Søvnmangel. Stress. Super-hovne auge 🥱

Søvnmangel. Stress. Super-hovne auge 🥱

Det vart oppskriften på ein god idé! 😅
For 18 år sidan var eg høggravid, trøtt og desperat etter noko som kunne redda ansiktet og dei HOVNE AUGENE mine om morgonen.
 
Eg ville ha:
💚 Friskare blikk
💚 Mindre poser
💚 Næring til den tynne huda som avslører alt
💚 Ein salve som fekk meg til å sjå meir våken ut enn eg var 😉
Eg las alt eg kom over, miksa urter – og forelska meg i Solblom (arnika). Og ut av "heksegryta" kom jammen redninga – Augebalsam funka!

🌼 Frå 2007 til no – auger som ser, smilar og gløder

Då eg utvikla Augebalsam med magisk arnika i 2007, hadde eg nettopp fått Ylva 👩🍼 Lite søvn. Mørke ringer. Hovne auge. Livet altså! Men fy søren for ein god følgesven Augebalsam har vore! Ny stor test kom i 2019 då eg fekk Jonatan seks dagar før eg runda 45 – og som vekte meg så og seie kvar natt dei første 5 åra 😅

Likevel: ikkje meir hovne auge sidan 2007 🙌
Eg smører og huda smiler. Og eg kjenner på det kvar morgon: Denne augebalsamen er gull. Ikkje rart den er nominert til European Natural Beauty Awards 2025! 

augebalsam

harvesting tindved og nesle Det er vilt at det straks er 6 år mellom desse to bileta! No blir Jonatan skulegut, og han er alt god på planter og urter og er skikkeleg stolt av Vossabia 💚

augebalsam

🌼 Eg dyrkar solblom på garden for å kunne foredle og lage ekstrakt av eigenprodusert plante, men også for å vere med å halde liv i planten i Norge! Før var Solblom å finne mange stader som vill plante her i landet. No er den nesten utdøydd og kun litt å finne i den fantastiske floraen ved Bømlo og Karmøy, og kanskje nokre få andre stader. Mi oppmoding er difor å kjøpe økologiske arnikafrø frå solhatt.no, så og forkultiver inne, og så plante den i hagen du og! Ikkje spis eller drikk den (kan vere giftig innvortes), men nyt den og lag olje til utvortes bruk av den! 🥰

 I Augebalsam er arnikablomen ein viktig ingrediens, og no er altså årets innhausting av eigenprodusert arnika i gang, 🌼 sjå kor fine dei er!
Som alle Vossabia-produkt byrja Augebalsam med eit behov – og ei nysgjerrig nerdeglød 💛

👩🏫 Eg studerte urter, dykka i gamle lærebøker og moderne forsking, og sette saman ei oppskrift der kvar plante hadde ein plass og eit formål. Målet var å lindre hovne auge – men det stoppa ikkje der. For med ei kraftpakke av økologisk granatepleolje, næringsrik hamp, pleiande squalane og (elsk elsk!) den beskyttande bivoksen, har Augebalsam vist seg å bli ein ekte multikunstnar 🤩

Og det finaste? At så mange har funne sine eigne måtar å bruke den på. Ting eg sjølv ikkje eingong hadde tenkt på! 🤯
Her kjem eit lite knippe erfaringar frå dei som har gjort Augebalsam til ein fast følgesvein i kvardagen 💚👇

augebalsamTenk at eg utvikla Augebalsam når Ylva vart fødd i 2007, og no er ho snart 18 og ei nydeleg jente som sjølvsagt elskar Augebalsam ho og 💖

augebalsam Eg diggar at kundar tek naturprodukta våre i bruk med kreativitet og utfalding, for det er det urtene inspirerer og passar til. I 18 år har mange fortalt om gode resultat av denne lille grønne skatten som har mykje større effekt for mange enn eg hadde drøymt om 😍
 
Hovne auge var berre starten 👀
Kundar over heile landet har fortalt meg korleis Augebalsam hjelper mot:
Eksem, irritasjon og raud hud rundt augene

Pigmentflekkar, fine linjer og rynker

Tørr og sensitiv hud som ikkje toler noko anna

Og – ganske utruleg – til og med linjer mellom bryst som glatta seg ut etter tre veker med Augebalsam! (Ja, det skjedde faktisk – shoutout til Noha frå Kairo 💃)

Sjekk òg ut kor genial Augebalsam er til ting du ikkje skulle trudd, som smarte kundar har funne ut:
✨ Nattkrem
✨ Sminkefjernar
✨ Redning som fjernar barne-/klovnesminke (!), og
✨ På alt frå rennande auge til psoriasis, og til og med mørke ringer og pigmentflekker

Og det finaste? At så mange med sensitiv hud seier:
«Endeleg noko eg tåler på huda mi!» 💫

augebalsam


Vossabia handlar jo om heilskapleg helsetenking, bevisstheit og nærleik til naturen 🌱 og mine hudprodukt er difor totalt utan vatn og konserveringsmiddel - her er det råstoff frå biene 🐝 og nøye utvalde urter som gir god pleie og raske resultat. Eg berre elskar å kjenne den reine naturen på huden og aller mest gir det meg ro og trygghet å vite at eg tilfører hud og kropp kun nærande saker frå planter og bienes magiske verden 🥰💚

Augebalsam og Granateple🌿 Kva gjer Augebalsam så unik?
Det er ikkje berre solblomen som gjer underverk. Her er nøkkelingrediensane:
 
🔸 Granatepleolje – meget rik på antioksidantar, dokumentert effekt mot linjer og rynker
🔸 Squalane frå oliven – beskyttar og gir fukt, også for eksem og tørr hud
🔸 Hampfrøolje – anti-inflammatorisk, motverkar flassing og kløe i huden, styrkar hudbarrieren, super for intolerant hud
🔸 Bivoks – bevarer fukt, beskyttar godt og roar huda
🔸 0% vatn og 0% konserveringsmiddel – berre naturens kraft!

Pakketilbod med Augebalsam


Håpar du og får augene opp for Augebalsam, slik at den kan gje meir nytte og nytelse rundt omkring 🥰🙌