel hue for å varme vonde bihuler i skibakken 😅 Fint å stå og sjå minstemann øve seg på ski, medan eg planla honningremedier til meg sjølv ⛷️🍯 Forrige helg stod eg på Kikut, ikkje på ski som planlagt, men som ein snørrete støttespelar på sidelinja medan ungane herja i bakken. Bihulene verka, kroppen protesterte, men hovudet var i full sving med å planleggje neste runde med urter, honning og krydder for å nedkjempe utysket som hadde sneke seg inn i systemet mitt. Og då slo det meg: Dette må eg jo dele! Panterbalsam med sine 4 kraftfulle urter ✔️ Smør under nasen ved lett tett nase
Forkjølingssår på lepper er også ganske vanleg, og veldig ubehageleg. Også der tyr mange til Panterbalsam for effektiv hjelp, men også vår gode Ringblomstsalve og Leppepomadane Mynte - og Lavendellepper er gode hjelparar ved slike utbrot. Honning - gourmet og medisin! Her frå sesongens slynging av eigen honning frå garden 🍯 Kva kan man elles gjere frå kjøkkenbenken for å hjelpe seg sjølv og sine når sesongens virus herjer? Honning i ulike kombinasjonar er det fyrste eg set i gang med når eg eller andre i familien treng litt naturens magi mot forkjøling, feber og bihulebetennelse.
Honning i kombinasjon med kvitløk, løk, krydder og urter kan gjere underverk 🧄🧅🍯
Sjekk nokre av mine favorittar:
🍯 🧄 Honning og kvitløk – Super ved luftvegsplager og bihulebetennelse – har tatt knekken på bihulebetennelsen som ødela skihelga mi no.
- Hakk 4-5 kvitløksfedd - Ha i eit glas honning (gjerne mørk lynghonning) - La trekke nokre timar og et 1 ts fleire gonger dagleg Honning med kvitløk!
🍯 🌱 Honning med rosenrot – Energi & immunforsvar på glas
Dette er ein av mine absolutte favorittar! 🌱 Botaniker Rolv Hjelmstad kallar rosenrot for Norges mest medisinske plante – og det vil eg tru han har rett i. Den styrkjer energi, immunforsvar, hjelper mot stress og er heilt fantastisk for både hår og hud. Difor finn du den også i våre Hårserum og den magiske
Slik lagar du rosenrothonning: - 1 glas honning - 3-4 ts finhakka rå rosenrot 👉 Bland godt og et direkte eller rør ut i te. P.S. Rosenrot er også super å lage tinktur av – det er ein av dei viktigaste urtene i vårt «medisinskap»! Rosenrot er og knall for hår og hud – og difor finn du den også i våre Hårserum og i den magiske Mjuke Hender med rose og rosenrot. Honning med rosenrot 💖 🍯 🔥 Fire Honey
Lag din eigen urte-te 🍵 Du kan variere urtene for ulike smaksopplevingar – og for å tilpasse teen til dine behov! 💡 Mine favorittkombinasjonar: ✔️ Ved slim og tett nase: Ryllik + ringblom ✔️ Ved feber og forkjøling: Ryllik + peppermynte + svarthyll ✔️ Ved sår hals: Lag dine eigne kombinasjonar av nevnte urter og ingefær + honning Eg tørkar store mengder urter gjennom sesongen, slik at eg har til både Vossabiaprodukt, mat, te og tinkturar heile året. Tinktur (uttrekk i alkohol) er ein enkel måte å bevare og bruke urtene på – eg har alltid tinktur av ryllik, ringblom, brennesle, rosenrot og rødkløver klar! Nedanfor vil eg gå litt meir inn på nokre planter som gjerne kan bli dine bestevener om vinteren og ved sesongplager som forkjøling ofte er: Ringblom – hudens OG immunforsvarets beste venn! 🌿 ✨ Ringblom (calendula) er som ei skikkeleg kraftkvinne i planteverda og ein av dei mest allsidige urtene eg veit om. Ho er ikkje berre vakker i hagen, men også gull verdt for kroppen, også når du bryggar på noko og treng litt vinteromsorg 🌼
Kvifor bruke ringblom?
