Tindved – i mitt oransje hjarte!! 🧡

Tindved – i mitt oransje hjarte!! 🧡

For ein herleg knalloransje kraftsak tindved er! Til og med forskarar brukar store ord om denne planten, berre sjekk overskriften på eit studie frå nokre få år tilbake: OVERFLOD AV AKTIVE INGREDIENSAR I TINDVEDOLJE!

Og det er nettopp det! Det er faktisk OVERFLOD av superinnhald i desse bærene, og dei har så mange fordelar for huden og kroppen at no MÅ tindved få sitt heilt eige fokus her! 🤩

Her smører me oss dagleg inn med superpopulære Tindved og Nesle som gir så smidig, mjuk, næra hud, og best av alt: EIN HEILT FANTASTISK GLØD! ✨ Og så mindre linjer og kviser og sånt då.
tindved og nesle in production and final product🟠 Tindved er ein busk/lite tre som veks vilt i Norge kun rundt Trondheimsfjorden og litt nordover. Men, heldigvis er det nokre få som har begynt å dyrke tindved i Norge, slik dei har gjort i Asia, og spesielt Kina og Russland lenge.
I Kina er tindved så populært i hudpleieprodukt at går du inn i ein kinesisk helsekost så finn du rundt 200 ulike tindvedprodukt for huden. Det blir også kalla Himalayas hellige frukt. Men, her til lands er dette superbæret ikkje så kjent enno, men det har eg altså tenkt å gjere noko med! For makan!! 🙌🧡 Makan til kraftbombe av vitaminer, fettsyrer og antioksidanter! Og makan til glød i huden etter bruk av vår populære Tindved og Nesle, skal du leite lenge etter!
 
👉 Visste du at du kjem langt med lite? Pump ut eitt pump i handa di, fordel i hender, deretter i ansikt og hals. Nyt næring og smidig hud, og gled deg over gløden! 💫
 
tindved og nesleEg brukar økologisk tindvedolje OG tindvedtinktur som eg lagar av bær frå Vik i Sogn og Lærdal. Tenk å ha slike superdyrkarar i min nærleik. LUKSUS! 🥰
harvesting tindved og nesle
Dei leverer og tindved som gourmetmat til flotte restauranter som sjølvsagt har kunnskap om plantens kulinariske kraft også 🧑‍🍳 Favorittkaka mi, som eg blir mo i knærne av å både sjå på og ete er Tindvedterte på Sirkus Renå i Stavanger. Eg anbefaler sterkt å nyte den der, saman med ein god kopp kaffe ☕️
Men, no skal ikkje eg begynne å sikle etter den kaka 🤤 men konsentrere meg om å dele meir om tindved som superkraft til hud og kropp!
 
 
Tindved og sol 🌞
Det er ikkje noko nytt at tindved trer fram med sin overflod av næring! I Russland brukte dei tindved til kosmonautane sine frå 1940-talet og framover. Tindvedjus var ein del av kosthaldet pga det store næringsinnhaldet, og det vart laga tindvedkrem til huden deira for å beskytte kosmonautane mot kraftig stråling frå sola ☀️
 
Tindved har god effekt mot stråleskader frå sol og anna stråling, og er perfekt å bruke i for eksempel solprodukt som solkrem og after-sun. Samansettinga av tindved gjer den spesielt egna til å førebygge solskader på huden og til å hjelpe med å reparere hud som alt er skada av sola. Me har difor sjølvsagt tindved i Vossabia Solkrem, og det er difor den er litt guloransje og gylden. Her er det naturlegvis berre dei aller beste ingrediensar for solbeskyttelse, og deriblant tindved. 🌟 Skikkeleg luksussolkrem, spør du meg!
  
Jonatan og eg nyt begge god beskyttelse og pleie med solkrem med tindvedJonatan og eg nyt begge god beskyttelse og pleie med solkrem med tindved 😎 Solkremen er superdryg i bruk, pump ut ein strek og smør godt.
   
 
Tindved er svært næringsrik og beskyttande ⚔️
Denne oransje kraftbomba! 🧡 Eg berre elsker den, og blir heilt nerdete og gira når eg tenker på alt det fantastiske næringsinnhaldet som er i desse oransje bæra. Tindved er rik på vitamin A, C, K, og E, samt mineral som jern, kalsium, magnesium, kalium, kopar, og sink. Tindved inneheld også sunne feittsyrer, fytosteroler, og antioksidantar som saman vernar og fornyar huda 🧬
 
Tindvedolje er spesielt rik på palmitoleinsyre, som liknar på vårt eige hudfeitt, og omega 7, som bidrar til mjuk og fuktig hud. Den er også ei god kjelde til linolsyre (LA), ei omega-6 feittsyre som hjelper mot akne og psoriasis, og støttar generelt god hudevne 🤩
 
Klar for lang liste av supre eigenskapar? Jess! Tindvedolje har mange fantastiske eigenskapar! Den er antibakteriell, aukar blodsirkulasjonen, og hjelper mot eksem, psoriasis, og heling av skada hud 🧡 Tindved er kjent for å redusere linjer, rynker, akne, pigmentforstyrringar, tørr hud, og irritert hud 🙌 Og tilbakemeldingar me får på Tindved og Nesle støtter oppunder dette 😉
  
Tindved for kroppen elles, kjapt oppsummert 
Tindved er altså ein allsidig og supergunstig plante med mange positive eigenskaper, og me ser fram til endå meir forsking på superbæret:
· Hjertehelse: Kan redusere blodtrykk, forbetre kolesterolnivåer og beskytte mot blodpropp 🫀
· Diabetes: Kan forbetre insulinsekresjon, insulinfølsomhet og blodsukkernivå, noko som kan beskytte mot type 2 diabetes.
· Infeksjonsbekjempelse: Rik på flavonoider og antioksidanter som kan hjelpe kroppen med infeksjoner.
· Leverfunksjon: Kan støtte leverens funksjon.
· Kreftbeskyttelse: Inneheld planteforbindelsar som kan beskytte mot kreft 👏
· Overgangsalder: Kan lindre symptom på overgangsalder ved å redusere vaginal tørrhet.
· Tørre auge: Kan redusere tørre auge, raudheit og svie.
· Hårpleie: Kan fjerne overflødig olje/fett frå hår og hodebunn og reparere skada hår.
 
 
🧡 Tindved er utan tvil ein kraftfull ingrediens med mange helsefordeler, både for huden, hjartet, lever, immunsystemet, og mykje anna. Men korleis bruke den utanom å smøre seg med Tindved og Nesle og supersolkrem med tindved?
 
Jo, lag syltetøy og gele 🫙, saft og jus 🥤, saus og sirup 🍯, i sorbet og iskrem 🍦, kaker og kompotter 🥮. Eller kva med ein smoothie 🍹, slik som denne eg laga til min gode gjeng her:
· 2-3 dl frosne tindvedbær
· 1 pose frosen mango
· 1 egg
· 2 ss proteinpulver med vanilje
· 3 koppar med øko upasteurisert melk, eller øko hirsemelk eller havremelk
· Liten handfull mynteblad
Sjekk oss då! ✨ Glødande vakre med Tindved og Nesle i fjeset og tindvedsmoothie i kroppen! 
 
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia