🌘 Solsnu – Ro, ritual og plantanes stille kraft
21. desember snur sola. Me står i dei lengste og mørkaste nettene – ei tid som inviterer oss til ro, ettertanke og å komme heim til oss sjølve før lyset vender tilbake.
Eg fekk ein tekst som rører ved akkurat dette:
|
Når eg les dette, landar noko i meg. Mørket blir ei invitasjon til å sakke farten – noko eg kjenner på etter ein hektisk haust. Solsnuminner oss om håp, syklusar og at lyset alltid kjem igjen💜.
🌑 Mørket som næring – og den stille magien i dei små rituala
Det er ikkje alltid me treng å gå i skogen eller tenne eit stort bål for å kjenne kontakt med naturen. Nokre gonger skjer den djupaste forbindelsen i det heilt enkle:
✨ når du smører noko på brystet og kjenner plantane sine hjarteslag
✨ når du pustar inn dufta av ein urt som har vore med mennesket i tusenvis av år
✨ når du let kroppen falle til ro fordi du minnast at du er natur
Nettopp difor har eg lyst å dele mine eigne små vinterritual med deg – og kva dei gjer med meg. Kanskje dei kan bli dine og?

🌼 Kamillebalsam – Den lille, beroligande kjempen
Dette er ikkje berre ein salve. Ho er ei søster, ei støtte, eit lite alterlys i kvardagen.
Kamillebalsam er skapt for langt meir enn kløe, utslett, tørr hud, eksem og psoriasis. Ho er ein beroligande plantevenn, ei trygg havn du kan lene deg inn mot når mørket krev at me kviler.
Nedanfor kan du sjå nokon litt andre måtar eg brukar Kamillebalsam på, enn det som me fyrst tenker på med denne mjuke, grøne skatten.

✨ Morgonritual — “Nær jorda, nær meg sjølv”
Start dagen med å ta litt Kamillebalsam i hendene og gni dei lett saman før du løfter handflatene til nasen. Lukk augene og pust inn den varme, søte dufta av kamille.
Smør deretter roleg over hals, brystkasse, diafragma og mage, og kjenn korleis kroppen landar, litt etter litt.
Eg elskar å starte dagen slik. Det er som om naturen sjølv seier:
“Her er eg. Eg støttar deg i dag også.”
“Her er eg. Eg støttar deg i dag også.”
✨ Kveldsritual — “Mjuk overgang til søvn”
Set deg på sengekanten med litt Kamillebalsam i hendene og pust inn den samme gode dufta som møtte deg om morgonen. Kjenn korleis dagen slepper taket. Smør føtene sakte, gjerne litt ekstra på hælane, over vrista og kvar tå, og la hendene gli vidare over anklane med lange, mjuke strøk.
Legg merke til korleis pusten blir djupare, roen breier seg, og takknemligheita får plass før natta kjem.

Kamille er ikkje berre mjuk og mild – ho er ein av våre sterkaste søvnplanter, som ei herbalistkollega så fint kallar:
Chamomile – Your midnight guardian.
Det er blant anna på grunn av Apigenin, det naturlige plante-stoffet i kamille som virkar som eit mildt, men effektivt sedativ, altså beroligande middel. Ein klinisk gjennomgang frå 2024 viste redusert nattleg oppvåkning med kamille.
Eg brukar Kamillebalsam mykje som nattkrem no framover, fordi ho kan hjelpe meg til å sove betre og djupare gjennom natta utan fleire oppvåkningar som typisk kjem i hektiske tider. Smør gjerne brystkasse også for ekstra ro.
|
🌼 Kamillebalsam + Ringblomstsalve med Lavendel — Nattkremblandinga for indre ro
Når eg treng ekstra støtte i mørketida (og det gjer eg ofte!) lagar eg min eigen lille blanding i handa:
• litt Kamillebalsam
• litt Ringblomstsalve med Lavendel
Det blir eit lite kveldseliksir – nærande, fuktgjevande og uendeleg roande.
Lavendel frå hagen vår sprer ein fantastisk aroma.Lavendel er ein av dei mest forskningsstøtta plantane for søvn, og den lilla og deilig duftande blomen er også viktig ved uro.
Fleire kliniske studiar viser at lavendel eterisk olje betrar søvnkvalitet, roer angst og forlengar djupsøvn, og Linalool – superstoffet i lavendel – senkar nervetrykket og gir kroppen signal om at den trygt kan falle til ro.

🌿 Kroppsbalsam – Ville vekster som roar, jordar og førebur kroppen på søvn
Det er mykje kamille i den fantastiske, smidige Kroppsbalsamogså. Ho er heilt magisk når eg treng å lande – ei mjuk, varm avslutning på kvelden når eg står på badet. Her får eg plantemedisin, stretching, pust, jording og ro på ein gong.
Kroppsbalsam inneheld ein heil bukett av dei ville vekstane me haustar her på garden:
ryllik, rødkløver og perikum.
Perikumplukking til Kroppsbalsam💚Saman med kamilleolje skapar dei ein beroligande symfoni:
💚 Perikum – søvnfremmande, trøystande og mjukgjerande for nervesystemet
💚 Kamille – avspennande og innbydande inn i natta
💚 Rødkløver – sirkulasjonsfremmande og balanserande
💚 Ryllik – jordande, varm og avstressande
Eg brukar Kroppsbalsam på ein heilt spesiell måte om kvelden – og kanskje du vil prøve det og?
Du blir mjuk som ein pusekatt med Kroppsbalsam ✨ Legg- ritualet mitt – så kroppen finn ro, og sinnet følger etter
Når eg er ferdig med kveldsstellet, tek eg ein liten klatt Kroppsbalsam i handa og gjer slik:
Eg bøyer meg fram og let overkroppen henge tungt over låra og leggane, til hendene når nederst på anklane.
I denne posisjonen – der rygg, bekken, hofter og baksida av låra får strekke seg –
smører eg leggane inn med Kroppsbalsam, frå anklane og opp til knea.
smører eg leggane inn med Kroppsbalsam, frå anklane og opp til knea.
Eg masserer med langsame, gode strøk medan eg heng der. Kroppen slepper litt, og litt til, for kvart strøk.
Så reiser eg meg langsamt – og kjennest klar for senga. Eg tek med meg perikum, kamille, rødkløver og ryllik vidare inn i natta.
Eg merkar varmen og roen breie seg i beina – og vidare opp i resten av kroppen.
Mange brukar Kroppsbalsam i kvardagen for tørr hud, massasje, krampar i leggane og muskelspenningar –
men i vintermørket er ho like mykje ein søvnvenn som ein hudvenn.
men i vintermørket er ho like mykje ein søvnvenn som ein hudvenn.
Prøv gjerne du òg å kombinere Kamillebalsam og Kroppsbalsam i kveldsrituala dine 💚
|
🔥 Panterbalsam — Stimulerande morgonrituale
På dagtid vekslar eg mellom Kamillebalsam og Panterbalsam, alt etter kva eg treng.
Når eg kjenner at kroppen treng løft, sirkulasjon og klarheit – då er det Panterbalsam sin tur.
Panterbalsam er og superfin å ha med i badstova!✨ Morgonens oppvåkningsrituale:
Om morgonen, etter å ha massert inn Tindved & Nesle i ansiktet, tek eg litt Panterbalsam i hendene og pustar inn den friske, kraftfulle dufta av urtene fleire gonger. Deretter smører eg eit tynt lag i panna og over bryna før eg masserer brystkasse og mage.
Det er som om kroppen opnar seg i møte med desse plantene; ein liten dagleg påminning om at eg er natur, og at eg kan starte dagen med klarheit, sirkulasjon og eit lite løft frå urtekreftene.
Dette er jordkontakt for meg.
Ei påminning om at kroppen min er natur, og at plantene faktisk endrar energien min – på ekte. Dette er stress-smelting. Og kanskje du kjenner det same?
|
❤️🔥 Sensuell og Essensiell Sensuell – Ritual for mørke, lys og samanheng
I overgangen mellom mørke og lys, mellom Solsnu og dei dagane lyset sakte kjem tilbake, ligg det noko nesten hellig i å vende seg mot sensualiteten. Sensuell og Essensiell Sensuell er skapt for intimitet – både med deg sjølv og med ein partner – men dei handlar om langt meir enn det fysiske. Dei inviterer til tilknyting, til emosjonelt nærvær, til jordkontakt og livskraft.
Når eg brukar desse produkta, kjenner eg korleis hjartet mjuknar og energien får eit lite glimt av gnist i vintermørket; ei påminning om sansane våre, om kroppen, om kjærleik, og om det som bind oss saman – både med kvarandre og med jorda.

🌙 Urter for djupare søvn – enkel oppskrift til vinternatta
Du kan lage ein liten “sovekveld” med urtete:
Søvnte som beroliger og beskyttar deg inn i ei god natt:
🌟 1 ts kamille
🌟 1 ts lavendel
🌟 Litt mjødurt eller sitronmelisse om du har
🌟Trekk i 10 min
Drikk før leggetid. Pust. La mørket få vere mørkt – og godt. Her kan du gjerne kombinere med Kamillebalsam på bryst og føter for maks effekt.

🌞 Solsnu – me går mot lysare dagar
Den 21. desember skjer det alltid noko i hjartet mitt. Det er som om kroppen veit det før resten av meg:
Lyset vender tilbake. Dagane lengtar etter å strekke seg. Noko nytt vil spire

La oss markere det saman.
Med ro, med varme, med plantene – og med små ritual me gjer for oss sjølve og dei me er glade i.
Med ro, med varme, med plantene – og med små ritual me gjer for oss sjølve og dei me er glade i.
Tusen takk for at du er ein del av Vossabia-universet. Eg håpar du kjenner deg inspirert til å finne dine eigne små winter magic moments.
Og kanskje finne nye måtar å bruke dei mangfaldige og deilige produkta våre på.

Vil du dele dine eigne ritual? Kanskje lærer me nokon nye bruksområde av våre eigne produkt? 💚🐝
Svar gjerne på e-posten – eg elskar å høyre frå dykk.
Ei lys og varm Solsnu til deg, frå hjarta og frå plantene 🌞🌿
Svar gjerne på e-posten – eg elskar å høyre frå dykk.
Ei lys og varm Solsnu til deg, frå hjarta og frå plantene 🌞🌿
Helsing frå Renate 💛Dronningbia 🐝 i Vossabia