💪 Sterkt antimikrobielt middel – førebyggjer og behandlar infeksjonar, styrkjer immunforsvaret og hjelper kroppen med å forsvare seg mot uønskte inntrengjarar. 🦠 Eit av dei beste breispektra naturlege infeksjonsmidla – effektiv mot både bakteriar, virus og sopp. 💧Styrkjer lymfesystemet – lindrar hovne lymfekjertlar, kusma og halsbetennelse. 🌱 Eit sjeldan funn i planteverda – ringblom er både antibakteriell, antiviral, soppdrepande OG immunstimulerande! Ringblom-te – enkelt, kraftfullt og godt! Og perfekt ved forkjøling og influensa!
🍵 Oppskrift: 1–2 ts tørka ringblomblad 1–2 koppar varmt vatn La trekke i 10 minutt. Eg brukar ofte eit vanleg sylteglas med lok for å halde på den helsebringande dampen. 👉 Drikk 3–4 koppar dagleg for å støtte immunforsvaret og gje kroppen ekstra pleie. 💦 Bonus: Som mange har opplevd så er ringblom heilt magisk på huden, og vår populære bestselgar Ringblomstsalve er verkeleg vår UniversalDronning! Suveren og ved forkjølingssår på og over lepper og under nasen. Men, lagar du deg ringblom-te for å førebygge eller lindre forkjøling og feber, så vit at den er ikkje berre bra innvortes, men også ein fantastisk hudpleiar! Bruk teen som ein kjølande kompress på irritert hud eller over trøytte auge. Naturens eigen vidundermedisin! Så om du vil styrke immunforsvaret, hjelpe lymfesystemet eller gi huda litt ekstra kjærleik – la ringblomen bli din nye bestevenn. 🌼🧡 Den har vore min bestis i 21 år! ❤️🔥 Solhatt (Echinacea) – urfolksmedisin og immunforsvarets superhelt! 🌿 ✨ Eg dyrkar solhatt på garden, men når eg treng akutt hjelp til immunforsvaret, kjøper eg som regel rød solhatt frå helsekostbutikk. Du kan også finne tørka økologisk rød solhatt til te hos krydra.no. Endå betre: Så din eigen fleirårige medisinplante og ha ein immunstyrkjande skatt i hagen i årevis! Kvifor bruke solhatt? Korleis bruke solhatt? Sjekk den vakre gule Solhatten i Vossabiahagen 🌼
Svarthyll – ei kraftpakke for immunforsvaret og luftvegane
Svarthyll er ein annan superplante mot influensa og forkjøling, og om du ikkje har planten i hagen kan du kjøpe gode svarthyllprodukt. Studier av svarthyll viser svært gode resultat på raskare betring ved muskelvondt, feber og andre plager ved influensa. Blomane – antivirale, slimløysande, betennelsesdempande, febernedsetjande, og svettedrivande. Bæra – antivirale, betennelsesdempande, svettedrivande, vanndrivande og eit mildt, styrkjande avføringsmiddel. Gir eit kraftig immunboost! Kvifor bruke svarthyll? ✔️ Fantastisk støtte ved feber ✔️ Ei glimrande urt for immunforsvaret ✔️ Ein sterk alliert ved forkjøling og influensa – særleg effektiv ved feber ✔️ Blomane – Lindrar rennande nase ✔️ Blomane – Godt slimløysande middel ved hoste, astma og bronkitt ✔️ Blomane – Hjelper ved infeksjonar i luftvegane Svarthyll kan nytast på utallige måtar – alltid med stor lækjande kraft! 🌿 Svarthyllblomar – tinktur, te, eller sprudlande helsebringande drikkar 🍇 Svarthyllbær – tinktur, sirup, oppskrifter med bær
Ja, vinteren treng altså ikkje bety at du må vere konstant snufsete og sliten.
Med desse naturlege remediene kan du både førebygge, lindre og kanskje til og med unngå å bli skikkeleg sjuk. Så fyll opp urtehylla, ha Panterbalsam lett tilgjengeleg, og gjer deg klar til å møte vinteren med full kraft! 💚🌿❄️ Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia |